Diktaren Gudlaug frå Jostedalen

I 1992 gav Gudlaug Nedrelid frå Jostedalen ut ei lita diktsamling som vel ikkje vart veldig påakta i nasjonale media, men som eg trur er mykje nytta og sett pris på her i Indre Sogn – I ulvekjeften. Nedrelid er professor i norsk ved Universitetet i Agder, og det er bra!, men ho må skrive fleire dikt! Ein av mine yndlingsstader i samlinga er opningsstrofen: «Eg saknar deg så forjævlegt!» Dikta «Born in Sogn» og «Kampsong for tjukke jenter» har nok òg vore opplesne på mang eit arrangement her i distriktet.

Men no til oktoberdiktet. Nedrelid på sitt mest ålvorsame og tradisjonelle. Klassisk versemål, litt ærbødig intertekstualitet, litt travesti, mest Gudlaug og Jostedalen.

 

I stølsvegen

Her ser eg slike fjell som eg såg før,
i glasklår luft dei stig mot sky.
Og ospi brenn og rognen blør,
og lyngen brunkast, bjørki glør.
Det er oktober. Kulden kjem på ny.

Å setja ryggen mot ein stein på slik ein dag,
og sjå kor snøen glitrar høgast opp
på remar og på øvste tindetopp –
I kvar ein pust, for kvart eit hjarteslag
eg dreg den reine lufti i min kropp.

Her sat dei før. Her kvilte bestefar
kvar gong han for til støls med sekk.
Og hine før han, par om par,
folk møttest her. Dei spurde og fekk svar
om fe og smale og om folk som flytte vekk.

No er snart vegen attgrodd, kan eg sjå.
Eg et eit tyteber og går.
Kan hende kjem eg att her neste vår.
Skogen veks til, ingen slær med ljå,
og galden sig og gjev seg år for år.

Og dei som la han opp er longo mold.
Me er som høy, som skrive står,
gras, åreskog, og alt av hold.
Men soli går sin gang. Eg får
eit kjærleg streif av henne på mitt hår.
 

 

 

 

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *