Rock og Rupeungar

I går kveld var det rock og rupis i Dølaheimen. Gode Rupeungar viste si «Eventyrblanding» fyrst, så tre røffe rockeband med stor trøkk.

Ettersom eg er medansvarleg for Rupeungane, skal dette handle om framsyninga deira.

Forteljinga byrjar med kjeringi som set seg fast i ein stubbe. Det gjer jo ofte kjeringar i eventyr. Karen med geitekillingane kjem forbi, men stonging og rå kraft får ikkje kjeringi laus. Så kjem han Kristian som kan trylle, men svart magi og overnaturlege evner hjelper ikkje (denne gongen heller). Men då Ola Oskeladd kjem og berre kitlar litt borti kjeringi, smett fingeren hennar ut or stubben. Ho vert so gild at ho gjev Oskeladden ei gåve – tre glinsande band. Han stappar dei i veska si, og tuflar vidare.

Mot slottet! Der bur den vrange prinsessa som ikkje vil gifte seg med nokon. Me får fyrst sjå at han Mortain prøver seg som friar. Han har heile trettan gåver med til prinsessa: trettan hudor, tolv bukkar, elleve tonner rug, tio drengjer, nio langskipparar, åtte gangarar, sjau setningar på bordet, seks uksar, fem kyr, fira feite svin, tre får og tvo gjesu – og ein tirandes liten fuggel so vel kunde fjuka. Men det hjelper ikkje: «Fjuka kan du sjølv gjere!» freser prinsessa, og då er han Mortain målbunden og det er klart for friar nummer to. Det er han Knut. Knut har med seg noko ved til prinsessa, for far hass var ein vedatjuv. Men, som prinsessa syng, «Er du galen gut, vil du gifta deg Knut, trur du jentene vil ha deg so du ser ut?» Og så var han Knut målbunden.

Men då kjem han Ola Oskeladd att. «Eg er ikkje skoren for tungebandet!» åtvarar prinsessa i det Oskeladden stig bortåt henne. «Nei, tungeband», seier han Ola Oskeladd, «Her skal du sjå band!» Så viser han Ola prinsessa dei fagre bandi som han fekk av kjeringi, og han syng: «Sulle rulle gulldokka mi, vil du ha snor i trøya di? Vil du ha gule, vil du ha blå? Vil du ha blanke, skal du det få!»

Og då var prinsessa både målbunden og hjartebunden til han Ola Oskeladd.

Snipp og snapp.

Rupeungane har denne sesongen vore ca. 18 ungar mellom 5 og 12 år. Her er songane, dansane og låtane me nytta i oppsetninga:

Fyrste akt: Skogen

Rasmus, toradar: «Magnussen» etter Magnus Røneid.
Alle, dans + Else Marie, fele: «Cowboydansen» til «Bucks polka».
Småfuglane songdans + alle, song + Else Marie, fele: «Småfuglane i skogen», nyare songdans.
Alle, song: «Kjeringi med staven» i rupisversjon. Lært av Eli B. Frå Agnes Buen Garnås, Bø. 
Kristi og Tora, fele: «Kjeringi med staven» trad, arr: Else Marie
Alle, song: «Gubben og gamla»/«Tolvballvisa» O.M. Sandvik frå Olav Aasmundstad, Kvikne.
Dei eldste, dans + Else Marie, fele: «Bamsefar», reinlendar.
Solo/alle, song: «Har du sett noko te geitene mine?» Lært av Merete Aasen/Asbjørn Aasen.
Alle, song: «Tikse Kuratis» Lært av Kari Malmanger. Frå Karl Eldegard, Årdal.
Alle, song: «Og kjeringo sulla på rokken sin» Lært av Kari Malmanger. Frå Olav Ljostveit, Ølve.
Alle, song + Else Marie, fele: «Ola va lång» Lært av Kari Malmanger. Frå Anna Stang, Askvoll.
Dei eldste, dans + Else Marie, fele: ‘Rupeunge-springar’ arr. av Anne K. Haugen Halveg, til «Bjønnheimen» etter Nils Bjønnheim.

Andre akt: Slottet

Solo/alle, song: «Mortainsvisa» Lært av Kari Malmanger. Folketonevariant frå Voss.
Alle, song: «Vedatjuven» Lært av Kari Malmanger. Frå Kjersti Wiik, Lindås
Solo/alle, song: «E du galen gut» Lært av Kari Malmanger. Frå Kjersti Wiik, Hordaland, kanskje Voss?
Solo/alle, song: «Sulle rulle gulldokka mi» Trad. Nedteikna av Arnt og Harald Bakke, Saltdalen.
Alle, song + Sølvi, gitar: «Å guten gjekk på golvet» av Nordstoga/Bratland. Frå Aslak Høgetveit, Vinje.
Alle, dans + Else Marie, fele: «Bryllaupsmarsj frå Jostedalen» trad., Jostedalen.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *