Blå og brøyt i Syn og Segn?

«Kritiske Syn og Segn-lesere frykter den nye redaktøren vil bidra til enda mer sosialkonservativ høyretenkning på nynorsk,» fortel ein ingress i dagens Mårrabla. Eg er ein av desse lesarane.

Snart startar eg det nynorske ålmenntidsskiftet Grøn og Raud, med undertittelen «Dritkjedeleg frå sentrum av venstre». Programartikkelen i den fyrste utgåva skal den høgaktuelle nynorskintellektuelle Åslaug Haga skrive. Han skal ta opp at det er elitistisk å bruke bokmål ettersom dei fleste masteroppgåver i Noreg vert skrivne på dette mølfåret. Dessutan må han slå fast at me ganske snart kjem til å sjå ei raskt veksande motkulturrørsle mot dårleg syntaks, dårleg design og dårleg løn. Både redaktøren og artikkelforfattaren kjenner mange som er opptekne av dette.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *