Sola er rund og vill

Me får att sola sjuande eller åttande februar. Me er ikkje sikre, det er ikkje mykje klårvêr på den tida av året. Difor er det heller ikkje nøye at sola er borte. Men februarsola som lyser gjennom dritne vindauga ned på tulipanane attmed katten som likevel alltid får lov til å sove på bordet, er likevel eit ljos eg kan like.

Når eg tenkjer på deg
nett no, er du der men
eg ser deg ikkje. Ute
har sola såvidt begynt

å peila inn strålane
mot furene, der
dei står med dottar av snø
mellom nålene så stille så stille

at ein kunne få lyst å
fyra av eit skot. Ja,
denne silande blå fredagen

midt i februar er ein dag
i alle dagar, vegane er
opne, sola er rund og vill.

Per Olav Kaldestad. Frå Kjærlege posisjonar (1988)

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *