Rottespora i snøen

I 1990 gav Anne Karin Toheim ut Tida er verken ute eller inne, i 1993 Huset på halvvegen og i 1996 Ferskentransporten. Desse diktsamlingane har ho kalla Ferskentrilogien, og (førre) månadens dikt er det siste diktet i den siste boka i trilogien.

Eg går ut frå at dette diktet samtalar med Kjartan Fløgstad på eit eller anna vis, men eg er ikkje heilt sikker på korleis og kvifor. Skal me ta diktet på ålvor, er det vel heller ikkje denne bloggen sin bissniss å finne det ut.

Hemmeleg jubel

Diktet er der, ute på moloen i februar
Berre svakt opplyst av månen

Bortanfor privat og offentleg sektor
Ingen teikn, ingen bilde

Berre orda som speglar seg
i meg eller deg

Kva orda speglar, veit berre vi
Så ikkje ver redd for rottespora i snøen

Diktet er der, ute på moloen
og på det kviler vår autoritet

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *