Rett skriving

No er over seksti prosent av nordmennene på sosiale nettsamfunn som facebook. Ikkje alle av desse skriv, men dei fleste skriv litt innimellom. Fleire og fleire torer altså å skrive i halvoffentlege og heiloffentlege rom. Ettersom god rettskriving framleis er ein kompetanse for dei få, inneber masseskrivinga på sosiale medium òg at fleire og fleire må finne seg i både å bruke og lese ikkje-perfekt norsk i skrift.

Dermed har skriving også vorte eit vanleg diskusjonsemne i dei tusen blømande nettforum. Alt frå svære Kvinneguiden til meir marginale Scooterforum har eigne trådar og underforum for språk og rettskriving. Likevel har mang ein nettdiskusjon spora av fordi nokon til dømes berre må peike på at surogati er med to r-ar. Særleg moro er det når ho som syt over andre sitt språk, slett ikkje burde vere den som slengjer fyrste steinen. Det hender ikkje så reint sjeldan.

Kvar dag klagar massevis av besserwissande amerikanarar på twitter på at folk med ikkje-engelsk språkbakgrunn er dårlege i engelsk. Gjennomgangstonen er: Du er i Amerika! Bruk rett engelsk! Men for eit par veker sidan dukka twitterprofilen @yourinamerica opp. Han korrigerer og gjer narr av dei språkmoralistiske heilamerikanarane som sjølve ikkje greier å skrive du er rett på engelsk. Overraskande mange av dei skriv nemleg Your in America i staden for You’re in America.

Eg les moralen bak @yourinamerica slik: Dersom du ser det å skrive rett som så avgjerande for fellesskap og kommunikasjon, får du hute deg til å unngå alvorlege rettskrivingsbrot sjølv. Folk som offentleg syt over andre sin språkbruk trass i at dei sjølve tydelegvis ikkje ser det som viktig å skrive rett, meiner jo eigenleg ikkje at språknormer er verdifulle. Det verdifulle for desse folka er å hovere og stigmatisere.

Men det kjekke med @yourinamerica er at det ikkje avviser at rettskriving er viktig. Det får oss i staden til å tenkje igjennom kvifor det er viktig. Og det er ikkje nødvendigvis ei enkel intellektuell øving. Me har massevis av læreverk og oppslagsbøker om språkbruks- og rettskrivingsreglar på norsk, men svært få av dei fortel oss kvifor det er eit poeng å fylgje desse reglane. I denne søte prøve- og eksamenstid er dette ei relevant problemstilling for meg: Kvifor skal eg fortelje mine førskulelærarstudentar at dei bør lære seg at det heiter foreldresamtale, ikkje foreldre sammtale? Er det så nøye då? Alle forstår jo uansett kva som er meint?

Det kan vel hende at ein haustar meir respekt og vekkjer mindre irritasjon dersom ein ikkje har for mange skrivefeil. Kanskje står ein òg i fare for å føre skam over arbeidsgjevaren sin, om ein verkeleg gjev blaffen i rettskriving på jobb. Men i botn og grunn er dette individuelle og litt snobbete argument som ofte ikkje treffer. Den verkelege verda, det vil seie sosiale medium, viser då òg at rettskrivingsfeil heldigvis ikkje er ein sosial hemsko for folk.

Men å fylgje norske rettskrivingsreglar handlar om meir enn kva som er bra for deg sjølv og eventuelt arbeidsgjevaren din. Det handlar òg om å prøve å oppretthalde ein skriftkultur med sine særtrekk, nyansar og indre samanhengar. Dei norske språka, både bokmål og nynorsk, er framleis logisk oppbygde system som gjer det mogleg å formulere reglar for kvifor det til dømes heiter foreldresamtale, ikkje foreldre sammtale. Rettskrivinga vår er oftast ikkje tilfeldig, men kan forklarast. At noko kan forklarast og forståast som system i staden for puggast og hugsast som einskildtilfelle, er ein demokratisk fordel som gjer det lettare å lære seg å skrive. Om dei som kan kome til å fungere som språklege førebilete, gjev blaffen i rettskrivingsnormer fordi «det er det same for meg», er dei med på å gjere skriftspråket mindre tilgjengeleg for andre i språkkollektivet vårt.

Det er ikkje folkeleg å vere språkleg slepphendt. Det er usolidarisk og elitistisk.

(«Tankar i tida», Nationen, i dag.)

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *