Wordfeud

Nedanfor: Ein utvida argumentasjon, opphavleg eit facebookinnlegg, for kvifor nynorsk skriftleg sidemål er bra for nynorsken som språk og skriftkultur. Og det på ein dag med  fylgjande VG-meldingar (ikkje på nett): «49 prosent sier at sidemålskarakteren bør bort, mens 43 prosent ønsker å beholde den», dessutan: «36 prosent mener norske elever bør ha like strenge krav til å kunne sidemålet nynorsk som til å lære bokmål.» Desse tala bør valkampstrategar i både SV og Høgre merke seg. Nei til sidemål er kanskje ikkje ei openberr vinnarsak likevel?

Så, til saka.

Mange av oss som bur i nynorskkommunane på Vestlandet og i Fjell-Noreg, som har stillingar anten i det offentlege eller det private og som bur i nynorske lokalsamfunn, ser mørkt på at det ikkje lenger skal vere eit mål med allmenn, skriftleg nynorskkompetanse i den norske staten.

Mobiliteten vert stadig større, også mellom nynorsk- og bokmålskommunar. At alle i landet lærer nynorsk, er det grunnlaget me som bur i dei 115 nynorskkommunane har for å kunne krevje at folk som tek jobbar og verv her, skriv nynorsk. Dersom ikkje folk har lært nynorsk, kan me heller ikkje forvente og krevje at dei skriv (dvs lærer seg) det (nei, det er ikkje ei løysing med obligatoriske nynorskkurs – det kjem verksemdene aldri til å ta seg råd og tid til). At det er allmenn kompetanse i nynorsk, er altså grunnlaget for å ha nynorskkommunar. Å ha kommunar administrerte på nynorsk, kommunar som definerer seg som nynorske, er igjen svært viktig for å halde oppe den nynorske skriftkulturen – både for skriftbiletet, reint materielt, men ikkje minst for statusen til skriftspråket. Å ha allmenn kompetanse i nynorsk er i det store og heile viktig for å kunne oppretthalde ein nynorsk region; noko som er ein viktig del av at nynorsk overlever. Dersom dei som har hatt bokmål som fyrstespråk eller dei som av ulike andre årsaker ikkje kan/vil skrive nynorsk, vert stilte fritt til å gjere kva dei vil innanfor desse avgjerande nynorskinstitusjonane, har me fort ein situasjon der nynorsk som bruksmål vert sett under press (fordi bokmål er «lettare» og meir «nøytralt» [= har høgare status]).

At alle i landet lærer nynorsk, er òg grunnlaget me har for å kunne krevje at den norske staten, lokalisert til Oslo, held fram med å produsere språk på nynorsk, som igjen er grunnlaget for at nynorsk er eit offisielt, norsk språk. At det er allmenn kompetanse i nynorsk, er altså grunnlaget me har for å kunne halde på nynorsk som statsberande språk. Den offisielle statusen løyser igjen ut ei rad språkrettar – til dømes for elevar som har nynorsk som fyrstespråk. Du kan alltids seie, heilt synkront, heilt ukontekstualisert, at «nynorsk kan jo ha denne statusen og nynorskelevane kan jo ha desse rettane sjølv om me ikkje krev allmenn skriftleg kompetanse». Diverre trur eg det er eit nokså naivt standpunkt som ikkje heilt tek høgd for korleis makt verkar og har verka. Kvifor skal nynorsk vere offisielt språk når berre 7% av elevane i vgs er borti det (iflg kunnskapsministerens tal)? Internasjonal minoritetsspråkteori er då òg klar på at eit minoritetsspråk tener svært mykje på at majoriteten også lærer det.

Forsking på språkskifte i andre språksamfunn med minoritetsspråk og majoritetsspråk viser òg at det fyrst og fremst er MEIR BRUK og HØGARE STATUS som kan hindre språkskifte.Å ta bort skriftleg sidemålsopplæring kan nok på kort sikt føre til betre haldningar til nynorskelevar blant bokmålselevar, men på litt lenger sikt vil det føre til ei ytterlegare marginalisering av nynorsk som bruksmål og større språkskifte – fordi større deler av statsverksemda og større deler av private og offentleg verksemd i (tidlegare) nynorskkommunar vil skje på bokmål. Me får altså ein situasjon der bokmålsbrukarane ikkje er så sure, men nynorskbruken går ned, og difor vert det stadig vanskelegare å skrive og lære han. Og eg trur dessutan at mindre nynorskbruk heller ikkje vil føre til betre haldningar på mellomkort sikt.

Eg vil meir enn gjerne vere med å diskutere form og farge på sidemålsopplæringa, men eg forhandlar ikkje bort det skriftlege (og dermed ikkje skriftleg vurdering). Etter mitt syn er det eit alt for høgt spel med nynorsk som bruksmål og som skriftkultur.

  1. Isak’s avatar

    Hei

    Dette er en interessant analyse, for jeg tror ikke jeg har sett en slik begrunnelse for og forklaring av sammenhengen mellom nynorskens eksistens og sidemålet i skolen før. Takk, den gir noe å tenke på.

    Men jeg lurer nå litt på akkurat dette punktet: «Dersom ikkje folk har lært nynorsk, kan me heller ikkje forvente og krevje at dei skriv (dvs lærer seg) det». Tja. Blant dem som «har lært» nynorsk som sidemål i skolen pr idag, hvor mange konverterer til nynorsk når de flytter til Sogn? Jeg tror det riktige svaret er «noen», og at omtrent akkurat samme prosentandel vil bytte dersom de ikke «har lært» nynorsk på skolen.

    Sidemålsopplæringen avler ekstremt mye motvilje, i hvert fall på store deler av Østlandet, som jeg kjenner best. Min erfaring er at de fleste elever går ut av skolen med minimalt bedre evner i nynorsk enn da de hadde da de gikk inn i sidemålsopplæringen i ungdomsskolen.

  2. Isak’s avatar

    PS.

    Du bør være litt forsiktig med å omtale nynorsken som «statsberande språk». Det gir uheldige konnotasjoner, kf. http://snl.no/statsb%C3%A6rende_parti

  3. rypa’s avatar

    Hei og sjølv takk!

    Eg veit ikkje heilt kva du meiner med «konvertere», men eg snakkar om sidemålsordninga som garantist for at me kan forvente at folk skriv nynorsk i private og offentlege stillingar og i tillitsverv (det vil òg seie: forvente at dei som seier dei ikkje meistrar nynorsk, prøver å lære seg det, fordi dette er noko dei «skal» kunne).

    Mine konnotasjonar til «statsberande» går nok fyrst og fremst mot Arbeidarpartiet, men det er i alle høve eit slurvete omgrep. Det skulle ha stått “samfunnsberande”.

  4. Jan Olav Fretland’s avatar

    Meir bruk og høgare kompetanse, skriv Rypa. Ja, det er mest det som kan gje nynorsk betre omdømme og sidemålselevar glede over å få bruka nynorsk. Sjå på alle som følgjer nynorskbloggen Hjartesmil, til dømes. Det viktigaste verkemiddelet for å få til det er mange sider med nynorsk i riksavisene og på nettet. Der har den raudgrøne regjeringa ikkje tort å gjera noko.

    Me er nokre som har utfordra riksavisene på yrkesforbodet mot nynorsk i riksavisene i eit innlegg til VG i dag. Me får sjå om dei tek det inn, når det er kritikk mot dei sjølve.

    Elles, kjære rype, er det godt å lesa ein grundig og skikkeleg argumentasjon om kvifor ein blir betre i eit skriftspråk med å læra mindre om det.

  5. rypa’s avatar

    ?
    som kidsa på den vedunderlege hjartesmilbloggen seier!

    Må finne dagens VG.

  6. rypa’s avatar

    SPØRSMÅLSTEIKN?? Det var eit hjarte fram til eg trykte «submit»!

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *