november, det er eit smil einkvan stad

kalenderblad/november

alltid på reise, tidlege morgonmenneske
ned i forstadsbanane
fuglar og små barn, dagar på reise
langsetter dei brukte vegane i primstavens tre
slik gamle kvinner er på reise to og tre frå eit hus til eit anna
lutar seg framover,
spenner røystene sine ut i vinden

november, det er eit smil einkvan stad
det blir borte før det når fram til synsnervene våre
i gatekryssa restaurantane svevnen

“han løfter glasset og smiler inn i øynene hennes”

eit smil halvt utviska i stålet som kolnar i valseverka
eit smil samla under restane av novembernattas snø
i tidleg formiddags regn

(Paal Helge Haugen, frå Sangbok 1969)

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *