Mysteriet Marie Kviberg

I dag fekk eg ein epost frå Bøndenes Hus i Oslo (som mellom anna driv Hotell Bondeheimen). Dei spør meg om fødsels- og dødsår til Marie Kviberg. Bondeheimen har nemleg laga tre nye møterom i toppetasjen på hotellet, og desse skal kallast opp etter kvinner i norskdomsrørsla, mellom anna Marie Kviberg. Kult!

Men så finn dei altså ikkje ut nøyaktig når ho levde. Og det burde eg kunne hjelpe til med, eg som i 2000 skreiv hovudoppgåva Målkvinner før 1900 (utgjeven av Høgskulen i Volda 2001), med mellom anna eit lite kapittel om kvinnene kring forretningsdrifta til BUL Oslo. Eit år seinare skreiv eg ein artikkel i BUL-stikka om dette, og her er eit utdrag frå den:

«Margit Bruun var den fremste kvinna i Bondeungdomslaget si fyrste tid, og ho har sjølv fortalt korleis ho vart med i laget. Hausten 1899 vart ho kalla inn til drøfting om eit nytt ungdomslag i Kristiania, og der møtte ho Marie Kviberg og Gunvor Dobloug som ho hadde arbeidd saman på Den norske marknaden året før. «Me tri kom til å halda i hop i mange år frametter», skriv Margit Bruun. Ho fortel at dei tre ungjentene alt fyrste kvelden var aktive i ordskiftet, og at dei «…ikkje visste ordet av det fyrr me kom inn i styret alle tri». Dette var då styret i den førebuande arbeidsnemnda for den nye organisasjonen, og her sat dei tre jentene i lag med to gutar. På det fyrste ordinære årsmøtet i 1900 vart Margit Bruun vald til varaformann under formannen Klaus Sletten som ho seinare gifte seg med, medan av dei tre andre i styret var to jenter, Kviberg og Dobloug. Av tre varafolk var det òg to jenter; Sigrun Høyem og Gudrun Bentsen, og Gudrun Bentsen var då òg ei av dei som sat i arbeidsnemnda for målmarknaden to år tidlegare.

«Det er nok likt til at kvendi vert haldne gjævast i laget», skreiv Den 17de Mai etter årsmøtet, då jentene sat på fem av åtte styreplassar. Skikken med å ha mange jenter i styra i Bondeungdomslaget i Oslo heldt seg då òg frametter tiåra. Forklåringa på den høge kvinnerepresentasjonen kan liggje i Kaffistova – det er ikkje utenkjeleg at planane om slik forretningsdrift gjorde det føremålstenleg å ha kvinner i leiande posisjonar. Det er då òg serleg i forretningsstyra til Bondeungdomslaget at kvinnene seinare har site sentralt. Det skal ha vore Marie Kviberg som tok initiativet til kafédrift i laget, og ho sat då naturleg nok i det fyrste forretningsstyret for Kaffistova som vart opna i 1901.»

Om lag dette veit me altså om Marie Kviberg frå før:

Ho har fått ord på seg for å vera initiativtakar til den fyrste Kaffistova til BUL Oslo (1901). Ho sat i det fyrste kaffistovestyret i lag med to menn. Ho sat òg i nemnda som førebudde skipinga av Bondeungdomslaget og i det fyrste styret i laget (1899-1901), men gjekk ut av styret våren 1901.

Utan å ha dobbeltsjekka alt Ottar Grepstad kan ha skrive om saka/kvinna (sorry Ottar!), trur eg at det er om lag det viktigaste ein i utgangspunktet kan seie. Ikkje eit einaste årstal, altså, og ikkje akkurat noko utfyllande biografi.

Kva gjer ein så? Eg veit ikkje kva andre ville ha gjort. Sjølv set eg husbonden på saka, no konvertert frå kyrkjehistorikar til kvinnehistorikar.

Dette veit me om Marie Kviberg etter å ha sett husbonden på saka:

«Maria Kviberg» dukkar raskt opp i folketeljinga 1900, i Trondhjemsmsvejen 49 i Kristiania der ho budde i lag med foreldra sine og tre yngre sysken.

Kviberg er ein gard i Fredrikstad, Borge sokn, og folketeljinga fortel at ho var fødd i 1874. Såleis kan ein gå vidare og lese i Ministerialbok for Borge 1861-1874, s. 142. Der finn husbonden ut:

Fødd 19. februar 1874, døypt 22. mars 1874 i Borge kyrkje
Namn: Marie Lovise
Foreldre: Hans Ludvig Larsen og Karen Olava(?) Pedersd. Heia ”1849-48-72” (truleg fødselsår på far og mor + år for giftarmål).
Fadrar: Marthe Olsd. Qviberg, Anne Sophie (?) Pedersd. B**, Svend Larsen ibid, Lars Gjermundsen Heia, Johan Larsen Qviberg (truleg mykje besteforeldre her).

