Lærarfag for fall

Ikkje kan dei rekne og ikkje kan dei lese. Sjokkmeldingane om elendige norske lærarstudentar vil ingen ende ta. Kanskje er det då ikkje så underleg at mange tek til orde for ei løysing som glimrar som gull: høgare opptakskrav for lærarstudentar.

Men kva skjer når dette framlegget møter harde fakta? No er rammeplanen for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) på høyring. PPU inneber eitt år med lærarutdanning på toppen av ein universitets- eller høgskulegrad. Dette året kan ein ta etter ein 3-årig bachelor, for å bli adjunkt, eller etter ein 5-årig master, for å bli lektor. Mange adjunktar og lektorar jobbar i vidaregåande skule.

Kunnskapsdepartementet meiner opptakskravet til denne utdanninga må skjerpast. Ein skal ikkje lenger kome inn med berre bachelor; ein må ha master. Men i 2011 var det berre 450 av totalt 1851 uteksaminerte PPU-studentar i Noreg som hadde mastergrad. Går forslaget til Kristin Halvorsens departement igjennom, får ein berre utdanna ein fjerdedel av dagens PPU-studentar, og det i ein situasjon med stor lærarmangel på landsbasis. Noreg manglar no 2000 lærarar, ein mangel som vil auke med om lag 1000 i året fram til 2020.

Somme tek òg til orde for strengare karakterkrav for å kome inn på den vanlege grunnskulelærarutdanninga. Dagens minstekrav i matematikk og norsk er karakteren 3, men Høgre og Venstre meiner kravet må vere 4. Problemet er at få av dagens lærarstudentar har ein så god mattekarakter som 4 frå vidaregåande. Forslaget om 4 i basisfaga ville kanskje gjeve studentar som i snitt var flinkare, men det ville òg ha ført til langt, langt færre lærarstudentar og (dermed) lærarar.

Frå eit urbant perspektiv framstår nok ikkje nasjonal lærarmangel som noko krise, iallfall ikkje ved fyrste augnekast. Historia viser oss kven og kva for område som vert hardast råka av generelt lærarunderskot: Det er skulane som ligg lengst frå dei største utdanningsinstitusjonane som må fylle opp undervisningsstillingar med ukvalifiserte folk.

Om forslaga går igjennom, vil dessutan endå fleire skular kome til å liggje endå lenger frå lærarutdanningane. Svært mange lærarutdanningar vil nemleg bli nedlagde. Dei færraste høgskular har nok PPU-søkjarar med master til at ein kan forsvare å halde oppe tilbodet. Såleis vil dei ikkje lenger kunne utdanne lærarar for vidaregåande skule. På same vis vil dei færraste høgskular ha nok lærarskulesøkjarar med 4 i matte og norsk til at ein kan drive vidare. Dermed vil ein miste mange desentraliserte grunnskulelærarutdanningar også.

Distrikts-Noreg vert altså dobbelt råka om framlegga om skjerpa opptakskrav til lærarutdanninga går igjennom. For det fyrste vil dette føre til nasjonal lærarmangel, noko som igjen medfører fleire ufaglærte i skulane på bygdene, fordi dei kvalifiserte trekkjer til byane. For det andre vil slike opptakskrav føre til nedlegging av dei utdanningsinstitusjonane som til no har vore viktigast for å forsyne distriktskommunar med kvalifisert arbeidskraft. Resultatet er endå fleire ufaglærte inn i skulane.

Den gylne intensjonen med opptaksforslaga er å heve lærarkvaliteten. Den steingrå konsekvensen er ein dårlegare skule. Dersom strategien er å gje yrket høgare status, finst det klokare tiltak enn å gjere lærarkvalifikasjonar til eit knappheitsgode. Å fylle stadig fleire undervisningsstillingar med ufaglærte, vil svekkje den norske skulen. Ein dårlegare skule gjer slett ikkje læraryrket meir attraktivt. Også skuleleiarar, lærarar, elevar og foreldre i byar med store utdanningsinstitusjonar tener såleis på å gå imot auka opptakskrav til lærarutdanninga.

(Dagens laurdagsspalte i Nationen)

  1. Astrid Olsen’s avatar

    Du har gode poeng her! Ein får ikkje fagleg sterke lærarar til å springe til skulane, ved å auke opptakskrava. Det trur eg berre ein får ved mykje lågare undervisningsplikt og eit heilt anna
    lønsnivå enn vi har i dag.

  2. Endre’s avatar

    Vel, no er det mange rammeplanar som er ute på høyring. Eittårig PPU er ein av desse, lektorutdanningsrammeplanen ein annan plan.

    Så til saka. Eg er heilt usamd. Sjølv støttar eg fullt ut kravet om mastergrad for opptak til eittårig PPU. Eit slikt krav er i tråd med overordna ynskemål om at masterutdanning skal vere hovudmodellen for norsk lærarutdanning. Det bør gjelde alle lærarar, uavhengig av skuleslag.

    I denne samanhengen må ein òg ta omsyn til kva ein bachelor og ein master faktisk er i høve til dei gamle adjunktutdanningane og lektorutdanningane. Tidlegare med tre fag hadde ein adjunkt ei fagutdanning på t.d. mellomfag, mellomfag + grunnfag + førebuande 4,5 år før PPU. Det er eit halvt år mindre enn masterutdanning, men eitt og eit halvt år meir enn ei bachelorutdanning. Bachelorutdanninga på tre år kunne etter mitt syn ha vore nedlagd.

    Eit anna moment er at tradisjonelt har ikkje høgskulane gitt eittårig PPU. Ein byrja med det som ein del av utvidingspolitikken sin, men dette burde ikkje vere ei stor sak der. Høgskulane har elles grunnskulelærarutdanninga og førskulelærarutdanninga, og kan elles opprette lektorutdanningar. Mesteparten av masterkandidatane i nordisk ved universiteta vil t.d. kome frå lektorutdanningsprogram.

    Eit anna vesentleg poeng er at dette vil føre til at fleire må ta masterutdanning. Det er faktisk slik at òg ved universiteta er det eit fåtal av PPU-studentane f.eks. i norsk som har master generelt, og endå færre som har master i nordisk. Samtidig får dei fast jobb i vgs. Difor imponerer ikkje tala over manglande masterkandidatar på PPU meg – dei uroar meg.

  3. rypa’s avatar

    Endre, eg er heilt samd – i ei ideell verd. Men i den røynlege verda vil lærarmangel truleg vere eit stadig større problem. Det er det som er argumentet i teksten min, men det går du ikkje inn på. Kva meiner du bør gjerast for å sikre full dekning av faglærte lærarar i grunnskulen og den vidaregåande skulen dei neste tiåra?

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *