Kva har eg no mist ved å døy?

Oktober ved Pierce Ranch

Eg klatrar ned ei fjellkløft langs veggar som regnet har slite ned. Sjøsus. Det er fjøre sjø. Måker med skuggane på slep vandrar rundt mellom skjerf av tare på lange stivsinna bein; kroppane flyt som notar som aldri har vore skrivne ned.

Eg går ned dalen av sand med armane svingande, og eg kjenner meg oppglødd, klar til å hoppe opp i lufta, tygge sanden.

Men den andre i meg er ikkje oppglødd, men jublande, for han høyrer lydar som ikkje kjem frå blodet, reinare, djupare, villare.

Robert Bly

frå What have I ever lost by dying (1992), omdikta og utgjeve av Helge Torvund i Morgondikt (1999)

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *