Sognamorgon

Festivalen Bygdalarm har hatt tevling om beste Joni Mitchell-omdikting og jamen vann eg ikkje! Eg har omsett og omdikta Mitchell sin newyorkske «Chelsea Morning» til jostedalske «Sognamorgon». Les om det her hjå NRK Sogn og Fjordane og her hjå Bygdalarm.

Min versjon av songen ligg til venstre nedanfor, Joni Mitchell sin original til høgre. Det er mykje som kan seiast om Mitchells finurlege rimmønster, bokstavrim og rytmikk, og det skal eg gjere ein annan gong.

Sognamorgon

Stod opp
det var ein sognamorgon,
og det fyrste eg vart vâr
var ein tone utfor glaset,
der i lufti still og klar
kom han ringlande
frå storbreen,
frå gjøl og over rindar 
Woke up
it was a Chelsea morning, 

and the first thing that I heard
Was a song outside my window, 
and the traffic wrote the words
It came a-reeling up
like Christmas bells,

and rapping up like pipes and drums
Å kan du bli
Lat dagen vår gli
Natti kjem med austavindar

Stod opp
det var ein sognamorgon,
og det fyrste som eg såg
var ei sol nett bak gardina,
og ein regnboge som låg
over bleik tapet
med fargespel,
purpur, koboltblått og sitrus

Å kan du bli
Lat dagen vår gli
Kvart sekund er sol og sirkus

Og gardina opnar seg
og gjev eit dagsportrett:
I kvar bjørkekrull
er grøne rom
Ein jonsokblom
Ein sommar som
ventar på å bli sett

Oh, won’t you stay
We’ll put on the day
And we’ll wear it «till the night comes

Woke up
it was a Chelsea morning, 
and the first thing that I saw 
Was the sun through yellow curtains,
and a rainbow on the wall
Blue, red, green and gold
to welcome you,
crimson crystal beads to beckon

Oh, won’t you stay
We’ll put on the day
There’s a sun show every second

Now the curtain opens on
a portrait of today
And the streets are paved
with passersby
And pigeons fly
And papers lie
Waiting to blow away

Stod opp
det var ein sognamorgon,
og det fyrste eg forsto
var at hellekaker venta,
og espresso heit som glo
Eplesyltety
og rømme skein
i gull med morgonsoli

Å kan du bli
Lat dagen vår gli
Me skal bruka verb i notid

Når gardina dreg seg att
og regnbogen forsvinn
skal eg gje deg ljos om det er natt
og dagen att
og sommar att
om du kan vera min
Fine guten, kan du
stå opp i ein sognamorgon?

Woke up
it was a Chelsea morning, 
and the first thing that I knew
There was milk and toast and honey 
and a bowl of oranges, too
And the sun poured in
like butterscotch 
and stuck to all my senses

Oh, won’t you stay
We’ll put on the day
And we’ll talk in present tenses

When the curtain closes and
the rainbow runs away
I will bring you incense owls by night
By candlelight
By jewel-light
If only you will stay
Pretty baby, won’t you
Wake up, it’s a Chelsea morning

 

Songen ser elles finare ut sett opp på denne måten:

Stod opp, det var ein sognamorgon,
og det fyrste eg vart vâr
var ein tone utfor glaset,
der i lufti still og klar
kom han ringlande frå storbreen,
frå gjøl og over rindar

Å kan du bli
Lat dagen vår gli
Natti kjem med austavindar

Stod opp, det var ein sognamorgon,
og det fyrste som eg såg
var ei sol nett bak gardina,
og ein regnboge som låg
over bleik tapet med fargespel,
purpur, koboltblått og sitrus

Å kan du bli
Lat dagen vår gli
Kvart sekund er sol og sirkus

Og gardina opnar seg og gjev eit dagsportrett:
I kvar bjørkekrull er grøne rom
Ein jonsokblom
Ein sommar som
ventar på å bli sett

Stod opp, det var ein sognamorgon,
og det fyrste eg forsto
var at hellekaker venta, og espresso heit som glo
Eplesyltety og rømme skein
i gull med morgonsoli

Å kan du bli
Lat dagen vår gli
Me skal bruka verb i notid

Når gardina dreg seg att og regnbogen forsvinn
skal eg gje deg ljos om det er natt
og dagen att
og sommar att
om du kan vera min
Fine guten, kan du
stå opp i ein sognamorgon?

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *