Vert ein glupare av å kunne nynorsk og bokmål?

Har ein kognitive fordelar av å nytte to norske skriftspråk? Korleis kan det i så fall provast? Dette er spørsmål som skal drøftast på seminaret Kognitive effektar av norsk toskriftspråklegheit – metodar og funn i Sogndal 25. og 26. februar.

At fleirspråklegheit kan gje kognitive og lingvistiske fordelar, er dokumentert i ei rad forskingsarbeid. Om dette òg gjeld personar som er toskriftspråklege med nynorsk og bokmål, er dei siste åra undersøkt av mellom andre Øystein Vangsnes ved Universitetet i Tromsø og Mila Vulchanova ved NTNU.

No arrangerer Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen eit ope seminar for å kritisk diskutere metodar og funn i desse forskingsarbeida. Hit kjem Vulchanova og Vangsnes med kollega Göran Söderlund for å leggje fram arbeida sine. Dei skal kommenterast av språkvitarane Lars Anders Kulbrandstad ved Høgskolen i Hedmark, Tove Bull ved Universitetet i Tromsø og av psykologane Andrea Bender og Sieghard Beller ved Universitetet i Bergen.

Seminaret er ope for absolutt alle! Det går føre seg på Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. Melde seg på, kan ein gjere her: https://www.hisf.no/nn/kognitive-effektar-av-norsk-toskriftspr%C3%A5klegheit#.VqQJ3aPkOZN

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *