I 1992 gav Gudlaug Nedrelid frå Jostedalen ut ei lita diktsamling som vel ikkje vart veldig påakta i nasjonale media, men som eg trur er mykje nytta og sett pris på her i Indre Sogn – I ulvekjeften. Nedrelid er professor i norsk ved Universitetet i Agder, og det er bra!, men ho må skrive fleire dikt! Ein av mine yndlingsstader i samlinga er opningsstrofen: «Eg saknar deg så forjævlegt!» Dikta «Born in Sogn» og «Kampsong for tjukke jenter» har nok òg vore opplesne på mang eit arrangement her i distriktet.
Men no til oktoberdiktet. Nedrelid på sitt mest ålvorsame og tradisjonelle. Klassisk versemål, litt ærbødig intertekstualitet, litt travesti, mest Gudlaug og Jostedalen.

I stølsvegen
Her  ser  eg  slike  fjell  som  eg  såg  før,
i  glasklår  luft  dei  stig  mot  sky.
Og  ospi  brenn  og  rognen  blør,
og  lyngen  brunkast,  bjørki  glør.
Det  er  oktober.  Kulden  kjem  på  ny.
Å  setja  ryggen  mot  ein  stein  på  slik  ein  dag,
og  sjå  kor  snøen  glitrar  høgast  opp
på  remar  og  på  øvste  tindetopp  –
I  kvar  ein  pust,  for  kvart  eit  hjarteslag
eg  dreg  den  reine  lufti  i  min  kropp.
Her  sat  dei  før.  Her  kvilte  bestefar
kvar  gong  han  for  til støls  med  sekk.
Og  hine  før  han,  par  om  par,
folk  møttest  her.  Dei  spurde  og  fekk  svar
om  fe  og  smale  og  om  folk  som  flytte  vekk.
No  er  snart  vegen  attgrodd,  kan  eg  sjå.
Eg  et  eit  tyteber  og  går.
Kan  hende  kjem  eg  att  her  neste  vår.
Skogen  veks  til,  ingen  slær  med  ljå,
og  galden  sig  og  gjev  seg  år  for  år.
Og  dei  som  la  han  opp  er  longo  mold.
Me  er  som  høy,  som  skrive  står,
gras,  åreskog,  og  alt  av  hold.
Men  soli  går  sin  gang.  Eg  får
eit  kjærleg  streif  av  henne  på  mitt  hår.
 
- 
            http://thumbnail.image.shashinkan.rakuten.co.jp/shashinkan-core/thumbnail/?pkey=b3cd216a5fa0d5e276fa3d6cfc2808117c167a24.97.2.2.2a1.jpg&atlUrl=https://www.youtube.com/channel/UCLjTgGFOGikxT6Kk-d3uswA Antonio Arias, 
 Holistic Billing Services, 800-741-3655, US
- 
            Nha Cai iWin Limited (golance.com) iWin Limited là m?t trong nh?ng nhà cái tr?c tuy?n hàng ??u, 
 mang ??n tr?i nghi?m ?a d?ng v?i các trò ch?i c? b?c
 nh? máy ?ánh b?c , bài poker, bài blackjack, và cò quay .
 V?i s? ch?m sóc khách hàng t?n tâm, iWin Limited ??m b?o m?i ng??i ch?i ??u có th?i gian li?n m?ch.
 Nhà cái này cung c?p nhi?u l?a ch?n giao d?ch an toàn, bao g?m các ph??ng
 th?c ph? bi?n nh? PayPal và th? tr? tr??c , giúp vi?c
 n?p và thu ti?n tr? nên d? dàng. V?i các ph?n th??ng h?p d?n nh? ti?n th??ng chào m?ng và vòng quay mi?n phí , iWin Limited mang ??n cho ng??i ch?i c? h?i t?n h??ng các trò ch?i c? b?c ??nh
 cao và nh?ng ph?n th??ng giá tr?.#iWinLimited #OnlineCasino #CasinoGames #Slots #Poker 
 #Blackjack #Roulette #WelcomeBonus #FreeSpins #OnlineGambling #SafePayment #CustomerSupport #CasinoRewards
- 
            Trackback from https://bit.ly/onebetasia_lp2 on 24. september 2025 at 21:41 

3 comments
Comments feed for this article
Trackback link: http://www.jostedalsrypa.no/blogg/wp-trackback.php?p=3828