Marie Kviberg var altså dotter av gardbrukar Hans Ludvig Larsen Kviberg (1849–1917) og Karen Pedersdatter Heia (1848–1929). Foreldra er i farten ikkje attfunne under giftarmål i Borge kyrkje 1870-73, men dei gifte seg truleg 1872.

Marie Kviberg var syster til den kjende skulepolitikaren for Arbeidarpartiet i Oslo, Per Kviberg (og fødd i Borge, 24.6.1881). Om denne broren seier Norsk Biografisk Leksikon (NBL): ”Som fireåring flyttet Per Kviberg med foreldrene til Kristiania. Faren var uten arbeid, og det ble en vanskelig tid. Da Kviberg mange år senere ble spurt om hva som hadde betydd mest for hans utvikling, svarte han: “At jeg i min barndom har gjennemlevet den sociale nød.” Det må likevel ha vært en ressurssterk familie. To av hans eldre søstre ble lærere, og selv ble han uteksaminert fra Holmestrand seminar 1902.” Her kan det leggjast til at Per Kviberg òg var målmann, og han var gift med Elisabeth Grude, syster til Karen Grude som var gift med Halvdan Koht.

Dei to eldre systrene som vart lærarar, var altså Marie og då truleg Anna Hansen. Fru Anna Hansen (fødd Kviberg) vart tilsett som fyrste kaffistovestyrar. I folketeljinga 1900 har det ikkje lukkast å identifisere henne, men folketeljinga 1910 seier: Anna Hansen, f. 5.10.1870 i Borge. Enkje. Yrke: Pensionat, bur i Grænsen 12. Ho er ikkje attfunnen i ministerialboka for Borge som døypt mellom 5.10.70 og mars 1871, heller ikkje 5.10.72-mai 1873, og heller ikkje i månadene etter 5.10.1873.

 

Marie og Anna Kviberg

 

 

 

 

 

 

 

(Bilete: BUL 1929)

Foreldra flytte altså med ungane til Kristiania i 1885/86. Marie var då 11 år. Ho er ikkje å finna i folketeljinga 1910. Anten er ho då (a) gift eller (b) død eller (c) skrivefeil.

For ein lagnad! Når ei kvinne ved eit knips forsvinn frå kjeldene, er ho anten daud eller gift eller ein ortografisk feil!

Men husbonden er på sporet. Han søkjer på Marie 1874 på heile folketeljinga, og yes, der dukkar ho opp med feilstava etternamn (Kviiberg) i Skogn. Så kva seier folketeljinga for Skogn 1910?

Marie Kviberg budde på garden Fagertun i Skogn og var ”Lærerinde på abnaarmskolen”. Abnormskulen må ha vore Røstad skole på Levanger, kjøpt av staten 1899, opna som den tredje statlege åndssvakeskulen i 1903. Hovudbygningen (ferdig 1903) er i dag hovudbygningen for Høgskolen i Nord-Trøndelag si avdeling på Levanger. Lærarskulen leigde rom der frå 1989. Spesialskulen vart nedlagd 1992.

Dermed koplar husbonden til folketeljinga for Oslo i 1900, der Kviberg var oppførd som lærarinne, Thorshaug. Då var det berre å søkje, og såleis kom han til Emma Hjorth. Dette skriv NBL om henne: ”Sammen med flere av sine søsken arbeidet Emma som lærer for åndssvake barn ved broren Johan Anton Lippestads skole, Thorshaug Institut for aandelig abnorme Piger, på Torshov ved Kristiania fra 1879 til 1903. Dette miljøet stod sentralt i nordiske fagkretser. Den sterke posisjonen skyldtes særlig Johan Anton, som 1903 ble direktør for Abnormskolevesenet, dvs. statens skoler for døve, blinde og åndssvake. En annen bror, Carl Thorvald, bestyrte særklassene og opprettet en egen særskole i Kristiania.”

Abnormskulen vart altså flytt frå Oslo til Levanger (tidleg døme på vellukka utflytting av statlege arbeidsplassar) i 1903, og Marie Kviberg fylgde tydelegvis med på lasset (ho var tydelegvis ikkje LO-organisert, seier eg anakronistisk ja). Ho budde delvis saman med far sin i Levanger, så han var òg tydelegvis lassnisse.

Men så? Så teier kjeldene.

Marie Kviberg dukkar rett nok opp i 1916 i ei rettssak om ei husbyggingsak i Kristiania. Ho kan altså ha flytt attende til hovudstaden. Men frå no er folketeljingane ikkje offentlege, så me veit ikkje. Ho er oppført som frøken også no, i ein alder av 42 år. Ein plausibel hypotese er såleis at ho vart heitande Marie Kviberg resten av livet.

Det vil seie: Ho kalla seg sjølv Maria Kviberg i folketeljinga 1900. Dette var truleg ein freistnad på oppnorsking av Marie, ho var jo målkvinne (jf Asta Hansteen som bytte namn til Åsta av same grunn). Om møterommet på Bondeheimen skal heite Marie Kviberg eller Maria Kviberg, får nokon altså spekulere på medan dei ventar på at husbonden skal finne dødsåret hennar.

For mysteriet Marie Kviberg er ikkje løyst. Det vil seie, eg kan jo alltids ringje til min kjenning Marte Kviberg i Sogndal. Ho skal vere ein etterkomar etter Marie. Berre synd at Marte Kviberg er eit like stort mysterium som Marie Kviberg, ettersom ho ikkje finst oppførd med telefonnummer ein einaste plass i heile internettet.

Og etter denne salva med feministisk historieskriving kan eg altså ikkje ringje til mannen din for å få tak i deg, Marte!

  1. BenteOO’s avatar

    mobilen hennar er truleg tilgjengeleg på verdsveven – på turistforeninga si side

    http://www.turistforeningen.no/activity.php?ac_id=14532&action=booking&fo_id=2513

  2. rypa’s avatar

    Pina deg, du er god, miste eg eit poeng og eit bokstavrim no?

    BenteOO er dessutan ikkje identisk med ei anna bra Bente frå Lærdal. Til orientering, sidan me no driv med personalhistorie, og sidan dei har vorte blanda saman før på bloggen her (ikkje av meg).

  3. Jens’s avatar

    Fantastisk! Etter Bon Jovi på spelaren og ein middag så stor at han ikkje fekk plass på tallerkenen trudde eg ikkje at fredagskvelden kunne bli betre. Men det kunne han altså! I kveld skal eg skåle for Kviberg, medan eg snakkar så slarvete at ingen høyrer om eg seier Maria eller Marie.

  4. Anders’s avatar

    Eg blir alltid glad av å lese slike perler av grunnforsking. God helg til Rypa og husbonden!

  5. rypa’s avatar

    Og god helg og takk til Jens, Jon Bon, Anders og Elias Blix! Veldig kjekt å høyre frå dykk karane innimellom.

  6. rypa’s avatar

    Det skjer på Facebook på ein sundagskveld. Tusen takk til historikar Hundstad i Bergen!

    Dag Hundstad:
    Frk. lærerinne Maria Louise Kviberg ble bisatt i Det gamle krematorium i Oslo torsdag 23. august 1956 kl. 12.40.

    Oddmund Hoel:
    Fantastisk! kor fann du dette?

    Dag Hundstad:
    Aftenposten! Anbefaler arkivtjenesten på det varmeste.

    Oddmund Hoel: Storveges – ventar på tilgang frå høgskulebiblioteket, men ei meiningsfull treffliste får ein uansett. Burde tenkt på dette. Kviberg arbeidde elles som lærar på Hauges Minde i Oslo hausten 1899.

    Dag Hundstad:
    Hun er også nevnt i oppslag om Kaffistovas 75- og 80-årsjubileum. Her går det frem at familien flyttet fra Østfold til Oslo i 1877. Fikk også opp et treff om at hun fra 1. januar 1914 ble bevilget 600 kr. årlig i vartpenger av Staten etter …å ha fratrådt sin stilling ved Bøstad offentlige aandssvageskole. Må innrømme at jeg ikke visste hva vartpenger var, men fant det her:
    http://www.spk.no/no/Person/Pensjon/Vartpenger/

  7. Bente Øien Hauge’s avatar

    Dette var interessant og engasjerende! Så jeg ble fristet til å lete litt etter damen, jeg også.

    Sjekk DIS-Norges gravminnesøk (disnorge.no/gravminner) (Landssøk):
    Id: 3191908
    Navn: Marie Lovise Kviberg
    Merk: Ingen gravsten
    Gravsted: Borge kirkegård
    Kommune: Fredrikstad
    Kirkesogn: Borge

  8. rypa’s avatar

    Nettopp! Takk Bente! Bisett i Oslo, gravlagd i Fredrikstad, må vel det tyde? Men diverre ikkje nokon vits i å reise på studietur for å sjå grava, tydelegvis.

  9. rypa’s avatar

    Wups. Bisett FRÅ. (Har vore på Facebook no.)

  10. Tanja’s avatar

    Hei, rart du ikke finner nr. til Marte…men du kan sikkert ringe mamman hennes Ingrid ?

    Jeg var egentlig bare ute etter litt historie om kviberg og komunisme da jeg kom over denn bloggen, morsomt : )

  11. rypa’s avatar

    Kviberg og kommunisme? Hm? Interessant. Meir info om Marie?

    Det var litt tøys òg då, at det er SÅ vanskeleg å få tak i unge frk Kviberg av i dag! Eg har hatt mange sjansar no i mellomtida til å møte henne facetoface.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *