Frå jamstilling til språksikring

Saman med Trond Trosterud har eg fått og hatt æra av å halde innleiing på Noregs Mållag sitt landsmøte. Her er saka til Noregs Mållag. Her er framtida.no si noko større sak, òg med intervju med meg.

Slik byrjar den siste:

» – Nøytraliteten duger ikkje når nynorskelevane møter det store bokmålet. Dei er for utsette, seier Eli Bjørhusdal til Framtida.no. Ho er høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og arbeider med ein doktorgrad om norsk språkpolitikk. Ho var i helga invitert til landsmøtet til Noregs Mållag for å innleia om norsk språkpolitikk.

– Lik tevling held ikkje, då er ein dømd til å sjå det store språkskiftet som ein ser i dag framover. Minoritetsspråket taper om det ikkje får spesiell hjelp, held ho fram.

Ho understrekar at jamstelling må liggja i botnen, men at ein må tenkja språksikring nynorskområda.

– Dei sentrale språkreguleringane for skulen blei etablerte i ein heilt annan historisk samanheng, med heilt andre makttilhøve mellom nynorsk og bokmål enn i dag, sa Bjørhusdal i innlegget sitt.

Tida frå 1892 og fram til andre verdskrigen var ei kraftig oppgangstid for nynorsk bruksspråk. Nynorsk var sjølvsagt eit mindretalsspråk òg på denne tida, men det var eit mindretalsspråk som dei aller fleste trudde skulle bli eit stort, landsens språk. Nynorsk fossa fram. Då var det å ta bort formelle nynorskhindringar på den språklege marknaden, og å leggja til rette for like språklege vilkår, lik tevling og formell jamstilling, det same som å leggja til rette for meir nynorsk.

No er situasjonen ein annan.»

(Heldigvis kan eg kome med fylgjande korrigering: Eg arbeider ikkje med ein doktorgrad.)

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *