Haust over helga

Helge Torvund igjen, om stor dramatikk og liten kvardag:

Det luktar våt hund og oktoberasfalt
Han dreg pusten og kjenner det
heilt ned i tærne: Haust
over helga og der:

Hennar kåpefarge
under gatelykta
to-tre andre jenter òg
Han går forbi

Han går på ein annan motor
Hovudet er jo unaturleg stort
Han har eit kjempestort hovud
som må balanserast varsamt

på den tynne kroppen
Han må halda
giganthovudet, gråsteinhovudet
naturleg nå

Sjå halvt framover
men òg i hennar retning
og smila med desse sementleppene
dersom

og Ja! Ja!!
Ho ser på han
Han blir tyngre, ei varm funksjonshemming
Vart det eit smil?

Tankane veks ut av han
medan hovudet minkar
der han går
Minkar til han

trur det må verta heilt borte
bak den kalde, glimtande
tanngarden i glidelåsen
på jakka

(Bare eitt spørsmål til, 1997)

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *