160 mil med Tre små kinesere

Fredag 2. mai, klokka 07. Brodern, tanteMarte, eg, storesys og mellomsyster klare for 680 km. Litlåsen, Namsskogan kommune next.

Hesjevollen. Eg gjer merksam på at samleplata til Tre små kinesere står fast i cd-spelaren i bilen. Systrene gjer merksam på at dei vil høyre på. Brodern reknar ut at me kjem til å få høyre plata ca. 11 rundar før me er framme: «Folk har lagt sæ te så eksklusive vana… klue e visst å vær internasjonaaaaaaaaaal», gaular jentene før me er komne til Bukti.

Turtagrø. Me registrerer at det er mindre snø her enn i Krundalen. Sms frå mamma: «De har vel fått med dykk raset på Otta, men eg sender no melding likevel.» Dei to eldste Bjørhusdals: «Jesus, mamma.». Mellomsys lurer på om me snart er framme.

Lom. Sms Anne-Lise: «Kåleis går det med dikka? Kjem de forbi rasa?» til samtlege vaksne i bilen. Ein liten radiopause frå Tre små kinesere røpar at det òg er gått ras på Dombås. Rett etter ny sms frå mamma: «Det har gått ras på Dombås òg!» Det var då faan til dag å reise på, mumlar brodern. Sjåførbyte! Det er min dag i dag!

Garmo. Brodern: «Døh, har du høyrt om tusenogeintusenogto-regelen?» «Døh, har me det travelt eller?» TanteMarte sukkar.

bilde002.jpg

Vågå. 10 min på benserten. Drivstoff, pylse, gullpengar, tyggis, knaskegulrot, Onkel O ringjer: «Kafaan, har de høyrt om rasa, eller?»

I bilen att. Eg køyrer og tekstar til halve verda: «Det går bra med det raset på Otta, for me køyrer snarvegen om Sel.» Brodern tekstar til mamma: «Ikkje meld til Eli, for ho køyrer dårleg/fort nok når ho ikkje tekstar». Vidare, i vaskebrettvegen opp frå Vågå: «HAR me det travelt, eller?» (Han skulle berre ha visst.)

Eit par km frå Dombås. Sms til husbonden: «BB, K og T søv». Sms frå husbonden: «Søtt. Då skulle d vera nokre greie mil i sikte». Bilens vaksne damer kunne ikkje ha vore meir samde. Av med Tre små kinesere.

bilde004.jpg

Rett etter Dombås. Kor pokker var det raset henne, då? Skulle det ikkje vere på E6en rett etter Dombås?

Ei god stund etter Dombås. TanteMarte: «Du veit at det er 60 her, sant?» Det var då så sinnsjukt med 60-soner òg. Trudde det skulle vere strake vegen, eg no.

Ei god stund til etter Dombås. Stort skilt på høgre side av vegen. Kaihelsike??? Møre og Romsdal??? BB vaknar av fløytande bil som akkurat unngår 7-setar frå Jostedalen i u-sving. Sms til husbonden: «Eh…Bjorli. På veg attende til Dombås frå fylkesgrensa.»

Utvalde replikkar frå brodern: «Her har eg sove og sove og så har me ikkje forflytta oss ein meter!» «Ja, eg tykte eg såg Purkahola, der eg har vore og klatra. Det er jo berre 20 min frå Åndalsnes.» «Det går ein snarveg frå Vågå til Lesja, faan at me ikkje tok den», «Me får berre late som me har køyrt Strynafjellet». Sms frå husbonden til den siste: «Trøyst: Det hadde vore 6 mil lenger».

Utdrag frå utvalde sms-ar: «Så du tykte ikkje det var merkeleg at Dovre ikkje dukka opp?», «Bra på Bjorli i dag? Snø i anlegga?», «12 mil ekstra med ein 4-åring og ein 5-åring, pyttpytt».

Dombås. Storesys vaknar: «Ååååå, no har eg sove lenge, har me køyrt langt?» Brodern: «Jepp.» TanteMarte: «Sjå, raset!»

dscf6294.JPG

Rett etter Dombås. Brodern: «Enig og tro til Bjorli faller.»

Oppdal. Me er halvveges! Og på grunn av den vesle ekstrarunden om Romsdalen, er me faktisk lenger enn halvveges! 35 mil att. Og kineserar med om lag tre kordamer syng ivrig på trønderske tekstperler: «Kor e dæm som veinte på en skjæbne, hoill pusten, hoill drinken, du finn dæm på kafé, jejejeeeeeeeeee…»

Støren. Sms til husbonden: «Et lite wienerbrøøøøøød på…»

Klett. Sms til husbonden: » Jetsetliv i Breinnebukta, og kokain på…»

Heimdalsmyra. Sms frå husbonden: «Lundamo?» Der har eg att for spørjeleik om norsk songlyrikk.

Trondheim. Sms frå husbonden: «Hald deg for guds skuld etter skiltinga til Narvik». Brodern: HAR me det travelt, eller? Tre små kinesere: «Og kling klang klirre det i kåbbåiboots på Nordre, mmmm, æ e æ, mmmm…» Mor og born syng med, og eg køyrer nesten forbi ein trailer i Helltunnellen.

Hell. Ein time stogg på det sjarmerande Hellsenteret. Middag/pannekake på Holms bakeri (ettersom det idiotisk nok ikkje var bakeri på Støren) og prinsessebarbie på Jysk. Og eit overrumplande sjåførbyte!

dscf6292.JPG

Steinkjer. Eg vaknar med eit rykk! Kvar er me? Brodern: «Dombås.» Dei yngste Bjørhusdals og Tre små kinesere: «Æ har lyst på dæ og du har lyst på mæ, no kainn du kom hit å vær naaaaaaaaken…» TanteMarte knipsar fram til neste song. Yngste Bjørhusdals diskuterer om dei skal høyre spor 1, 9, 16 eller ein frå gullrekkja 20, 21, 22, og ropar fram ulike framlegg. Brodern: «Dette er som å vere på bingo.» Men premien er alltid Tre små kinesere!

Grongn. Drivstoff og stuprydding av bil. Enorme mengder med sognabos vert lagt att i laksebygda. Brodern: «Nei, du får faan ikkje køyre.»

Rett etter Grong. Storesys: «Er me snart framme no?» Og ettersom det var dagens andre etter mellomsyster sin på Turtagrø, får ho ikkje skjenn. Takk, barbie from Hell.

dscf6297.JPG

Klokka 19.00 arriverer me Litlåsen, etter 12 timar, 800 kilometer, fem fylke (yes) og for min del 47 sms-ar etter oppstart. TanteMarte: «Kor langt er det eigenleg herfrå til Sandnessjøen?»

bilde007.jpg

Og fordi brodern skulle føre Josten på langs måndag klokka 10, køyrde me ned att sundag. Tre små kinesere stod framleis fast, me tok ikkje til høgre på Dombås, men me køyrde om Otta (for å sjå raset), så me enda på 1600 km då me rygga oss inn mot Rasmushuset på Gjerde sundagskvelden klokka 20.

  1. bb’s avatar

    «Skarpe skår» med di andrestemme og Tora for full hals surrar og går oppi hovudet mitt endå! ca 36 timar seinare. Men det kunne jo ha vore verre, vart me ikkje einige om det?? Turboneger eller Kaptein Sabeltann – grøss..

  2. bb’s avatar

    AM sin kommentar.

  3. Karin’s avatar

    Kan eg få vere med neste gong de ska på road-trip? Ditta dar høyrdest no artigt ut!!=) Rett og slett fantastisk!

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *