Ei låg tørr tikking

Kvar vart det av Paal-Helge Haugen? Ein av etterkrigstidas finaste. Greitt at du har gått ut ein tur, Haugen, men no kan du kome inn att.

Februardiktet heiter:

Det er månelys februarnatt
og eg har gått ut

Og her er det:

Utanfor dei vanlege veggene er alt annleis.
Eg ville gjerne gå tilbake,
men hundegaulet frå den andre sida
har nådd øyro mine.
Det er kaldt, og over alt er ei låg tørr tikking
som frå eit stort urverk.
I månelyset blir hendene mine underleg kvite
og ubrukelege.
No har hunden tagna.
Eg høyrer mjuke potar i den kalde snøen.

(frå samlinga På botnen av ein mørk sommar, 1967)

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *