Språket. Er det så nøye då?

Vil du som sender barna dine til ein bokmålsskule, at dei skal få ein lærar som ikkje meistrar bokmålet?

Det er ingressen til ein kronikk som Øygunn Skodvin Prestegård og Ingvil Brügger Budal, gode kollegaer på NLA-høgskolen, Hege Myklebust, god kollega på Høgskulen Stord-Haugesund og eg har på trykk i Bergens Tidende i dag. Teksten handlar om språkopplæring og nynorsk sin plass i den nye lærarutdanninga.

Språket – er det så nøye då? Her ligg han: http://www.bt.no/meninger/kronikk/Spraket—er-det-sa-noye_-da-3570581.html

Og sidan me snakkar om språk, høver det vel godt med ein Olav Aukrust-klassikar som mars-dikt:

Vårblå himil i mars

I stekkja, nedsnøa fjellskog gøymde,
var kjervi utrivne, lasset lesst.
Eg låg på lauvlasset, dorma, drøymde,
og morgonstjerna stod bleik i vest.
Og hesten lunka, og bjølla singla,
det song so vakkert i massing-dingla:
A linge-ling, linge-linge-lan –
tobak og pipe, so går det an!

Eg låg på ryggen og såg på røyken
vart blåe risar og rare dyr.
Og heid og himil og eg og øyken
og alt ikring oss vart eventyr.
Kva er so gufsande friskt og godt som –
og mildt og drivkvitt og reint og blått som
– å linge-ling, linge-linge-lei –
ein vårblå himil og mars på heid!

Det skein og blenkte so hål ein blåne,
der slede-meian på vegen rann.
Og uthengd var det so blank ein måne,
og alt var vakkert og vel i stand.
Det var so inderleg mjukt og mildt, at
det rann so lett, og det var so stilt, at
– å linge-ling, linge-linge-lo –
all skog og vigge som fjetra stod.

Og grønt var lasset, og kvit var skogen,
og raud var himiln i aust å sjå.
Og mi var stundi, og vårleg hugen,
og vakker ho som eg tenkte på …
Ho Guri Jukule, vakker-gjenta,
kven var det, tru, som ho gjekk og venta?
Ja, linge-ling, linge-linge-lan –
de’m ein fyngeho, ljotealt gå an!

(frå Hamar i hellom, 1931)

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *