Kristins sukra sidemål

Denne veka hadde Kristin Halvorsen ein plan. Forslaget hennar om å svekke nynorsk som sidemål skulle seljast inn med høglydde bekymringar om kor dårleg det står til med nynorsk som hovudmål og kor kort tid det er att før nynorskenden er nær. Sidemålspilla til SV kunne altså sukrast med garantiar om ei rad tiltak for at nynorskelevane i større grad skal halde fram med å skrive nynorsk i staden for å byte til bokmål.

Kunnskapsministeren har heilt rett i at dette språkskiftet er eit stort problem for nynorsk som bruksmål. Mellom 30 og 40 prosent av nynorskelevane byter mål fordi dei les nynorsk for lite, fordi nynorsk difor kjennest vanskeleg, fordi det framstår unøytralt og uvanleg. Mottiltaka som staten har lansert, hovudsakleg i stortingsmeldinga Mål og meining frå 2008, har vore få og magre.

Men Kristins kandiserte “offensiv for nynorsk” gjev likevel ein underleg ettersmak. For det fyrste fordi tiltaka hennar mot språkskiftet berre er resirkulasjon av dei gamle tiltaka frå 2008, tiltak som viste seg å vere alt for uforpliktande. No vert dei repeterte: Meir forsking? Som om ein ikkje veit nok om språkskiftet for å kunne gjere noko. Tiltaksplanar? Har alt vore laga, både av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) og Språkrådet, men utan mottakar, ingen til å fylgje opp. Ressursgruppe? Me har altså eit heilt senter for nynorsk, som har glimra med fråveret i framlegga frå SV. Meir digitale læremiddel? Har staten snakka om i 15 år, men i verkelegheita er nynorskelevane sine læremiddelrettar innskrenka dei siste åra. Det einaste nye SV-tiltaket er eit ekstra opptakspoeng for nynorsk som hovudmål, men det er ei svale som neppe gjev sommar.

For det andre lagar kunnskapsministeren i praksis ei motsetning mellom å styrke nynorsk som hovudmål og å styrke nynorsk som sidemål. Den motsetninga er sjølvsagt falsk. Det er ikkje slik at nynorsk som sidemål må svekkjast for at nynorsk som hovudmål kan styrkast. Det er ikkje slik at statusen til nynorsk må gå ned for at talet på nynorskelevar kan gå opp. Situasjonen til nynorsk liknar på situasjonen til minoritetsspråk over heile verda, og slik kan me også dra vekslar på internasjonal erfaring. Den fortel oss at det fyrst og fremst er meir nynorsk med høgare status som må til for å hindre språkskifte.

Dei fleste elevar “får ikkje bruk for å skrive nynorsk seinare i livet», skriv Utdanningsdirektoratet i det brevet kunnskapsministeren no støttar seg på. Men me som bur i nynorskkommunane på Vestlandet og i Fjell-Noreg, er smerteleg klare over at me treng nynorskkompetanse overalt og i alle yrke, både offentlege og private. Mobiliteten i Noreg vert stadig større, også mellom nynorsk- og bokmålskommunar. At alle i landet lærer nynorsk, er grunnlaget me har for å kunne krevje at folk som tek jobbar i Vik, Voss og Vang skriv nynorsk. At det er allmenn kompetanse i nynorsk, er altså grunnlaget for å ha nynorskkommunar. At alle i landet lærer nynorsk, er grunnlaget me har for å kunne krevje at den norske staten, lokalisert til Oslo, held fram med å produsere språk på nynorsk. At det er allmenn kompetanse i nynorsk, er altså grunnlaget me har for å kunne halde på nynorsk som offisielt språk. Kristin Halvorsen har ikkje eit program for meir nynorsk, men for mindre, og ho har eit program for ein nynorsk utan statsberande status. Dermed har ho òg eit program for meir språkskifte.

Å senke nynorskens status og å skape færre sidemålsbrukarar gjer det ikkje lettare å vere nynorskelev. Kristin Halvorsens plutselege omsorg for nynorskelevane gjev lite vern mot storbølgja av språkskifte frå nynorsk som vil kome om ho i praksis avviklar sidemålsordninga.

(Dagens laurdagstekst i Nationen)

  1. Bloggeriet’s avatar

    Hei!
    Vi har linket til denne posten fra den politiske bloggportalen Bloggeriet. Håper det er OK for deg!
    Hilsen Elisabeth på Bloggeriet

  2. Olaug A Hauggen’s avatar

    Vel talt, Eli

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *