Meir velskapte enn det kan seiast

I morgon skal eg snakke om Vesaas til studentane mine. Dermed har eg lese Steinar Gimnes si Angen av vår stutte tid – ein studie i Tarjei Vesaas forfattarskap i påska. God bok! Fin tittel!

I samband med dette: Her kjem marsdiktet, post mars, grunna påske.

Gjennom nakne greiner

Dei nakne mars-greinene
ståt tett inn til glaset.
Dei er ved å sige inn
i mars-mørkret.
Men enno er dei mjuke og synlege,
meir velskapte enn det kan seiast.

Før dei blir borte
er det enno tid å tenke på
kva dei har tydd for ein,
og kva dei stadig er.
Ein tenker liksom at ein
alltid har sett slitt liv gjennom
mjuke, nakne greiner,
og grove greiner med tjukk bork.
Samanfiltring av luft og liv
og alt som strøymer.

Det stille greinverket vert dimmare
kvar gong eg ser opp.
Det kviler i vennleg skyming.
Eg synest det slår ut inni meg
fordi eg alltid har vori glad i det.
Borte i natta blir det ikkje,
ein har det med seg i sin eigen svevn
og legg seg trygt.
Om ein så ikkje skal slå auga opp att i morgon.
Det tenker ein ikkje på.

(Tarjei Vesaas, frå Liv ved straumen, 1970)

Sjekk Gimnes s. 252ff for nydeleg tolking.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *