Kortreist kunnskap

Me lever i kunnskapssamfunnet. Det skal visst nok tyde at me har bevega oss frå eit stadbunde og fysisk avgrensa liv til eit virtuelt og globalt storsamfunn, der store mengder informasjon flyt fritt og der kunnskap har vorte ei fleksibel vare som ein kan skaffe og selje på kva slags marknad som helst. Ja, han er berre eit tastetrykk unna, som ein byrja å seie på nittitalet.

Lat meg fortelje ei anna historie. Tysdagskvelden gjekk alarmen her i bygda. Ein fjellvand, sprek sambygding på ski var sakna høgt til fjells. Vêret var dårleg og helikopter kom ikkje på tale. Få minuttar seinare var dei fyrste sambygdingane på veg opp i området på ski. To timar etter stod vel 50 menneske klare for å leite, dei fleste sjølvsutstyrte med brattski, skredsøkjarar og søkjestavar. Den sakna skilauparen hadde vore i kontakt med folk på mobilen frå ein topp mange timar tidlegare, og det var denne eine opplysninga som skulle til. Då visste dei lokale leitemannskapa kva for dalføre ein skulle leite etter spora hans i, kvar det er trygt å leite i mørkret utan fare for snøskreder, kvar ein kan kome opp med skuter, kva for område det er vanskeleg å ferdast i og lett å rote seg bort i, kva for smale ryggar ein skiløpar må treffe for å kome ned igjen i eitt av dei aktuelle dalføra, og kvar ein sprek, fjellvand sakna skiløpar heilt sikkert ikkje ville gå. Dei visste kvar det er mest sannsynleg at ein kan bli teken av snøskred, og kvar det er sannsynleg at nokon kan kome til å miste orienteringa eller bli redd om tåka skulle bli tjukk eller vinden hard.

Nokre gonger endar det heldigvis bra. Den sakna skimannen hadde vorte overrumpla av snødrev og dårleg sikt og mista oversynet over kvar han kunne renne heim att trygt, utan stup, utan snøskred. Dermed gjorde han nett det ein skal gjere: Han grov seg ned og venta på betre vêr eller ein skuter med bergingsfolk. Den skuteren kom. Som den lokale fjellføraren som leia aksjonen sa på radioen dagen etter: “Det er som når du har mista bilnøklane dine. Fyrst byrjar du å leite der du trur du har mista dei.” Det var ein vellukka strategi denne gongen òg.

Lat meg fortelje ei historie til. Under romjulsstormen Dagmar gjekk straumen i bygda og vart borte i to døger. Etter få timar utan straum var alle telenett nede. Det lokale energiselskapet kunne raskt mobilisere seg sjølv og den lokale driftsorganisasjonen til Statkraft og ei mengd andre gode krefter for å reparere kraftliner dag og natt i vanskeleg terreng og djup, blaut snø. Dei nasjonale mobil- og internettleverandørane såg me derimot mindre til. Folka på kommunen og andre som prøvde å ringje feilmeldingsnummera deira, stanga hovudet i ein cyber-vegg langt unna, og stakkarane frå sentraliserte og ansvarspulveriserte driftseiningar surra rundt på feilretting  i ukjend snø. Basestasjonen til Telenor trong berre eitt av dei mange private aggregata som florerte for å fungere att, men ingen visste kven som hadde nøkkelen til telebua.

I ei mengd problemsituasjonar trengst erfaringar og kunnskapar som handlar om ein særleg stad og eit særleg terreng. Dei trengst for å kunne lage hypotesar om kva for konsekvensar natur har på annan natur, men også for hypotesar om andre menneske sine handlingar og val i naturen. Det er ingenting som tyder på at slik stadbunden, lokal kunnskap skal bli mindre og mindre viktig. Eit verkeleg kunnskapssamfunn må difor ikkje redusere kortreist kunnskap til krydder og eksotisme. Eit verkeleg kunnskapssamfunn må i staden organisere seg med forvaltingsstrukturar som sikrar den lokale kunnskapen – om me no snakkar kommunar, helsestell, lensmannsdistrikt eller høgskular.

(Laurdagsteksten i Nationen er i dag kreditert Aina Basso – men ho er altså heilt utan skuld for det ovanfor.)

  1. Gudrun’s avatar

    Dette var veldig bra.

  2. Engsmella’s avatar

    Eg er samd med Gudrun.

  3. rypa’s avatar

    De to altså! Kjekke å ha. Lurer fælt på kven du engsmelle er, mest fordi du har så fint namn.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *