Det språkpolitiske ansvaret til Høgskulen i Sogn og Fjordane

I dag har eg denne kronikken på trykk i Sogn Avis:

I ei tid med høgt press for å slå saman Høgskulen i Sogn og Fjordane med institusjonar som ikkje er særleg opptekne av nynorsk, trengst ei understreking av det språklege ansvaret til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Einar Førde sa ein gong at styrking av nynorsk går gjennom institusjonane. Eg har ingen nøyaktig referanse, dette er ein av mange litt lauslege attforteljingar av det Førde skal eller kan ha ytra. Men i alle høve er det godt sagt. Den institusjonelle styrkinga er det viktigaste Sogn og Fjordane har gjort for nynorsken. Kanskje særleg dei siste tiåra har bedrifter, organisasjonar og det offentlege i Sogn og Fjordane vist at nynorsk verkeleg har noko å seie for dei – jamfør Lotteri- og stiftingstilsynet i Førde, Lerum i Sogndal, Alexandra i Loen, Nynorskbyen Førde, Nynorske litteraturdagar i Aurland, Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter i Førde – og for den del skulemålsutviklinga i Flora.

Nynorsk institusjonalisering
Nynorsk er, som alle andre mindretalsspråk, utsett. Kvart år døyr mange, mange mindre nytta språk. Men ulikt mange andre mindretalsspråk, klarer nynorsk seg nokså bra. Det overraskande med den norske språksituasjonen er ikkje at nynorsk er utsett – det overraskande er heller at han er så pass stabil, både i reine tal og geografisk. Ein halv million nordmenn har nynorsk som sitt primærskriftspråk, med Vestlandet som kjerneområdet.

Rolla til Sogn og Fjordane er ikkje uvesentleg i den samanhengen. Mindre brukte språk treng eit heartland – altså eit territorium der språket står støtt, er upressa og kort sagt får lov til å vere det ‘naturlege’ og umarkerte. Eit slikt kjerneområde er viktig for kor godt den aktuelle språkgruppa greier seg, ikkje minst fordi det gjer det mogleg å byggje opp institusjonar for det mindre brukte språket. Ein institusjon vert gjerne definert som eit system av reglar som styrer personar i deira val i høve til andre personar eller fenomen i det same miljøet eller samfunnet, altså som ei handlingsregulerande norm. Når også eit mindre brukt språk får sjansen til å vere den formaliserte hovudregelen for ei gruppe, har det ein langt større overlevingssjanse i den brutale lingvistiske marknaden der me individuelle mindretalsspråkbrukarar har ein tendens til å bryte saman. Nettopp difor spelar Høgskulen i Sogn og Fjordane si språkforvaltning ei viktig rolle.

HiSF si regionale språkutviklingsrolle
Høgskulane har ei viktig regional utviklingsrolle. Det har dei for så vidt alltid hatt, og det vart understreka i stortingshandsaminga av strukturmeldinga om høgare utdanning i juni 2015. Regionalt utviklingsansvar er òg ein sentral politisk målsetnad for HiSF. Dette har fylgjer for vårt regionale språkutviklingsansvar. Jau, 60 prosent av studentane våre registrerer seg som bokmålsbrukarar, og me har svært mange tilsette som har bokmål som fyrstespråk. Men likevel har HiSF eit særskilt ansvar for Sogn og Fjordane, og det vil òg seie Sogn og Fjordane som språksamfunn. Når det gjeld Høgskulen si overordna språkforvaltning, bør studentpreferansar bør vere underordna det regionale ansvaret som det ligg i samfunnsoppdraget vårt å ta.

At HiSF institusjonaliserer nynorsken er òg viktig for å støtte individuelle nynorskbrukande studentar og tilsette ved HiSF. Me samarbeider meir og meir med andre fagmiljø og fagfolk, på tvers av institusjonar, både når det gjeld forsking og utdanning. Når studieplanar og artiklar skal skrivast saman med andre, dukkar fort spørsmål om val av språk opp. Då er det viktig at tilsette ved HiSF som ynskjer å skrive nynorsk, har ein institusjonspolitikk i ryggen som kan legitimere deira språkval.

Konsekvensar
Kva burde vere dei praktiske konsekvensane av at Høgskulen tek si regionale språkutviklingsrolle alvorleg? Her kjem tre framlegg.

Fyrst om lov om offentleg målbruk som seier at statsorgan skal nytte minst 25 prosent bokmål eller nynorsk. Formelt sett skal HiSF altså produsere 25 prosent bokmål. Politisk sett er dette unødvendig. Bokmål greier seg svært godt i det norske samfunnet, og bokmålsbrukarar på HiSF får språkleg støtte frå heile den norske offentlegheita utanfor HiSF. No kan me ikkje HiSF gjere eit offisielt vedtak om at me bles i tjuefemprosent-regelen. Likevel er det mogleg å gjere vedtak som tydeleg seier ifrå om kor problematisk det er for nynorsk som bruksspråk at høgskular i ‘bokmålsland’ saboterer lova, og om kor paradoksalt det dermed er at HiSF må gjere sitt beste for å eksponere nynorskbrukarar for bokmål i endå større grad. Vekta i handsaminga til HiSF bør liggje på vårt ansvar for nynorsk.

Det andre eg vil nemne, er HiSF sin nynorskprofil. Den viktigaste konsekvensen av at HiSF tek si regionale språkutviklingsrolle alvorleg, er at institusjonen faktisk står fram med ein nynorskprofil i møte med verda – med studentar og fagfolk utanfor oss. Det er grunn til å spørje om me gjer det i dag.

Det tredje, men slett ikkje det minst viktige, er at språkspørsmål må vege tyngre i debatten om samanslåing som me no er inne i. Her gjer eg kollega og historikar Gunnar Yttri sine ord til mine: «For ein institusjon som er sentralt plassert på Vestlandet, må vilkåra for å utvikla nynorsken som fagspråk koma i framgrunnen i vidare drøftingar. Vert det teke for lett på, kan ein stor kapital gå tapt.» (sjå http://krohnargument.no/2016/01/05/mangelfull-fusjons-rapport/). Betre kan det ikkje seiast.

  1. Ernst Håkon Jahr’s avatar

    Flott at dette spørsmålet blir reist. I den fusjonsiveren som no har smitta nesten heile sektoren, er målformspørsmål heilt ute av diskusjonen dei aller fleste stader. Det er det nynorsken som taper på.

  2. rypa’s avatar

    Ja, det har du diverre heilt rett i.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *