Då vert det Paal-Helge Haugen att. Kvar vart du av, Paal-Helge? Eg skulle ynskje du sat på troppi på bui på Gjerde med eit nytt dikt kvar einaste, einaste ettermiddag.
Heilt sist i Dikt i samling 1965-1995 finn me bolken lause dikt, mellom anna «Seks dikt utan ordning». Nummer tre er slik:
3
midt i november
tyknar det i sørvest
himmelen, denne kjende gråblå
fargen som liknar oss
også i år
blir snøen svart
eller grå
også i år legg den seg ned
mot oss, omkring oss
og held oss på plass
den viser oss fargen sin
den murrar mot oss om morgonen
