Corolla i krysspress

Noregs Mållag er 110 år i dag!

Til Mållagets 100-årsfeiring i 2006 skreiv eg ein tekst, publisert i Mål og Makt, om nynorskens nedturar og oppturar, om nynorskens feiringar, og om ein eigenleg har «rett» til å feire noko som helst når det gjeld nynorsk. Og så handlar han sjølvsagt om jubilanten Noregs Mållag. Eg republiserer i høve dagen. Til lukke!

Corolla i krysspress

Det er mykje moro i målsak, og jubileumsfeiring er heilt klart mellom det mest morosame. Jubileum, som fenomen, er òg heilt sentrale i å skape det kollektive minnet om eiga fortid som lever i alle rørsler og organisasjonar. Jubileum er viktig, men òg vanskeleg.

Alt var betre før
Når Noregs Mållag i år fyller hundre år, med kongeleg prakt og musserande vin, er det i trygg forvissing om at mesteparten av 2006 vert prega av heilt andre saker og heilt andre jubilantar. At Ibsen (og Livredningsselskapet) òg er 100 år, og at Mozart er 250, vil nok løyse ut mange fleire spaltemillimeter og fjernsynsminuttar enn den nynorske hundreåringen. Det kan me gråte for, eller me kan late vere.

For som me veit: Alt kan ikkje målast i medieoppslag. Kanskje har mållaget vore viktigare for nordmenn flest enn både Ibsen og Mozart, ja kanskje har mållaget vore livredningsselskapet til det norske språket. Det kan då òg vere lett å drøyme seg attende til dei gamle og såkalla gode dagane. Til 1906, til dømes, då valet stod klårt mellom norsk og unorsk. Eller til 1930-talet, då nynorsken fossa fram i norske skulekrinsar slik at sindige målmenn rekna med at den endelege sigeren var nær. Eller til dialektreisinga på 1970-talet, med nordnorske viser, flower power og ”snakk dialekt – skriv nynorsk”.

Ingen bør drøyme slik. Både me som er aktive mållagsfolk og alle de andre som brukar nynorsk alltid, ofte eller somtid, bør vere sjeleglade for det rommet nynorsken har vunne og for at situasjonen på dei aller fleste område er betre no enn for hundre, sytti eller tretti år sidan. I 1906 var nynorsken eit uetablert skriftspråk med svært lite litteratur – og det var ikkje ein gong lov å skrive nynorsk til universitetseksamen. På trettitalet, og lenge etter den tid, vart du sett på som ein fjott om du kom til hovudstaden og snakka eit norsk målføre. På syttitalet vart NRK framleis utsett for harde aksjonar mot dialekt- og nynorskbruk, læreboksituasjonen for nynorskelevar var høgst ustabil og det fanst mest ikkje nynorskbruk i næringslivet. Berre for å nemne noko.

Det er ein grunnleggjande skilnad på stoda i dag og stoda for hundre år sidan, ja berre for eit par generasjonar sidan. Nynorsk er ikkje lenger berre ein idé, ein skriftkode og ei kulturpolitisk kampsak for ei folkerørsle – nynorsk er eit normalt skriftsmål med ein litterær tradisjon, institusjonar, bøker og aviser, skular, bankar, og 500 000-600 000 brukarar. Mykje er vunne, kanskje mest innanfor skule, offentleg målbruk, skjønnlitteratur, etermedia og aksept for dialektar. Her har dei målpolitiske gjennomslaga kome, dei som nynorskingar flest har tent på og som ikkje hadde vore moglege utan Noregs Mållag. Det er mellom anna dette me held fest for i år, me gledar oss over alt som er oppnått på berre hundre år.

Passeleg glede
Festing og feiring er kanskje ikkje det mest mållagstypiske, og kanskje bør dette i framtida få ein større plass i målrørsla og blant målfolk – iallfall om ein skal tru somme utspel som har kome no i samband med mållagsjubileet. Mållaget må ha glede som mantra dei neste hundre åra, me må glede oss over vår store kulturskatt, skreiv Nationen på kommentarplass 2. februar i år. Mållaget og nynorskfolk må vere mindre i forsvarsposisjon og vise meir overskot, sa forfattar Ragnfrid Trohaug på Fredrik Skavlan sitt prateprogram 27. januar. Og kvar er nynorskens svar på Leif Juster, spurde nynorsksynsar Einar Økland i eit intervju med Nynorsk Pressekontor 31. januar, der han òg slo fast at lyst har vore eit tabuord i målrørsla.

«Og kor du bryggjar og kor du bakar, d’er alltid ein som det ikkje smakar», sa Ivar Aasen. For feiring for målfolk er alltid feiring med bismak, om me no vil det eller ikkje. Det står alltid nokon lurande bak døra med eit lite ris. Den same Einar Økland tykkjer til dømes i same oppslaget at det òg kan bli for mykje lysteleg feiring, at det for målfolket sin del no er på tide å vere sjølvkritiske. Og kva med utfordringane for nynorsken då, spurde Dagbladets Tore Rem i meldinga si av Ottar Grepstads Viljen til språk 1. februar. Slutt med dyrkinga av festspråket!, held Rem fram, og skriv: ”Det blir generelt færre nynorskbrukere. Og antakelig skifter hver tredje nynorskbruker over til bokmål før fylte 25. Frafallet er størst blant kvinner. På sakprosafeltet kjemper nynorsken en hard kamp, mot den engelske syken og et dominerende bokmål. Og i de største riksavisene står nynorsken svakt. Nynorskfolkets institusjonsbygging har utvilsomt vært riktig, men hva gjør man når aktiviteten likevel synker?”

For å vri litt på verselina til Ivar Aasen: Damn if you do, damn if you don’t. Mållaget må feire seg sjølv og nynorsken skikkeleg, fordi me må vise oss glade og fordi det er så mykje å glede seg over. Og Mållaget må ikkje feire for mykje, for det er stor grunn til å vere sjølvkritisk og til å sjå på alle problema som nynorsken står overfor. Mållaget må framelske festen, men passe seg vel for festspråket.

Den vanlege nynorskbrukaren
Sjølv er eg samd med både Einar Økland og Einar Økland. Mållagsjubileet må fange somme av desse doble og delvis motstridande ambisjonane som truleg dei fleste av oss har for Noregs Mållag no. Me må opne for skryt og pisk, både frå oss sjølve og frå den heilt vanlege nynorskbrukaren (som Einar Økland?).

Ja, det er mykje snakk om deg for tida, du heilt vanlege nynorskbrukar. Mange har peikt på at du representerer ei av dei største utfordringane for Noregs Mållag dei neste hundre åra. Den jamne nynorskbrukaren finn seg nemleg ikkje til rette i målrørsla. Den jamne nynorskbrukaren ofrar aldri mållaget ein tanke.

Det er ingen tvil om at det hadde vore flott om Noregs Mållag organiserte fleire heilt vanlege nynorskbrukarar. Det er vel heller ingen tvil om at mållaget aldri har organisert denne gruppa, kven no det eigenleg skulle vere. Den siste granskinga eg har sett av emnet ”Kven er den vanlege nynorskbrukaren” vart gjort av Riksmålsforbundet og presentert i Ordet, avisa til riksmålsrørsla. Skal ein tru denne avisa er gruppa av nynorskskrivande samansett av ”påfallende mange arbeidssøkende og permitterte” (Ordet 4/2005).

Noregs Mållag har gjennom desse hundre åra lege på eit forbausande stabilt medlemstal, stort sett mellom 10 000 og 15 000. Sjølv om ein veit at målrørsla relativt sett organiserte ein større del av nynorskbrukarane før krigen, har mållagsmedlemer alltid utgjort ein forsvinnande liten del av det samla talet på nynorskbrukarar. Ingen i målrørsla vil naturlegvis slå seg til ro med dette. På den andre sida: Det at mållaget ikkje er viktig for den jamne nynorskbrukar er ikkje det same som at mållaget ikkje er viktig for nynorskbruken. Då snakkar eg ikkje berre om dei hundre åra som har gått, men òg om dei hundre åra som skal kome.

For folk i det vonleg meir og meir fleirkulturelle Noreg oppfattar etterkvart den norske tospråkssituasjonen som det normale. Då gjeld det for Noregs Mållag å jobbe for ein praktisk språkpolitikk som samsvarar med denne mentale tospråkssituasjonen.

Det gjer berre Mållaget
Eg trur at Mållaget sitt seige arbeid for kanskje keisame einskildsaker som nynorsk programvare i skulen og for Rema 1000 på nynorsk er viktig for den jamne nynorskbruken. I det neste hundreåret vil eitt spørsmål i stadig større grad oppta språkforskarar, kulturaktivistar og globaliseringskritikarar verda over: Korleis kan vi berge dei små språka for etterkomarane våre? Ingen annan organisasjon eller institusjon i Noreg tek det totale grepet om mylderet av små og store oppgåver som høyrer til denne globale hovudutfordringa. Det gjer berre Mållaget.

Noregs Mållag er som Toyota Corolla – kanskje føreseieleg og noko sid i ræva, men også sikker, uthaldande og svært billig i drift. Diverre er det ingenting som tyder på at det ikkje er behov for organisasjonar som Noregs Mållag dei neste hundre åra, og for den jamne nynorskbrukar vil mållaget difor òg i framtida vere iallfall like viktig som Ibsen og Mozart og Livredningsselskapet. Til lukke, nynorskingar!

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *