Fylkesbyggjaren NRK Sogn og Fjordane?

Denne veka har eg vore i Førde og halde innleiing til rådet i NRK Sogn og Fjordane. Her er kva eg sa:

Problemstillinga eg er beden om å drøfte, er slik: I etterkant av jubileet til NRK Sogn og Fjordane, var det mange som framheva at institusjonen er ei fylkesdekkjande og på mange vis ei samlande kraft. Er det korrekt? Kva tenkjer eg om det? Kva tenkjer eg om NRK si rolle i fylket?

Dette spørsmålet handlar altså både om kva for institusjon NRK Sogn og Fjordane er, kan eller bør vere, men òg: Kva for fylke Sogn og Fjordane er. Det er eit spørsmål som handlar om NRK sin samfunnsfunksjon, og i denne samanhengen er det altså rolla til NRK i forhold til eininga Sogn og Fjordane. Så er det sikkert mange som meiner at det er revnande likegyldig om NRK Sogn og Fjordane samlar eller splittar fylket, fordi institusjonen sitt samfunnsoppdrag fyrst og fremst er å drive kritisk journalistikk, samlande eller ei. Det er ei forståeleg innvending, men nett no held eg meg til den problemstillinga eg fekk. Så er det eit moment til diskusjonen vidare om kor vidt dette er ei interessant problemstilling.

Det er ingen tvil om at NRK Sogn og Fjordane har vore ei samlande kraft for fylket. Mange i Indre Sogn som er fødde før 1970 fortel at då dei var ungar og unge, var Sogn og Fjordane fyrst og fremst ei avis. Og det var det jo, ho gjekk inn i 1992. For desse vart fylket Sogn og Fjordane ikkje eit fenomen, eit omgrep, før NRK Sogn og Fjordane kom på lufta i 1979. Men dei legg til at dette sjølvsagt ikkje kan sjåast uavhengig av at det på denne tida skjer to viktige ting til på fylkesfronten: 1) Direkte val til fylkestinget, og 2) fylkeskommunen får ei eiga leiing, skild frå staten ved fylkesmannen. Ein får eit auka fylkeskommunalt sjølvstyre, fylket vert meir uavhengig av kommunane og meir uavhengig av staten. På same tid får ein utbygging av vidaregåande skular, Sentralsjukehuset (ferdig 1979) og etableringa av Distriktshøgskulen i 1975. Det er umogleg å sjå NRK Sogn og Fjordane si fylkessamlande, eller rettare, fylkesbyggjande rolle lausrive frå dette biletet.

I historiefaget brukar ein gjerne ordet nasjonsbygging for å karakterisere prosessane som skal styrke eit førestilt nasjonsfellesskap, for å styrke lojaliteten til dei institusjonane som spring ut or gruppa. NRK Sogn og Fjordane si rolle i bygginga og forminga av fylket tilsvarer NRK si rolle i bygginga og forminga av nasjonen Noreg. Berre at NRK Sogn og Fjordane truleg har vore viktigare for fylkesforminga enn kva NRK har vore for nasjonsbygginga – både på grunn av skorten på konkurrerande kultur- og medieinstitusjonar, men mest fordi fylket er ei langt veikare identitetseining enn nasjonen. Såleis er det nok rett å slå fast fylgjande: Slik NRK deler lagnad med den norske nasjonen og nasjonalstaten, slik deler NRK Sogn og Fjordane lagnad med fylket, og fylket sine institusjonar. Og i det ein har slått fast at det eksisterer eit lagnadsfellesskap, vert sjølvsagt det interessante spørsmålet: Kva skjer med NRK Sogn og Fjordane når desse andre fylkesinstitusjonane vert bygde ned eller får mindre å seie?

Det er eit spørsmål eg skal kome attende til.

Men fyrst: Er det altså institusjonane våre, som NRK Sogn og Fjordane, som konstituerer oss som fylke? Har me ikkje meir sams? Lat oss dra samanlikninga til den norske nasjonsbygginga att: Dei fleste historikarar vil vere samde i at det ikkje ville ha vore nokon norsk stat utan at det fanst nokre særskilte norske interesser som trong den staten, interesser som ikkje kan tenkjast utan ei eller anna fellesskapskjensle. Kva med Sogn og Fjordane? Finst det nokre slike sognogfjordanske interesser som er felles for fylket?

Fellesnemnaren for fylkesbygginga på syttitalet kan oppsummerast i omgrep som motvekt, motmakt og motkompetanse mot sentrale institusjonar. Mot Oslo. Om lag dei same argumenta som dei som ynskjer å byggje ein vestlandsregion nyttar i dag: Lat oss konsolidere vestlandet mot hovudstaden. Ein viktig ting som har bygt Sogn og Fjordane as we know it er altså denne kampen mot sentralmakta. Der har det vore ein interessefellesskap som har fungert samlande. Den interessefellesskapen vil truleg vere der sjølv om me går inn i ein landsdelsregion – då vil det jo vere snakk om overstyring frå Bergen kontra eit slags sjølvstyre.

Helseføretaka er glimrande døme. Dei er organiserte etter ein vestlandsregionstanke, der grensa mellom dei lokale føretaka dels fylgjer fylkesgrensene, dels ikkje. Her utgjer Helse Førde eit openbert interessefellesskap mot dei andre delane av Helse Vest i ressurskampen. Det er vel relativt ukontroversielt å påstå at ei nedlegging av Helse Førde, til dømes der Nordfjord går til Helse Midt-Norge og resten går til Helse Bergen, samla sett vil vere ei svekking av interessene til innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Påstanden min er altså at innbyggjarar og institusjonar i Sogn og Fjordane ligg langt frå maktsenteret, uansett kva som er det maktsenteret (Bergen eller Oslo). (Kanskje bortsett frå Gulen, men det er irrelevant i denne samanhengen.) Her har folk i Sogn og Fjordane, uansett om ein held seg i Førde eller i Jostedalen, ei sams interesse. Erkjenninga av at me uansett er utkant og at denne utkantplasseringa har noko å seie politisk.

Men at vi har noko sams inneber sjølvsagt ikkje at alt er sams. Naturlegvis finst det interessemotsetnader i fylket, og naturlegvis vil desse motsetnadene òg kome til uttrykk som geografiske motsetnader, som dei gjer alle andre stader i verda. I eit fylke vil det vere interessekamp mellom område, på same måte som det i ein stat vil vere kamp mellom landsdelar. Heile vestlandsregiontanken er jo legitimert av landsdelsinteresser, landsdelskamp.

Korleis er det då NRK Sogn og Fjordane stiller seg i høve til desse to typane interessefellesskap eller interessekampar, som me litt forenkla kan kalle dei eksterne og dei interne interessefellesskapane?

Det eg meiner eg ser, er at NRK Sogn og Fjordane gjev interessekampane internt i fylket brei dekning, kvar dag, på kostnad av interessemotsetnaden som fylkesinnbyggjarane måtte ha til maktsentrum – og det litt merkelege er: Sjølv om interessekampane internt får brei dekning, vert desse i tillegg ofte definerte eller dekte som fjollete. Jamfør korleis omgrepet fogderistrid har vorte eit normativt skjellsord i staden for ein del av deskriptiv analyse.

Til det har eg to kommentarar. Den fyrste handlar om dei interne interessemotsetnadene.

Eg synest NRK Sogn og Fjordane skal ta fogderistridane på alvor, og sjå historisk, analytisk og heilt usentimentalt på dei. Når fogderistriden er sterkare i Sogn og Fjordane enn i til dømes Hordaland eller Rogaland, er det sjølvsagt ikkje fordi fjogningar er fødde spesielt kranglevorne eller spesielt hatefullt innstilt til naboen, men det er fordi Bergen og Stavanger er så sterke i høve til resten av fylka sine at dei i praksis dikterer den politiske utviklinga.

Politisk kamp vil alltid finnast når det er snakk om fordeling av midlar, og som vi veit: Den som har maktposisjonen, vil alltid vere den som er mest interessert i å tone ned interne motsetnader. Den geografiske eller politiske makta vert ikkje borte om fogderistridane forsvinn, då vil derimot sentripetalkrafta rå åleine. Slik som det altså er i Hordaland og Rogaland i mykje større grad enn i Sogn og Fjordane.

Eg skulle nok ynskje at NRK Sogn og Fjordane tok interessestridar litt meir på alvor. Ta striden om Badelandet i Luster. Ytringane i og temperaturen i badelandebatten vart vinklinga, medan dei sjølvstendige analysane av dei økonomiske konsekvensane av saka var mindre viktige – kva interesser dei ulike alternativa representerte. Etter mitt syn handla motpartane sine hovudinteresser i denne saka om: Forholdet til Sogndal og kommunesamanslåing, og kanskje Sogndals forhold til resten av Sogn. Forskyving av det politisk-geografiske tyngdepunktet i kommunen. Nedbygging, og særleg skulenedlegging, i småbygdene i kommunen. Eg synest ikkje desse interessene vart særleg tydeleg presenterte av NRK Sogn og Fjordane. Men det var likevel ei sak som NRK Sogn og Fjordane nytta ganske store ressursar på – gjennom til dømes direkteoverføring av kommunestyremøtet om badelandet på nett. Dette siste er eg sjølv takksam for, men det understrekar likevel poenget mitt: NRK Sogn og Fjordane nærma seg mikrofonstativfunksjonen i denne saka, eller for kanskje å ta hardare i: NRK Sogn og Fjordane vart ei lesarbrevspalte på lufta, rett og slett ein blogg, på grunn av mangelen på sjølvstendige analysar av interessene til motpartane. Badelandstriden vart dekt som ein fotballkamp, eit kampreferat (og det passar kanskje bra i fotballfylket Sogn og Fjordane).

Men dersom NRK Sogn og Fjordane mange nok gonger dekkjer strid for striden sin del, og ikkje for å avdekkje interessene som løyner seg bak striden, ja då byggjer NRK Sogn og Fjordane verkeleg Sogn og Fjordane til eit annleisfylke, til nabokrangelens fylke. Men ein bygdestrid som den om badelandet og ein fogderistrid som den om sjukehusa er både heilt u-annleise og heilt ukuriøse og bør dekkjast som det dei er: uttrykk for ulike politiske interesser med historiske årsaker.

I slekt med dekninga av badelandstriden er dekninga av Tall Ships’ Races – kanskje er Tall Ships’ Races-dekninga storebror til badelanddekninga. Der synest eg òg at eg ser ei slik dyrking av striden i seg sjølv – som mest av alt då vert dyrking av den tragedia dette er for både Vågsøy og mange menneske i Vågsøy. Me har høyrt om Tall Ships’ Races-katastrofen i NRK Sogn og Fjordane i godt over eit år no. Ein ting er at eg ikkje lenger ser nyhendeverdien – iallfall ikkje fram til denne veka, då høyringane byrja – ein anna er at eg det siste halve året ikkje har klart å sjå politiske mønster eller interesser i TSR-sakene, ikkje ut frå dekninga til NRK, iallfall. Mest av alt har eg sett kuriositeten Vågsøy.

Igjen: NRK Sogn og Fjordane må fyrst og fremst forstå interessemotsetnader, og ikkje gjere reelle motsetnader om til eit spørsmål om gamaldagse bygdekonfliktar og at folk synest at andre folk er dumme. Og etter mitt syn hadde institusjonen stått seg på å ikkje gjere kuriøse kommunale og personlege tabbar til noko som skal ha folkeopplysningsverdi i åresvis etter at det har hendt.

Så til punkt to, om dei eksterne interessemotsetnadene.

NRK Sogn og Fjordane er veldig flinke til å plukke opp nyhende frå storpolitikken som får konsekvensar for fylket, flinke til å stille spørsmålet: ”Kva betyr dette for DEG?” etter til dømes statsbudsjett og stortingsval. Men eg ynskjer meg nok eit skarpare fokus på det ein litt lettvint kan kalle nasjonale struktursaker i høve til Sogn og Fjordane. No har det nett vore køyrt store saker i Klassekampen og Nationen om den nasjonale landbrukspolitikken sine konsekvensar for vestlandslandbruket, der saka er at landbruksarealet og produksjonsvolumet held seg, kongeriket sett under eitt, men at dei tala løyner ei sterk vriding frå beitebruk til kylling og gris som vert fora med importert kraftfôr. Eg er kanskje urettvis no, men dette synest altså eg er viktigare for Sogn og Fjordane-ålmenta enn nok ein runde med Tall Ships’ Races og TandeP.

Og så vil eg gjerne få nemne at desse større, strukturelle sakene krev gode journalistiske analysar. Det er krevjande, og det er avgrensa kva institusjonen har kompetanse til, noko som er ei ærleg sak. Det er jo då ein må knytte til seg kjennarar og forskarar, som kan kommentere spesifikke felt. Det finst sterke kompetansemiljø i fylket på energi, landbruk, fylkeshistorie, helse, det finst miljø nett utanfor fylket, til dømes på Sunnmøre i høve til kommunal organisering og det finst sjølvsagt endå mykje meir i Bergen – òg på det som er viktige spørsmål for Sogn og Fjordane. Ein treng ikkje alltid bruke allroundarar som Frank Aarebrot på alt frå landbrukspolitikk til sjukehussak.

Dessutan er utanriksdekkinga noko oslosentrert – det kunne gjerne vore større fokus på andre fylke om det skjer noko der som har overføringsverdi til den politiske utviklinga i fylket vårt. Strid om utbyggingssaker og statkraft, om sjukehus og vindkraft finst mange andre stader i Noreg. Når det dukkar opp saker her i fylket, er det ikkje berre reaksjonar i eller frå Oslo som burde vere interessant, men òg jamføringar med liknande fenomen andre stader i landet. Kanskje Sogn og Fjordane har ein interessefellesskap med andre distriktsfylke?

Dersom no dette er interessant for NRK Sogn og Fjordane. Eg trur kanskje at det burde vere det – for, om ein vil det eller ikkje: Utkantfylkemediabedrifta NRK Sogn og Fjordane deler lagnad med utkantfylket Sogn og Fjordane. Dersom NRK Sogn og Fjordane lyfter Sogn og Fjordanes reelle interesser, lyfter NRK Sogn og Fjordane seg sjølv. Om fylket som institusjon og fellesskap vert bygt ned og eller får mindre å seie, forsvinn NRK Sogn og Fjordane. Den dagen folk spør seg om vitsen med fylkesting eller fylkesmann eller ein valkrins som heiter Sogn og Fjordane, den dagen er grunnlaget for NRK Sogn og Fjordane borte.

  1. Bente Øien Hauge’s avatar

    Veldig, veldig bra – denne blir høytlesning i kveld.

  2. Rune Mikal Hetle’s avatar

    Med dette var utruleg bra. Du har mange med deg i tankane og refleksjonane dine. Dei praktiske døma er glitrande!

    Det er mange som tenkjer som deg om emnet, du har likevel vore flinkare enn «oss andre» til å setje ord på dette.

  3. rypa’s avatar

    Bente og Rune, tusen takk!

  4. Oddvar Flæte’s avatar

    Svært god analyse som eg trur er viktig å få på dagsorden. Eg har nok ei meir positiv oppleving enn deg av NRK Sogn og Fjordane som ein god bidragsytar for fylket, men eg er samd i at det er andre og meir grunnleggjande problemstillingar for fylket vårt som burda ha vore fremja.

    Men det krev både innsiktsfulle journalistar og vår eiga evne til å setje slike saker på dagsorden.

    Her vi fleire som har eit ansvar.

  5. rypa’s avatar

    Takk. Og jepp, du har sjølvsagt eit poeng når det gjeld ansvaret. Så vil eg gjerne presisere at eg svært ofte tykkjer NRKS&Fj er ein god bidragsytar i fylkesålmenta. Eg har såleis prøvd å framføre ein lojal kritikk.

  6. Trine Hess Elgersma’s avatar

    Du skriv so godt Eli! No gler eg meg berre til å lese referatet frå møtet med Navarsete & co idag. Twitringa er ikkje noko for meg. Det vert så alt for fåe ord…
    Når eg no er i siget og tema er fylket Sogn og fjordane, vil eg no berre få skryte litt av jøstedølen, SUeren (og dottera) Ingeborg som har debutert på Fylkestinget for ungdom i helga, helde innlegg og fremma resolusjon!!
    Så får det heller vere at journalisten i Sogn avis ikkje fekk med seg partitilknytning, eller at resolusjonen for kommunesamanslåing ikkje vart vedteke einstemmig.

    Facebookgruppa mot flytting av 7. klassingane i Jostedal starta av same Ingeborgen har no 148 medlemmer!

  7. rypa’s avatar

    Takk! Og Ingeborg er superflink! Det er så bra og viktig å lære seg å bryte lydmuren. Forstemmande få kvinner gjorde nettopp det på statsrådseminar i dag. Og referat… kanskje i morgon. Eller etter den tjuande, som eg brukar å seie for tida.

  8. Ole I. Gjerald’s avatar

    Dette var grundige refleksjonar og ei drivande god samfunnsanalyse! Det er etter mitt syn ein viktig premiss du legg innleiingsvis, for eg trur det er avgjerande å ikkje sjå NRK S&Fj. sin fylkesbyggjande påverknad uavhengig av andre hendingar på fylkesnivået. Direktevalt fylkesting og fylkeskommunal sjølvstendiggjering lyfta FYLKET fram som (regional)politisk fellesarena. Før 1976 valde kommunane sine våpendragarar til fylkesnivået. Systemet la sjølv opp til ei samanhengande ressurskniving basert på geografiske interessemotsetnader. Slikt skapar truleg liten felles identitet og svak lagkjensle. Etter reforma har fylkesperspektivet i administrativ sakshandsaming og politiske vedtaksprosessar vore den overordna ambisjonen å halde fast ved. Sjølv om det nok finst ei rekkje døme på det motsette, er eg altså ikkje samd med dei som meiner at fogderistrid (i vid tyding) i dag nærast ligg til grunn når fylkeskommunale ressursar skal fordelast. Det er å undervurdere fylkespolitikarane våre når me no står framfor ei styrking av fylkeskommunen som regional utviklingsaktør frå 1.1.2010.
    Så er det vel slik at når NRK S&Fj. og andre medium iblant sår tvil om dei gode fordelingsperspektiva i sakshandsaming og vedtaksprosessar, i freistnad på å spisse den politiske debatten og skape sunt konfliktstoff, så gjer dei jobben sin som kritiske journalistar. Greitt nok, men det er viktig å ha med seg ei breidde av årsaksforklaringar til dei politiske motsetnadane, til dømes ulik partitilhøyrsle og ulike verdisyn… Analyserande og djuptpløyande journalistikk er ressurskrevjande, ja visst, og ofte er NRK S&Fj. svært gode òg – men idéen om eit tettare samspel med dei mange og mangfaldige kompetansemiljøa i og utanfor fylket er kanskje ikkje så dum.
    Det var dette med Twitter og få ord, ja… Du må forresten helse husbonden lukke til den 20.!

  9. rypa’s avatar

    Takk, og takk for innspel. Det strekar vel under poenget mitt om at fylket Sogn og Fjordane ikkje «er» (har vore) så svært mykje meir enn institusjonane i fylket, inkl NRKS&Fj. Difor er eg vel ikkje så lite spent på/skeptisk til eit felles identitetsbyggingsprosjekt som planen om fylkesomdømebygging, som eg høyrde Nils R. om på radion i dag.. Eg helsar herved!

  10. Merete’s avatar

    Takk for veldig godt innlegg.

    Kommentar til:
    «NRK Sogn og Fjordane må fyrst og fremst forstå interessemotsetnader, og ikkje gjere reelle motsetnader om til eit spørsmål om gamaldagse bygdekonfliktar og at folk synest at andre folk er dumme. Og etter mitt syn hadde institusjonen stått seg på å ikkje gjere kuriøse kommunale og personlege tabbar til noko som skal ha folkeopplysningsverdi i åresvis etter at det har hendt.»

    Det er sværs urovekkjande at NRK S&Fj og ikkje minst lokalavisene våre fokuserar so mykje på den einkelte personen/staden. Skal vi vera stolte av fylket vårt og bygga det kan ikkje saker som handlar om Terra, Tall Ships Races, Bade baseng + … handla om personar. Skal vi ha personar som ynskjer og kan ta ansvar for vår felles utvikling i grender, kommunar, fylket og institusjonar må det vera lov å ha meiningar/ forsøka og kanskje feila utan at heile samfunnet (nrk, aviser og personar i S&Fj) skal ha som oppgåve å gå på individ nivå. Det kan grensa til trakasering og mobbing. Ver varsam plakaten bør koma oftare opp.

    S&Fj er eit fylke kvar vi treng tilflytterar og nye arbeidsplassar. Skal vi lokka til oss desse er det siste vi treng «kosing med misnøye» som gjerne folk som har det godt gjere. Kanskje vi heller skal tenka «kan eg hjelpa til i mitt lokal miljø eller i fylket» i det små eller i det store. Det startar med positive tankar og ein vilje til å sjå saker frå fleire sider. Uansett kor ueing ein vert prøv å sjå saka og ikkje personen!

  11. eies’s avatar

    Eg er svært einig i det rypa skriv og som fleire her støttar.

    Men blir det ikkje ein slags naiv idealisme å tru at NRK Sfj ikkje lenger skal følgja dei same trendane som mesteparten av media her til lands?

  12. rypa’s avatar

    Takk for kommentarar. Av og til lurer eg på om lokalmedia som opererer innanfor ei så lita offentlegheit som vår, nesten har ein litt FOR god sjanse til å kome tett innpå oss som einskildpersonar, og at me i offentlegheita såleis vert litt for mykje personar, litt for lite representantar for saker.

  13. Rhea’s avatar

    Hi there, after reading this amazing piece of writing i am as well delighted to share my know-how here with friends.

  14. ???? ??????’s avatar

    I have read so many content on the topic of the blogger lovers except this paragraph is actually a nice paragraph, keep it up.

  15. Herbertphive’s avatar

    ????????? cat casino
    ????????? cat casino

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *