Bort, bort frå dette

Eg trur denne diktsamlinga til Oddmund Hagen handlar om tida då kona til diktaren var svært kreftsjuk. Om tida frå då dei trudde ho skulle døy til då dei skjønte ho ville overleve. Den fyrste strofa i samlinga er slik

Og tanken stansar ved ein kveld i mars
mens håpet enda sit på huk og snakkar
lågt med det som ventar, roleg og forstandig
som til ei søster eg har fått i hus.
Og 12 timar før narkosen har eg ringgt deg
for å trøste og du seier det går bra og du
seier eg må helse og utan å ha sagt det
har vi sagt farvel og vi veit at det er
seint for slike scenar og alt vi ønsker er
å komme bort frå dette, bort, bort frå dette.

Oddmund Hagen: Bort, bort frå dette (1994)

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *