Karen Nilsen Mortensson (1866–1929)

I høve dagens 150-årsdag for Hulda Garborg bloggar eg littegrann om Karen Nilsen Mortensson. Ho var ein aktør i nynorskpionertida, og  i periodar av livet var ho Hulda Garborgs kollega. Teksten har vore prenta i Norsk Tidend for mange år sidan, og er bygd på hovudoppgåva mi, utgjeven som Målkvinner før 1900 (Volda 2001). Han er ikkje omvølt i tråd med Hulda Garborg-biografien til Arnhild Skre, så eg postar med det klåre atterhaldet. Hugs det, de som skal skrive doktoravhandling om Karen Nilsen Mortensson!

Då Noregs  Mållag vart skipa i Turnhallen i hovudstaden om ettermiddagen den 4. februar 1906, møtte 137 utsendingar. Mellom dei 137 var seks damer: Margit Sletten og Eugenie Gjelsvik frå Bondeungdomslaget i Oslo, Aslaug Myrvang og Laura Blekan frå Mållaget ved Lærarskulen på Hamar, frk. Longva frå Mållaget ved Lærarskulen på Levanger og Karen Mortensson frå Kvendelaget i Litle Elvardal.

Det skal altså dreie seg om ho frå kvinnelaget i Alvdal. Karen Nilsen var lærarinne og arbeidde i Bergen då ho møtte målmannen Ivar Mortensson-Egnund som mellom anna hadde redigert avisa Fedraheimen saman med Arne Garborg. Karen og Ivar gifte seg i Arna i 1894, flytte så til Alvdal (”Litle Elvardal”) og garden Einabu. Seinare for dei til Gausdal, Fyresdal og Løten, etter kvar han fekk arbeid som prest. Dei vende attende til Alvdal i siste delen av livet, men heldt seg òg mykje i Kristiania.

Karen Mortensson var ein ivrig skribent frå midten av 1890-talet. I 1897 gjekk ho på landsmålskurs hjå ektemannen, men alt frå 1896 skreiv ho på målet både i målavisa Den 17de Mai og kvinnesaksavisa Nylænde. Det er Nylænde som i 1905 melder om at Karen Mortensson har halde føredrag ved skipinga av Litle Elvardal Landskvinnestemmerettsforening, og at ho òg er vald til formann i laget. Den landsomfattande Landskvinnestemmerettsforeningen (LKSF) var på det tidspunktet den klart største kvinnesaksorganisasjonen i Noreg, med den målvenlege kvinnesaksdronninga Fredrikke Qvam på topp og med lokallag over heile landet. Fleire andre målkvinnemiljø organiserte seg i LKSF – til dømes kvinnelag i Vinje og på Voss.

Fredrikke Qvam var elles ei av dei som var til stades på skipingsmøtet til Noregs Mållag i 1906 utan å vere formell utsending. I eit brev til dottera fortel Qvam om møtet med Karen Mortensson denne kvelden: «Jeg sad til Kl 1 inat og talte med Fru Ivar Mortensen, som er et Begavet Stemningsmenneske uden Greie paa Former eller Foreningsarbeide…”. Qvam meiner likevel å sjå at Mortensson har andre talent: ”…det ser ud som vi i hende kan faa en Agitatør, hvad vi i saa høi grad savner.»

Karen Mortensson vart nok aldri ein vidgjeten retorikar, korkje når det gjeld kvinnesak eller målsak. Seinare har ho vore mest kjend for at ho vanka i målkvinneeliten kring Hulda Garborg på Labråten i Asker, saman med Marta Steinsvik og Karen Grude Koht. No er ho så godt som gløymd.

Men som utsending frå Kvendelaget i Litle Elvardal på det aller fyrste mållagslandsmøtet er ho ein illustrasjon på vekselverknaden mellom kvinnesak og norskdom som ein kunne sjå i mange norske bygder kring unionsoppløysinga i 1905 – det historikaren Jostein Nerbøvik har kalla norsk bygdefeminisme.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *