Jul i grendi

Adventsreprise frå 2009. Litt fordi Odd Nordstoga nett har gjeve ut ny plate med gamle låtar, mellom anna denne (men her med Ingebjørg Bratland), mest fordi rektor Reinertsen har bede om han.

**

Det er stas med Jul i Svingen som adventsserie. Jamvel om me her i heimen har sett episodane på dvd vår, sommar, haust og vinter. Livet i Svingen viser godt og truverdig at ungar ikkje må ha førti kompisar i akkurat same alder for å kunne ha eit rikt og spanande liv. Og så viser det at vaksne er viktige.

Kjetil Indregard har skrive teksten til Odd Nordstogas melodi Jul i Svingen. Nordstoga kunne sikkert ha omsett denne til nynorsk langt betre enn eg har gjort, men no har han no ikkje gjort det, då. Då lyt ein ta skeia i eiga hand. Denne versjonen er frå plata til Nordstoga og Sissel Kyrkjebø, han er noko forbetra frå originalen på Jul i Svingen-plata. Fyrst Indregards på bokmål, så min på nynorsk.

Jul i Svingen

Stille senker natten seg, over deg og over meg.
Snøen faller, alt er hvitt, se så vakkert alt er blitt.
Snart er julen her på ny, i hver bygd og i hver by.

Se nå daler snøen hvit. Julen, se den kommer hit,
til vår by og til vår grend, der vi sammen nå igjen
tenner gran og julelykt. Alt er godt og alt er trygt.

La la la la la

Nissen kommer hit, å se! Gaver har han også med,
en til far og en til mor, en til alle barn på jord.
Engler svever høyt i sky, over hav og land og by.

Jorden snurrer rundt seg selv, lys blir mørke, dag blir kveld.
Rekk meg hånda kjære venn, la ditt øye gli igjen.
Her står vi, et vennskapsbånd, varmen går fra hånd til hånd.

Jul i grendi

Stilt og lett legg natti seg, over deg og over meg.
Snøen fell og alt er kvitt. Sjå så fagert alt er blitt!
Snart er juli her på ny, i kvar bygd og i kvar by.

Sjå no dalar snøen kvit. Juli, sjå ho kjem heilt hit,
til vår by og til vår grend, der me saman no igjen
tenner gran og julelykt. Alt er godt og alt er trygt.

La la la la la

Nissen kjem til oss, å sjå! Gåver skal me også få.
Ei til far og ei til mor, ei til alle born på jord.
Englar svevar høgt i sky, over breen, bygd og by.

Jordi snurrar rundt seg sjølv, dag vert natt for kvar jostedøl.
Gje meg håndi kjære ven, lat no auga gli igjen.
Her står me, eit venskapsband. Varmen går frå hand til hand.

Her står me, eit venskapsband. Varmen går fra hand til hand.

La la la la la

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *