«Kritiske Syn og Segn-lesere frykter den nye redaktøren vil bidra til enda mer sosialkonservativ høyretenkning på nynorsk,» fortel ein ingress i dagens Mårrabla. Eg er ein av desse lesarane.
Snart startar eg det nynorske ålmenntidsskiftet Grøn og Raud, med undertittelen «Dritkjedeleg frå sentrum av venstre». Programartikkelen i den fyrste utgåva skal den høgaktuelle nynorskintellektuelle Åslaug Haga skrive. Han skal ta opp at det er elitistisk å bruke bokmål ettersom dei fleste masteroppgåver i Noreg vert skrivne på dette mølfåret. Dessutan må han slå fast at me ganske snart kjem til å sjå ei raskt veksande motkulturrørsle mot dårleg syntaks, dårleg design og dårleg løn. Både redaktøren og artikkelforfattaren kjenner mange som er opptekne av dette.
1 comment
Comments feed for this article
Trackback link: http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=3578