Fylkesmannen synsar vidare

Eit av dei viktigaste prinsippa bak folkestyret vårt er eit politisk nøytralt og uavhengig embetsverk. Bloggen som fylkesmannen i Sogn og Fjordane har oppretta, trur og tykkjer i veg om kommunesamanslåing, sjukehusnedlegging og kommunale asylmottak og balanserer såleis på ei tunn line.

No har Fylkesmannen blogga att, denne gong i hamen åt utdanningsdirektør Åslaug Krogsæter. Krogsæter har fått i oppdrag å kartleggje årsakene til skulenedlegging dei siste åra, og finn det for godt å skrive litt om temaet skulenedlegging og små og store skular.

Krogsæter held fram at her finst ingen fasitar, og at det er viktig å vere grundig og respektfull i diskusjonen, men trur likevel at små skular ikkje greier å stette faglege krav, trur ikkje dei har gode nok pedagogar og stiller dette fullt ut respektfulle spørsmålet : ”Er det til dømes eit greitt utgangspunkt å vere den einaste guten av fem elevar på trinnet sitt?” Til sist understrekar ho at det viktigaste er å tenkje på ungane, og i neste setning: ”Nostalgiske tankar om kvite små skulehus for 40 år sidan gagnar ikkje framtida.”

Åslaug Krogsæter er altså Utdanningsdirektør åt Fylkesmannen. Eg anar ikkje kva for krav som vert stilte til fylkesmannsstaben når dei skal skrive slike bloggpostar, men eg veit kva krav eg stiller til lærarstudentane mine når dei skal skrive argumenterande tekstar: Ikkje tru. Underbygg standpunkta dine. Veg for og imot. Vis til generalisert kunnskap, til skuleforsking. Det verste du kan gjere er å synse i veg på grunnlag av pedagogiske mytar.

Utdanningsdirektøren til Fylkesmannen har nok ikkje gått på skule hos meg. Utdanningsdirektøren til Fylkesmannen viser ikkje til ei einaste gransking, ikkje eit einaste forskingsresultat, ikkje ein einaste debatt.

Og hadde ho gjort det, hadde ho ikkje kunna skrive som ho gjer. For det er ingenting i skuleforskinga som tyder på at Utdanningsdirektøren i Sogn og Fjordane har rett. Det er altså ingenting som tyder på at Utdanningsdirektøren i Sogn og Fjordane har oversyn over skuleforskinga på dette feltet. ”Eit anna moment som etter mi vurdering ikkje får nok merksemd, er elevane sitt læringsmiljø”, skriv Krogsæter. Hæ? Kva er dette? Veit ikkje Krogsæter at den pedagogiske litteraturen fløymer over av forsking på læringsmiljø?

Eg er dritlei av å gjenta meg sjølv, men altså: Skuleforskinga har i mange år no sagt at storleik på skular ikkje er det som betyr noko når det gjeld ’stetting av faglege krav’. Les min tidlegare bloggpost, Dogme om dårlege småskular, inkludert kommentarfeltet. At utdanningsdirektøren vel å sjå bort frå dette, eller ikkje veit det, er oppsiktsvekkjande.

Ein av dei siste forskingsrapportane som kom om temaet, frå Senter for økonomisk forsking ved NTNU, seier det motsette av kva Krogsætar påstår: «Små skular gir betre resultat» – forskarne finn no «ein tendens til at elevar på små skular tvert imot får marginalt betre resultat enn på dei større skulane, etter å ha korrigert for foreldra sitt utdanningsnivå». Igjen: At utdanningsdirektøren vel å sjå bort frå dette, eller ikkje veit det, er oppsiktsvekkjande.

Resultatet er naturlegvis at Fylkesmannen reproduserer mytar.

Ein må kunne krevje at Utdanningsdirektøren held seg for god til å synse uhemma. Ein må kunne krevje av folk i dette embetet at dei iallfall prøver å finne forskingsresultat og generalisert kunnskap som kan underbyggje synspunkta deira. Utdanningsdirektørens manglande vilje til underbygging, den tendensiøse bruken av stråmenn (kven i alle dagar er det eigenleg som argumenterer for desse små, kvite skulehusa?) og konklusjonane som ikkje er avstemde med forskinga, men som fungerer svært, svært politisk – alt dette gjer meg forstemd, og det burde gjere fylkesmannen forstemd, fordi han såleis misser legitimitet.

Eg har vore positiv, men skeptisk til Fylkesmannbloggen. Eg likar debatt. Somme tider er eg samd, som i asylmottaksaka, ofte er eg usamd. Og berre dette har gjeve meg grunn til å stille spørsmål: Skal ein no eigenleg kunne vere herleg samd eller rykande usamd med statens embetsverk? Skal embetsverket ha ei sjølvstendig politisk røyst?

Skepsisen har ikkje veikna etter dette. Er ikkje nettopp det at eg ser meg nøydd til å skrive denne teksten eit prov på at something is rotten i Statens hus?

  1. Odd Frantzen’s avatar

    Det eg meiner er viktig å ta med seg her, er at dei nasjonale prøvane er tydelege på at elevar på små skular gjer det dårlegare enn på større. Og at denne konklusjonen bygger på eit stort og godt talmateriale.

    Dessutan visar rapporten frå NTNU at elevar på reine barneskular gjer det betre enn i kombinerte barne- og undomsskular.

    Rapporten frå NTNU korrigerer for elevsamansetjing og foreldra sitt utdanningsnivå. Det betyr at elevar på små skular berre gjer det bra der elevane sin sosiale bakgrunn er god og foreldra har mykje utdanning.

    Slik sett er det sjølvsagt ikkje grunnlag for å sei, som overskrifta i BT gjer, at små skular generelt gir betre resultat.

  2. rypa’s avatar

    Utdanningsnivået mellom foreldre på ein liten skule vert ikkje annleis om ein slår han saman med ein annan. Ettersom eg reknar med at du ikkje meiner at ein ikkje skal korrigere for utdanningsnivå i slike granskingar, er det høgst diffust for meg kva du meiner. SSB presiserer sjølv at forskjellen mellom store og små skular som ein finn i nasjonale prøver, skuldast at foreldre i byen har meir utdanning enn dei på bygda. Men dette er ikkje akkurat eit argument for å slå saman to grendeskular oppi Naustdal (det kan det for øvrig vere heilt andre argument for.)

  3. Oddvar Flæte’s avatar

    Du skal ha ros for at du skriv friskt. Hakket kvassare enn vi har høve til.

    Men:
    Vi har i overkant av 100 medarbeidarar, dei fleste med utdanning på masternivå, nokre jamvel på dr.gradsnivå. Kunnskapane deira vert halden vedlike og vidareutvikla gjennom å oppdatere seg på forsking innan fagfelta deira, gjennom kurs og etter- og vidareutdanning og ikkje minst gjennom den daglege oppgåveløysinga.

    Det ligg til Fylkesmannen si rolle å formidle informasjon om tilstanden i fylket. Denne informasjonen er tufta på statistikk, utgreiingar og forsking, men og observasjonar og kunnskap om faktiske tilhøve som vi får tilgang til i det daglege arbeidet vårt, td om tilstanden i kommunane. Vi utfører ei rekkje tilsyn med helse- og sosialtenesta, i barnevernet, på sjukeheimar, i skular og barnehagar. Vi gjennomfører kommunetilsyn og forvaltningskontrollar på miljø og landbruk. Vi går gjennom kommuneplanar, kommunebudsjett og økonomiplanar. Vi handsamar klagar på kommunale vedtak på ei rekkje område. Vi gjennomfører opplæring, rettleiing og rådgjeving for kommunane på heile spekteret av fagområde som vi har ansvar for, og vi gjennomfører ei rekkje dialogmøte og –samlingar med kommunane.

    Til saman gir dette arbeidet mykje kunnskap og innsikt i tilstanden i kommunane. Å påstå at vi driv med lettvint synsing, er i beste fall ei feilslutning. I verste fall eit forsøk på hersketeknikk. Eg er glad for at du har solid utdanning. Eg kan forsikre deg om at også utdanningsdirektøren følgjer med.

    Tilsvaret på det faktiske innhaldet i saka finn du bloggen vår.

  4. Odd Frantzen’s avatar

    Eg håpar me kan diskutere på generelt grunnlag. Me snakkar ikkje konkret om skular verken i Naustdal eller i Jostedalen, gjer me vel?

    Vi kan altså ikkje generelt konkludere med at små skular er betre eller dårlegare enn store skular, reint fagleg. Det eine kan vere like bra som det andre. Det er i alle fall vanskeleg å finne forskning som eintydig trekker fram det eine som betre enn det andre.

    Men eg held fast ved oppfatninga mi om at små pedagogiske miljø lett blir meir sårbare enn større. Dessutan, vil det ikkje vere ei utfordring å rekruttere dei beste pedagogane til dei minste skulane? Kan ikkje fagmiljøet lett bli for lite?

    Og kva med den sosiale delen. Den er det ikkje så lett å måle. Den beste målinga er kanskje når elevar sjølv gir uttrykk for at dei godt kunne tenkje seg å gå på ein større skule der det er lettare å få vener på sin eigen alder? Der mangfaldet er større?

  5. Marit’s avatar

    kjekt å få ei oppsummering av kva Fylkesmannen driv med.

    Men at den omtalte bloggposten er politisk utan å vere underbygd med forsking (altså synsing) trur eg de må hoppe over ein kaffipause for å motbevise.

  6. rypa’s avatar

    Og Fylkesmannen, både Flæte og Krogsæter, skal ha ros for å ta debatten på ålvor, både her og på fylkesmannbloggen.

    Eg veit at staben til Fylkesmannen er proppfull av folk med høgare utdanning, og eg veit at Utdanningsdirektøren òg har det. Difor er det overraskande, og skuffande, at Utdanningsdirektøren her kjem med noko som er så udokumentert, og som har slik politisk slagside.

    Eg synest ikkje du bør bruke omgrepet hersketeknikk i denne samanhengen. «Tilbakeholdelsene av informasjon» er ein av Berit Ås» fem klassiske hersketeknikkar, og eg synest det er den Fylkesmannen sjølv har nytta her. Her er det me brukarane sjølve som må grave fram andre synspunkt og informasjon. Alternativet er å bøye seg for autoriteten til Utdanningsdirektøren og ta hennar synspunkt for god fisk.

  7. oddmund’s avatar

    Eg skreiv noko om kvaliteten på små og store skular i november, som ser ut til å ha fått ny aktualitet – sjå http://www.krundalen.no/blogg/?p=568. Slik eg tolkar hovudpoenga frå den norske og internasjonale forskinga, har ein ikkje påvist systematiske skilnader mellom små og store skular korkje når det gjeld fagleg kvalitetet/læringsutbyte, læringsmiljø eller lærarkvalitet. Variasjonane innanfor gruppene er langt større enn mellom dei. Difor bør ein slutta å prata generelt om små kontra store skular, og heller ta seg bryet med å vurdera kvar einskild skule, anten han er stor eller liten.
    Men det er jo mogleg at det nye banebrytande utgreiingsarbeidet til Fylkesmannen vil visa oss noko heilt anna enn John Hattie gjorde då han samanfatta 52 000 skulegranskingar av til saman 80 mill elevar verda over i boka Visible learning (2009). Så her gjeld det å følgja med.

  8. julebukken’s avatar

    Uansett: At Fylkesmannen dukkar opp/ned i bloggverda og deltek i diskusjonen, det må vel representera eit paradigmeskifte. Og etter mitt syn noko særs gledeleg og bra!

    At leiarar på kommunalt nivå gjer det same, det er det sikkert nokså lenge til. Men at Fylkesmannen her går føre med eit godt eksempel, det er ein siger for demokratiet! (Motførestillingane til at han skal gjera det, reknar eg med er vel kjende.)

  9. rypa’s avatar

    Frantzen: Me har vore igjennom nett denne runden før på denne bloggen, og eg veit såleis at du «held fast ved» synspunkta dine uansett motargument.

    Eg er elles samd i dette: Dersom elevar ved ein skule ikkje vil gå der, dersom (større) elevar meir eller mindre kollektivt gjerne vil til ein annan skule, bør dei få det.

  10. Statistikaren’s avatar

    Han held no berre fast på dette med sårbarheit, og det er det noko nærmast matematisk uunngåeleg med, vel? Det er rett nok eit motlegg mot det meste som er smått.

    (I andre samanhengar kunne ein rett nok lagt imot at store einsarta miljø òg er sårbare, på andre måtar, og at eit «verd» som femner om eit mangfald av små miljø (til liks med nettverk), er meir robust sett under eitt. Men det må vurderast frå samanheng til samanheng om det er relevant, og det er vel ikkje det her.)

    Ein annan ting: Vert dei dårlege lærarane automatisk gode i store miljø?

  11. Statistikaren’s avatar

    Ein liten parentes: (Eg må seia at Fylkesmannalaget fortener ros for ikkje å gå rett i (den retoriske) skyttargrava etter Jostedals-salva.)

  12. julebukken’s avatar

    Beklagar. Eg er litt i svime, framleis.

    At Fylkesmannen plutseleg dukka opp på denne bloggen, blir litt som om at viss Vårherre plutseleg hadde kome inn med ein kommentar om at td. Dei Ti Boda vart litt feiltolka. Det var ikkje slik han hadde meint det då Moses fekk dei…

  13. Statistikaren’s avatar

    Korleis kan BT-artikkelen lesast slik?:

    «Rapporten frå NTNU korrigerer for elevsamansetjing og foreldra sitt utdanningsnivå. Det betyr at elevar på små skular berre gjer det bra der elevane sin sosiale bakgrunn er god og foreldra har mykje utdanning.»

  14. Odd Frantzen’s avatar

    Fordi dersom ein ikkje korrigerer for foreldra si utdanning og «andre forhold», kva no det måtte vere, vil resultatet bli at elevane på dei små skulane gjer det dårlegare enn elevane på dei skulane som er større. Slik dei nasjonale prøvene viser.

    Kvifor er denne rapporten laga av økonomar ved Senter for økonomisk forskning? Har dei kunnskap om pedagogikk og sosiale tilhøve i skulen?

    Dei seier dei har korrigert for foreldra sitt utdanningsnivå og «andre forhold.» Kva er desse andre forholda? Og er undersøkinga i det heile relevant når ein ser vekk frå viktige faktorar som påverkar læringsresultatet?

    Dessutan berører ikkje denne rapporten det som går på dei sosiale tilhøva. Det går ikkje å diskutere læringsutbytte utan å også ta hensyn til dette. Ein god skule er god både fagleg og sosialt.

    Eg trur ein skal ha klart for seg at det er mogeleg å få laga forskingsrapportar som støtter nærast eit kvart syn. Denne rapporten berører berre ein ørliten del av eit stort og komplekst tema.

    Og dette er sjølvsagt forskaren som kjempar for sin grendaskule der inne i Luster klar over.

  15. Odd Frantzen’s avatar

    oddmund skriv:

    «Det som derimot gjer markante utslag, er kvaliteten på læraren (bombe). «

    Då blir spørsmålet, får vi dei beste pedagogane til å jobbe ved dei minste skulane?

  16. Statistikaren’s avatar

    Eg reknar med at du ikkje meiner utdanningsnivået til foreldra stig når elevane går over til ein større skule, men til dømes at nivået på elevane med lågt utdanna utkantforeldre stig. Gjer det det? Om ikkje er det vanskeleg i farten å sjå at lesinga av artikkelen er relevant.

    «Andre forhold» til side — kva er gale med å korrigera for t.d. utdanning?

    Elles er det sjølvsagt mykje i den generelle forskingsrelativismen din, men korleis kan den brått vera eit argument berre for den eine sida (samstundes som det skal diskuterast «på generelt grunnlag»)?

    Eg skjønar forresten ikkje kvifor «dei beste» pedagogane skal arbeida ved dei minste skulane? Er det ikkje nok at dei er gode? Dersom utkantelevar skulle gjera det litt dårlegare på grunn av faktorar som ikkje har med skulen å gjera, ja, så er det vel slik, då. Men misforstå ikkje: Det er ikkje noko gale med å prøva å retta opp slagsida.

    Kor store skilnader mellom gruppene må til før det er heilt illegitimt å ta omsyn til andre ting i samfunnet enn gjennomsnittslæringa til elevane? Bør dei ikkje i det minste vera heilt klåre?

    Eit anna spørsmål er kvar dei dårlege pedagogane gjer av seg når grendaskulane forsvinn. Nokre av dei hamnar vel på dei store skulane (i lag med utkantelevane) utan at dei vert meir dugande av det? (Andre vert vonleg pressa ut av denne delen av arbeidsmarknaden.)

  17. Odd Frantzen’s avatar

    Det er godt mogeleg at både lærarane og elevane utviklar seg betre i eit noko større miljø. Det er heile poenget mitt.

  18. Statistikaren’s avatar

    Ja, det er vel mogeleg.

  19. rypa’s avatar

    Jepp. Og det er godt mogleg at både lærarar og elevar utviklar seg betre i eit noko mindre miljø.

    Så der står ein, og kva gjer ein då? Eg siterer Oddmund: «Variasjonane innanfor gruppene er langt større enn mellom dei. Difor bør ein slutta å prata generelt om små kontra store skular, og heller ta seg bryet med å vurdera kvar einskild skule, anten han er stor eller liten.»

    Ein får med andre ord dei beste pedagogane til å arbeide ved småe skular (også) – jamvel om Frantsen ikkje TRUR det.

    Og til slutt: Det er heller frustrerande å diskutere med nokon som meiner at den sosiale sida ved skulen er den viktigaste når det passar han, den faglege sida når dét passar, som trur på statistikk når det passar, og som ikkje trur på statistikk når dét passar. Det viser vel at denne saka eigenleg ikkje betyr noko for deg, Frantsen, at du reknar denne diskusjonen som eit (sosialt og politisk kostnadsfritt) tidtrøyte.

    Men ja, saka betyr noko for meg. Det gjer at eg har gidda å lese denne forskinga, det gjer at eg har retning og konsistens i argumentasjonen min – som igjen gjer at eg faktisk er interessert i å diskutere, finne ut av ting, ikkje berre kverulere. Og det siste har eg slett ikkje tid til.

  20. Friedrich Bietzsche’s avatar

    Når forskningen så klart viser at foreldrenes utdanningsnivå spiller en rolle for den videre utvikling av menneskematerialet, gir konklusjonen seg selv: Barn fra intellektuelt laverestående familier bør overføres til familier på høyere intellektuelt nivå i sentrale strøk, der de etter hvert vil oppnå høyere intelligens. Ikke bare det: Takket være nivåhevningen vil størrelse og intellektuelt nivå på familiene etterhvert korrelere, noe som gjør det innlysende også for de mest bakstreverske at overføringen av barn til store familier må intensiveres.

    Noen vil nok hevde at de menneskelige omkostningene er høyere ved et slikt tiltak enn tilsvarende i skolesammenheng, men hvor mye større og sikrere er ikke nivåhevningen og gevinsten for samfunnet? Det kan således kun være feighet og vikarierende, sentimentale argumenter som taler mot et slikt tiltak til menneskehetens fremme.

  21. Ragnhild’s avatar

    Guri malla. NO BLIR EG SINT! Eg trudde ALDRI eg skulle seia noko slikt, men av og til trur eg visse folk på bygda burde ha reist på eksursjon til hovudstaden, dersom det er så vanskeleg å fatta at små skular er noko ein bør ta vare på. Særleg gjeld dette dei som sit ved pcen sin og synsar om at det truleg er betre å gå på skule «i noko større miljø», der tettleiken av glupe lærarar er enorm. (Hadde eg vore lærar på bygda, ville eg blitt vanvittig provosert over slike synsingar!!!)

    Ein treng eigentleg berre opphalda seg i eit klasserom og eit lærarrom på ein sentral barneskule i hovudstaden i ei veke. Det held i massevis. Og tru meg, Frantzen, og dette er F A K T A, om du nektar aldri så mykje: Det er INGEN samanheng mellom talet på tilsette på ein skule og kor gode pedagogar som er tilsette der. Eg fekk jobb som kontaktlærar på ein stor barneskule i Oslo (med gode, ugrunna, rykte) utan å ha teke lærarskulen. Det var INGEN søkjarar med lærarutdanning. Vi var 27 lærarar frå 1.-7. trinn, og det var ALDRI tid til faglege ordskifte eller diskusjonar om gode undervisningsopplegg. Utskiftinga av lærarar var enorm (ja, dei søkte seg til mindre skular). Læraren som tok over for meg då eg slutta, hadde arbeidd «i industrien» sa han til meg, og hadde teke litt litteraturvitskap på Blindern. Dermed fekk 4. klassingane mine den femte kontaktlæraren i løpet av dei fire åra dei hadde gått på skulen, til stor frustrasjon frå foreldra. Skulen scora under kritisk grense på nasjonale prøver i engelsk, norsk og matte. Og det sosiale, som du er så oppteken av? Vel, vi lærarane brukte mest tid på disiplinproblem, mobbesaker, meldingar heim og møte med foreldra enn vi brukte på å planleggja undervisninga. Vi måtte oppdra ungane i staden for å undervisa i fag. Er det slik på bygda også, eller?

    Etter å ha vore på fleire kurs i regi av Utdanningsetaten i Oslo der eg har møtt lærarar frå andre skular (i hovudstaden), må eg nok skuffa deg med at det ikkje betre til på andre skular. Så dersom det er eit problem med mangel på flinke lærarar og for få greie leikekameratar på bygda, kan eg lova deg at det ikkje står betre til i houvdstaden. Så kan du plis slutta å tyta om dette med at store miljø er best? Dersom du ikkje trur meg, er du hjarteleg velkomen til sentrale strok!

  22. rypa’s avatar

    Den sat.

    Elles er dette no vorte ei sak på NRK Sogn og Fjordane (har gått på nyhendebulletinen i dag òg):

    http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6966556

    I skrivande stund ligg det eit bilete av «meg» som ikkje er meg, men ei eller anna dame med skaut, som eg mistenkjer er frå Gaularspelet eller noko slikt. Eg har altså aldri vore med i Gaularspelet (og vert nok ikkje invitert heller), og går svært sjeldan med skaut.

    Turban, derimot.

  23. Odd Frantzen’s avatar

    Du skriv om ein enkelt skule i Oslo Ragnhild, der du sjølv jobbar. Og så verkar det som om du trur at det er slik det er alle stader. Det trur ikkje eg.

    Kvifor det står så dårleg til på den skulen du nevner, er det ikkje godt å vite. Men det kan sjølvsagt ha mange årsaker som ikkje går direkte på skulen sin storleik. I kva del av Oslo ligg denne skulen? Kva er bakgrunnen til dei familiane som soknar til skulen? Det slår meg at slike ting må spele inn når eg les kva du skriv om denne konkrete skulen.

    Men det var ikkje eit godt skussmål for det Høgre-styrte byrådet i Oslo dette. Dei som likar å sei at det står så bra til i Oslo-skulen. Det viser i alle fall at dei ikkje har lukkast heilt med arbeidet sitt, enn så lenge i alle fall.

    Disiplinproblem, mobbesaker, meldingar heim og møte med foreldra. Dette har nok meir årsak i ting som ligg utanfor skulen. Ting som gjer det svært vanskeleg å drive opplæring. Men eg meiner det ikkje kan knyttast direkte til skulestorleik. Det er vel kjend at Oslo har sine sosiale problem som sjølvsagt blir tydelege i skulen.

    Når eg meiner det er lettare å få pedagogar til å søkje seg til større skular er det fordi mange truleg ser verdien av å arbeide i litt større fagmiljø. Der den totale erfaringsbakgrunnen er større. Der det rett og slett er fleire å diskutere fag og pedagogoikk med. Der mangfaldet i erfaring og kompetanse hjå det pedagogiske personalet er større. Tenkjer eg. Dessutan betyr det meir fleksibilitet for rektor. Han har kanskje tilgjenge på ein som er ekstra god i engelsk, ein som er god i mattematikk og kanskje til og med ei som er ekstra god til å takle sosiale problem. Fleire spesialistar På små skuler er det kanskje fleire «allroundarar»?

    Seier det ikkje seg ikkje sjølv at det er lettare å finne likesinna vener på ein skule der det er fleire elevar og fleire jamnaldrande? På ein liten skule i distrikta kan det jo vere slik at ein gut i femte klasse går mange år på skulen utan å ha jamnaldrande elevar å vere saman med. Kanskje han blir gåande i mange år utan å «finne tonen» med nokon?

  24. Ragnhild’s avatar

    Kult med oppslag, Eli! Eg blei nyfiken på dette skautet, men det var ikkje noko skaut der no. Eller turban.

    Det er ikkje vits i å svara på spørsmåla dine, Frantzen. Du stolar ikkje på det andre seier likevel. Så eg står fast ved det eg skreiv: Du treng å OPPLEVA skulane i sentrale strok. Eg meiner det. Du er hjarteleg velkomen. Og ja: Reis for all del til fleire skular i sentrale strok for å få eit større empirisk materiale, dersom det er det som skal til for å bli overtydd.

  25. Odd Frantzen’s avatar

    Så gale er det ikkje Ragnhild. Eg prøver å ta med meg det meste av det som kjem fram her.

  26. Sigve Indregard’s avatar

    Den eneste (såvidt meg bekjent) systematiske metastudien på skolestørrelse finner en betydelig (effektstørrelse d = 0.43) positiv sammenheng mellom skolestørrelse og resultater. For en kjapp innføring i metastudien og de 21 studiene som inngår i den, se Hattie (2008): Visible Learning, s. 79 og 80. Disse resultatene stemmer også overens med norske resultater fra nasjonale prøver.

    Flere av studiene antyder at den positive effekten av å bli større «tørker ut» på en skolestørrelse rundt 800.

    To studier viser at den «optimale» størrelsen er mindre hvis skolen har mange minoritetsspråklige elever, og større hvis elevene er rike. Ironisk nok burde kanskje osloskolene derfor være mindre, mens bygdeskolene i Sogn og Fjordane være større.

    Forskningen gjelder High Schools, altså ungdomsskoler.

    Jeg oppfatter at innlegget ditt handler mer om hvordan Fylkesmannen bør kommunisere budskapet sitt, og mindre om hvorvidt det faktisk er slik at små skoler er bra eller dårlig, så jeg mener ikke med dette å si at du tar feil. Det er også, naturligvis, mange andre momenter som knytter seg an til småskoler: trivsel, for eksempel. Her er det imidlertid enkelte funn som tyder på at den konvensjonelle visdommen om at små skoler har godt miljø er en litt for enkel forståelse. Skolemyndighetene på Færøyene, for eksempel, fant sjokkerende høye tall for mobbing blant deres bittesmå bygdeskoler (et stort antall skoler på mindre enn tjue elever).

    Mvh.
    Sigve Indregard
    elev- og lærlingombud i Oslo

  27. Sigve Indregard’s avatar

    Hattie (2009), skulle det vært. Routledge er forlaget. Boka anbefales til alle som er opptatt av skoler.

  28. rypa’s avatar

    Hei Sigve, og tusen takk for dette!

    Jepp, som du seier, mykje av internasjonal forsking, (mesteparten amerikansk), og fleire av granskingane som Hattie viser til konkluderer med at den «optimale» skulestorleiken for high schools ligg mellom 600 og 900 elevar. Spørsmålet er i kva grad nett dette er relevant i norsk skuledebatt – 800 elevar er uansett ein svær ungdomsskule i norsk samanheng. I Noreg er det langt vanlegare med skular under 300 elevar enn over (og det er vel òg samanlikningsproblematikken Hattie er inne på når han tematiserer New Zealand nedanfor).

    Likevel konkluderer altså Hattie med at “Schools barely make a difference to achievement. The discussion on the attributes of schools – the finances, the school size, the class size, the buildings are important as they must be there in some form for a school to exist, but that is about it.” (NB: Dette er ikkje eit sitat frå Visible Learning, men frå paperet vist til nedanfor.)

    Det viktige med Hattie si gransking er, igjen, at det er heilt andre faktorar enn storleik som AVGJER om ein skule er god eller dårleg, og at det dermed er desse faktorane som må vurderast om ein har som mål å analysere kvaliteten på ein skule. Det held ikkje å sjå på storleik åleine.

    Konklusjonane nedanfor er altså frå eitt av Hatties papers, http://www.education.auckland.ac.nz/webdav/site/education/shared/hattie/docs/teachers-make-a-difference-ACER-(2003).pdf , ikkje Visible Learning (har ikkje den her no), men eg trur eit liknande oppsett er å finne i VL. Same innhaldet er det iallfall. Det dreier seg om student achievement.

    STUDENTS which account for about 50% of the variance of achievement. It is what students brings to the table that predicts achievement more than any other variable. The correlation between ability and achievement is high, so it is no surprise that bright students have steeper trajectories of learning than their less bright students. Our role in schools is to improve the trajectory of all these students, and I note the recent PIRLS and TIMMS studies which have shown that our trajectory for the not so bright students is one of the flattest in the OECD worlds.

    HOME which accounts for about 5-10% of the variance – considering that the major effects of the home are already accounted for by the attributes of the student. The home effects are more related to the levels of expectation and encouragement, and certainly not a function of the involvement of the parents or caregivers in the management of schools.

    SCHOOLS which account for about 5-10% of the variance. Schools barely make a difference to achievement. The discussion on the attributes of schools – the finances, the school size, the class size, the buildings are important as they must be there in some form for a school to exist, but that is about it. Given NZ schools are well resourced with more uniformity in the minimum standards than most countries, it should be less surprising that in NZ the school effects are probably even lower than in other countries.

    PRINCIPALS are already accounted for in the variance attributed to schools and mainly, I would argue, because of their influence on the climate of the school. Principals who create a school with high student responsiveness rather than bureaucratic control (i.e., more like a primary school atmosphere than an Intermediate and unlike so many NZ secondary schools), who create a climate of psychological safety to learn, who create a focus of discussion on student learning have the influence. The effect on learning is trickled through these attributes rather than directly on learning.

    PEER EFFECTS which accounts for about 5-10% of the variance. It does not matter too much who you go to school with, and when students are taken from one school and put in another the influence of peers is minimal (of course, there are Distinguishing Expert Teachers from Novice and Experienced Teachers. 3 exceptions, but they do not make the norm). My colleagues, lead by Ian Wilkinson, completed a major study on peer influences and perhaps we are more surprised by the under utilisation of peers as co-teachers in classrooms, and the dominance of the adult in the room to the diminution of the power of the peer. Certainly peers can have a positive effect on learning, but the discussion is too quickly moving to the negative powers with the recent increase in discussion on bullying (which is too real), and on the manner students create reputations around almost anything other than pride in learning.

    TEACHERS who account for about 30% of the variance. It is what teachers know, do, and care about which is very powerful in this learning equation.

    Sjølv synest eg Hattie er interessant fordi han så tydeleg viser kvar ein må setje inn støtet for å få god læring.

    Og så Nasjonale prøver, igjen: Ja, ikkje korrigert for utdanningsnivå gjer store skular det betre enn små. Sjølvsagt. Ser så resultata annleis ut når ein tek omsyn til utdanningsnivå, som som kjent er høgare i byen enn på bygda? Ja, seier altså den siste rapporten som det er vist til i BT-oppslaget (lenkje i bloggposten).

    Til slutt: Eg ser ingen grunn til å tru at skuletrivselen er betre på små skular (eller på Færøyane) enn på store (i Amerika).

  29. Hans O’s avatar

    Eg underviser sjølv på ein liten skule – 1-10-skule med 9 elevar. Har etterkvart 15 års røynsle frå undervising i distriktsskular – små barne- og ungdomsskular med kring 30 elevar, sentralskular med 150 elevar på ungdomssteget ++. Og altså denne vesle skulen der eg byrja lærarkarrieren min midt på nittitalet.

    Sjølv oppfattar eg denne diskusjonen om skulestorleik som litt på sida – som ein diskusjon som fjernar fokus frå kva som skal til for å få gode skular. Det finst gode og dårlege småskular, og gode og dårlege store skular. Det finst småskular med infernalske og fastlåste mobbemønster, og det finst småskular med godt miljø. På same vis som det finst store skular av båe slag. Fagleg trur eg aldri har nådd så langt som eg for nokre år sidan gjorde på ei særs lita skule – ungane det galdt hadde stort sett foreldre med folkeskule.

    Det er nokre lett identifiserbare faktorar som eg trur er avgjerande for kvalitet på skule: Godt samarbeid skule-heim, kompetente lærarar, leiing ved skulen som har langsiktige mål som ein arbeider metodisk for å nå. Og særleg det med langsiktige mål trur eg er viktig – sjølv den beste lærar blir middelmådig når han tek kvar dag som den kjem.

    Så kvifor denne diskusjonen om storleik og kvalitet? Blir det ikkje litt sånn «hur bredt har ni hoppat». Skal dette vera ein konkurranse i å hoppa breitt, har dei små skulane tapt. Men er det ikkje viktigare kor langt ein kjem?

    Likevel: Diskusjonen om kvalitet og storleik er der.For det første trur eg det har med kommuneøkonomi å gjera: Sidan fylkeskommunen betalar ekstrakostnadene ved å leggja ned ein skule, vil dette «løna» seg for kommunen. I kommunen der eg no arbeider vurderte ein for nokre år sidan å leggja ned ungdomstrinnet på den skulen der eg no arbeider, og i staden skyssa ungane til næraste ungdomsskule i båt. Sparing for kommunen: Omlag eit lærarårsverk, som den gongen var vel 300 000. Ekstrakostnad for fylket: Den gongen 1,5 mill. Samfunnsøkonomi, med andre ord.

    Den andre, og meir legitime grunnen til å diskutera dette er korleis ein lagar system for å sikra fagleg utvikling og kvalitet. Korleis ansvarleggjer vi lærarar i små skular som faglærarar? Sjølv meiner eg alle som underviser i norsk grunnskule burde delta i fagnettverk der ein disuterte faget, undervisinga og henta inn kompetanseoppdatering når dette var naudsynt. Då eg arbeidde på Helgeland, fanst det eit slikt regionalt system for fagnettverk. Eg trur modellen frå Helgeland burde vore innført i mange område.Dette, saman med gode system for oppfølgjing frå skuleeigar (kommune) er viktig om ein skal ha ein struktur med små eingingar. Å slå alt i hop i store skular gjer det «enklare» å plassera ansvar for dette (og på godt fungerande store skular vil ein ha ein slik «systemkontroll» på skulenivå – dette er ikkje like enkelt på små skular).

    I tillegg trur eg diskusjonen blir liggande for tett på myter om by og bygd. Det finst realitetar på sida av desse mytane, og problema veks om ingen freistar løysa dei. Ungdom på bygda har dårlegare kosthald enn i byane, og er mindre fysisk aktive. Eit argument for å flytta dei til byen? Eller eit argument for å ha fokus på kosthald og fysisk aktivitet i grendeskulane?

    Eit liknande døme: I det siste har det vore mykje snakk om bygdedyret. Er konformitetspresset så sterkt på bygda for tida? Har nokon freista sjå bydyret – som gjer at ungdom no ikkje torer dusja nakne saman med jamnaldringar av same kjøn, blir halde på plass i eit svært smalt spekter av «godtekne» interessefelt, og blir utsett for det mest banale kjøpepress frå svært ung alder? Eit argument for å flytta dei ut av byen? Eller eit argument for å fokusera på dette, og arbeida med haldningar?

    Kort sagt: Diskusjonen dyrkar stereotypiar, og har eventyret om fjellmusa og husmusa som viktigaste bakteppe – medan det er økonomi, kompetanse, leiing, langsiktig arbeid og kvalitetssikring som er dei eigentlege variablane. I tillegg er det einskilde som av og til freistar måla kor breitt ulike typar skular hoppar.

  30. rypa’s avatar

    Hans O: Tusen takk for grundig og veldig interessant kommentar. Eg er svært samd i at diskusjonen (fort) dyrkar stereotypiar der desse mysene er portalfigurar. («De har sjølve valt å busetje dykk der», er eit argument folk her i bygda gjerne får høyre i skuledebattar – av dei same sentrumsfolka som 2 sekund etter seier det er så urettvist at dei små skulane har fleire læarar per elev enn dei store. Vel, vel.)

    Og sjølvsagt må ein ha system for å sikra fagleg utvikling og kvalitet. I Sogn er det då òg velfungerande fagnettverk med jamlege samlingar.

  31. lowrance elite 5 hdi combo review’s avatar

    For maximum depth, use lower frequencies.

Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *