Bygdefeminisme for stemmerett

I går, 8. mars 2013, fekk eg lov å halde appell i Løa i Klokkargarden i Dale i regi av Litteraturmisjonen. Det var etter at me hadde sett Thea Stabell i Babettes gjestebud i Trudvang og deretter gått Steia, forbi Nikka Vonen-bautaen og ned til Jakob Sande-tunet. I dag er ein omarbeidd versjon av appellen kronikk i Firda. Teksten finn de under faksimilen.

 

Bygdefeminisme for stemmerett

Camilla Collett. Aasta Hansteen. Gina Krog. Cecilie Thoresen. Randi Blehr. Kristine Bonnevie. Dette er kvinner som vert framstilte som pionerar i kampen for den norske kvinnerøysteretten, som vi feirar 100-årsjubileum for i år. I 1913 var Noreg det fjerde landet i verda som innførte røysterett for kvinner.

Smak på namna: Collett, Hansteen, Krog, Blehr. Dette er ikkje akkurat norske småbrukarar og arbeidarar. Det er namna til den øvre middelklassen og til borgarskapets døtrer. Historiebøkene fortel oss då òg at det var dei ugifte borgarskaps- og middelklassekvinnene i dei største byane som dreiv kvinnerøysterettskampen dei tre-fire tiåra før 1913. Ugifte kvinner måtte ha inntekt, og dermed òg utdanning og jobb. Dei arbeidde gjerne som lærarar og guvernanter og betalte såleis skatt som menn. Likevel hadde dei ikkje røysterett ved politiske val, fordi dei var kvinner.

Den norske kvinnekampen byrja for alvor i 1870-åra. Det skuldast sjølvsagt storpolitiske hendingar, men òg den britiske filosofen John Stuart Mills bok Om kvinnenes undertrykkelse. Boka kom ut i 1869 og vart raskt ein viktig vegvisar for kvinnestemmerettsaktivistar i heile Europa. 1869 var òg det året Nikka Vonen starta jenteskulen sin i Dale. Det var ein skule for borgarskapsjenter frå heile landet, jenter frå den norske eliten. Mange av elevane herfrå vart sjølve kjende skulefolk, lærarinner og skribentar, og vart såleis med i den urbane kvinnerørsla som aktivistar for kvinnerøysterett rundt hundreårsskiftet.

Men kva med alle andre norske kvinner? Dei som ikkje heitte Hansteen og Bonnevie, men Myklebust og Brendehaug? Dei som ikkje budde på Frogner i Kristiania, men i småbygder i Sogn og Fjordane? Kva med våre formødrer, var dei ikkje med i kampen for røysterett?

Nei, dei var ikkje det, om ein skal ein tru norske historiebøker. Men så skal ein ikkje alltid tru på bøkene. Lat oss no sjå på Nikka Vonen i Dale. Ho starta ein jenteskule som var oppsiktsvekkjande i si tid. Skulen var sterkt inspirert av grundtvigianske opplæringsprinsipp, altså den same ideologien som den norske folkehøgskulerørsla var forma etter.  Det var òg ei rørsle som verkeleg kom i siget på Nikka Vonen si tid. 30-40 slike skular vart skipa frå midt på 1860-talet til midt på 1870-talet. Som skuleideologi er grundtvigianismen kanskje mest kjend for ‘det levande ordet’, og som kritikk av pugg og autoritetstru. Mindre kjent er det at dei grundtvigianske skulane gav jenter tilgjenge og dreiv fellesundervisning med gutar og jenter mykje tidlegare enn alle andre vidaregåande skuleslag i Noreg. Like viktig var det at desse skulane underviste jentene i meir enn dei typiske jentefaga: Dei fekk lære rekning, lesing, skriving, historie og geografi.

Folkehøgskulane låg på dei norske bygdene. Norske bygdejenter fekk altså alt frå 1860-talet sjansen til å gå på skular som gav dei allmenndanning og kunnskap. Nikka Vonen hadde sjølv gått på skule i Davik. Det var ikkje ein folkehøgskule, men han skal ha vore svært påverka av grundtvigianismen. Kanskje tok Nikka Vonen med seg eit kvinnepolitisk medvit herfrå. Ho gjorde iallfall mykje som var utypisk for kvinner i samtida: Ho var fjellklatrar, ho var mellom dei fyrste i landet som publiserte tekstar på nynorsk og ho hadde eit stort nettverk av norske intellektuelle – både menn og kvinner.

Den grundtvigianske skuletradisjonen som Nikka Vonen var ein del av, ser ut til å ha vore kjernen i ein bygdefeministisk tradisjon i norsk historie. Det er ein tradisjon som diverre er underkommunisert og underforska, men som likevel var heilt sentral for innføringa av kvinnestemmeretten i 1913. På ei rekkje stader i Noreg, særleg rundt folkehøgskulane, men òg i andre bygder, vart det etablert sterke miljø og organisasjonar av bygdekvinner som kjempa for kvinnerøysterett rundt hundreårsskiftet. Desse miljøa hadde mykje å seie for opprettinga av Landskvinnestemmerettsforeningen (LKSF) i 1898, som var ein utbrytarorganisasjon frå Kvinnestemmerettsforeningen. Sistnemnde hadde lenge vore kritisert for å berre vere oppteken av urbane middelklassekvinner sin situasjon. Til slutt sprakk han.

Den nye organisasjonen bygde seg raskt opp til ei stor samanslutning av kvinner frå heile landet. Den største bragda til LKSF var i 1905, rett før den nasjonale folkerøystinga om oppløysing av unionen med Sverige. Unionsoppløysing var det brennande spørsmålet mellom alle på den tida, men kvinner fekk ikkje vere med på å røyste over saka. Dermed sette LKSF i gang ei storstila innsamling av kvinneunderskrifter mot union. På berre tre veker vart det samla inn nærare 300 000 kvinneunderskrifter frå heile landet – og det om sommaren, i slåtten, i eit tid med sein postgang og dårleg infrastruktur.

Norske kvinner over heile landet hadde vist dei unionskritiske venstrepolitikarane at dei tok politisk ansvar. «Kvinnenes folkeavstemming», som ho vart kalla, vart dermed det sterkaste argumentet for allmenn kvinnerøysterett etter 1905. Denne røystinga kom i stand fordi kvinnesak var vorte til bygdekvinnesak, og årets hundreårsjubileum kjem såleis som resultat av ei bygdefeministisk rørsle som hadde vakse seg sterk kring 1905. Det er altså ikkje berre røysterettskampen til kvinnene i det urbane borgarskapet vi feirar i dag, det er òg kampen til våre tidlegare sambygdingar i Fjordane og i Sogn.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *