Høgskulen i Sogn og Fjordane styrt frå Bergen

I dag er innlegget nedanfor på trykk i Sogn Avis. Det er underskrive av fleire HiSF-kollegaer og meg: Roger Hestholm og Inger Johanne Solheim på samfunnsfag, Eli Heiberg og Ingvild Austad på ingeniør- og naturfag, Frode Haara og meg på lærarutdanninga.

 

Høgskulen i Sogn og Fjordane styrt frå Bergen

Ein fusjon med Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund inneber ikkje fagleg kvalitetsheving, og fusjonsforhandlingar minkar handlingsrommet for HiSF i tida som kjem. Avgjerda bør ikkje takast på grunnlag av ei sjekkliste med kriterium frå departementet.

I starten av februar skal styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane avgjere om ein skal gå i fusjonsforhandlingar med Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/ Haugesund. Her bør styret lande på eit nei til slike forhandlingar. Grunnen er ikkje at dette er dårlege utdanningsinstitusjonar. Men dei er heller ikkje betre enn HiSF, sjølv om ein nyttar dei snevre og formalistiske  kriteria som departementet legg til grunn. HiSF bør halde fram med å samarbeide med desse institusjonane, som dei gjer med andre institusjonar der det er tenleg. Men ein fusjon med desse er ikkje rett for HiSF. Endå mindre er ein fusjon tenleg for fylket Sogn og Fjordane.

Uunngåeleg fusjonstilråding

Grunnlaget for avgjerda i februar er i hovudsak to dokument. Det eine er den eksterne rapporten frå NIFU i Oslo, som greier ut føresetnadene ved dei ulike institusjonane for fusjon og kva for moglegheiter som kan liggje i ei ny stor eining. Rapporten konkluderer med at fordelane med fusjon er marginalt større enn ulempene, men, som dei skriv: «Det er likevel ikke tvil om at Kunnskapsdepartementets politikk og rammebetingelser legger føringer for hva som må vurderes som fordeler og ulemper i denne sammenheng.» (s. 104). Med andre ord: Gode faglege grunngjevingar for samanslåingar er det vanskeleg å finne, men politikken til regjeringa gjer det uråd for utgreiarane å tilrå noko anna enn fusjon. Sjølvsagt er det legitimt at ei regjering driv politikk, men det er viktig at folk er klar over at dette framleis er ein politisk styrt prosess, at vi framleis er inne i eit politisk spel. Som vi har sett frå fleire andre saker veit vi at stikkord for regjeringas politikk er standardisering og sentralisering. Presset mot høgskulen har vart ved lenge, og utmatting og mismot har moglegvis breidd seg mellom folk. Ei feiloppfatning om at «gode faglege vurderingar» tilseier fusjon, medverkar tvillaust til ei slik haldning av kapitulasjon.

NIFU- forskarane har hatt eit par månader på arbeidet sitt, og resultatet er deretter. Dei har samvitsfullt gått gjennom statistikken og målt og vege dei tre høgskulane i høve regjeringa sine krav. Større perspektiv finst ikkje her.

Sjekklistevurdering med viktige blindsoner

Det andre dokumentet er ei utgreiing som framleis er under arbeid internt ved HiSF. Også her rettar ein særskilt merksemda mot dei 12 kvalitetskriteria som regjeringa vil måle høgare utdanningsinstitusjonar opp mot. Det er også lagt til eigendefinerte kriterium. Til saman blir desse sakene gjenstand for ein risikoanalyse, som både tilsette og leiing ved HiSF skal vurdere.

Både NIFU- rapporten og den interne utgreiinga er naudsynte og viktige dokument, som sjølvsagt bør telje med i vurderingane for eller mot fusjon. Likevel er det ein fare for at vi i desse vurderingane gløymer dei politiske, kulturelle og samfunnsmessige sidene ved denne saka. Det er ein fare for å sjå seg blind på ei fragmentert liste av kriterium som endar med plussar eller minusar på botnlinja. Er sjansen større for å få fleire doktorgradsutdanningar ved ein fusjon? Ein administrasjon som gir betre tenester ved søknadar til EU? Fleire eller færre studentar? Fleire førstekompetente tilsette? Aukar byråkratiet? Osb. Men bør summen av svar på slike spørsmål avgjere om HiSF skal bli det som i realiteten er eit underbruk av ein profesjonshøgskule med sete i Bergen? At styringa blir Bergens- basert er det ingen tvil om. NIFU- rapporten framhevar det som ein stor fordel at HiB er så dominerande mellom desse tre institusjonane: Bergen er den sjølvsagte lokaliseringa av leiing og administrasjon. At dette er så sjølvinnlysande vil hindre lokaliseringskranglar, skriv utgreiarane.

Sogn og Fjordane utan eiga høgare utdanning

Den viktige risikoanalysen er dermed denne: Aukar sjansen for at Sogn og Fjordane sine interesser, utviklingsbehov og utdanningsomsyn blir meir ivareteke av eit rektorat og styre i Bergen? Aukar kunnskapen om næringsliv, natur, språk og historie i fylket? Blir Sogn og Fjordane ein meir interessant stad å opphalde seg, med eit vengeklypt – nei, eit avvikla HiSF?

Sjølvsagt er det ulemper ved å gå i mot den storleiksmanien som no rir norsk høgare utdanning.  Regjeringa vil garantert halde fram med å gjere det vanskeleg for høgskular som er ulydige. Men vi har heller ikkje gode grunnar for å tru at ein fusjon med høgskulane i Bergen og Stord/ Haugesund vil styrke verken høgare utdanning eller samfunn i Sogn og Fjordane. Direktørar og konsulentar vil få gylne tider, reiseutgifter eksplodere, utdanningar lagde om eller ned. Og makta over utdanning og forsking i Sogn og Fjordane har flytta til Kronstad.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *