Før vintermørket

Medan haustvindane fer ille med ospelauv og rauneber les eg i leksikonet Allkunne:

«Åse-Marie Nesse blei for alvor ein publikumskjær lyrikar med diktsamlinga Vinterhuset (1981), som er dedisert «Til far og mor». Dikta handlar om heim og barndom på Jæren og først og fremst forholdet til foreldra i den siste livsfasen, då dei var på sjukeheimen. Poeten skriv innlevande og perspektivrikt om institusjonar for gamle og om det mentale livsrommet hos menneske som snart skal døy.»

Nicolai Gedda døydde elles tidlegare i år.

1979, Sommar

September, seinsommarvarme, og far
for første gong i Konserthuset, oppglødd
sjølv etter åtte timar på toget
lett på foten og ennå staseleg
ekte gehalt, frå århundreskiftet
såg Tryggve Gran då han landa på Reve
men dette er større, dette er Dagen
– tenk, å få høyre Nikolai Gedda –
sommaren duvar på blinkande vatn
med kvite segl, og kven kunne vite
at svarte segl låg der og venta
eg trur han bar denne songen med seg
over på andre sida – Sing, sailor, oh

1990, Haust

September, for tidleg haustregn, og mor
for første gong i Konserthuset, sliten
etter den halve timen på flyet
tynn og stille og ennå sorgtyngd
men nå er vi her, la tonane fløyme
syng fram gleda hos mor mi, Gedda
– det er som å høyre dei himmelske tonar –
ho talar med bestemors tunge, og alltid
kjem vi attende til same staden
der elva renn ut i opne havet
eg sit og veit det er siste gongen
veit ho vil gløyme kvelden og songen
før året er omme, før vintermørket

(frå Vinterhuset, 1981)

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *