Eg har vore på Noregs Mållag sitt haustseminar. Igjen var det skriftspråkskiftet frå nynorsk til bokmål mellom elevar/born/unge som var emne. I Valdres skifter 75% av nynorskelevane på vgs til bokmål, i Fjell utanfor Bergen er estimatet 50%. Dette har sjølvsagt sitt å seie for framtida til nynorsk som bruksmål.
Å arbeide med tiltak mot dette skriftspråkskiftet i skulen er krevjande: Det krev ein argumentasjon og ein strategi for nynorsk, ikkje berre for generell fleirspråklegheit. Ein har ikkje to språk som fyrste opplæringsmål i skulen, ein har eitt. Såleis set skriftspråkskiftet òg nokre motsetnader som gjeld språksyn på spissen, og difor er det ekstra spanande at mållaget no vil jobbe med det. Men under diskusjonane i helga spurde eg meg stundom om målfolk eigenleg vil utvikle ein strategi mot skriftspråkskiftet. Det verkar iallfall som om mange har vanskar med å ta inn over seg at ein endra språksituasjon i det som er/var NyNoreg krev ein ny argumentasjon for nynorsk.
Dersom eg seier at talemålet svært mange stader i Noreg vert likare og likare bokmål, kjem sosiolingvistane og talemålsforskarane og seier at dette ikkje kan provast i detalj. Difor seier eg ikkje det. Lat oss heller gå til eit tankeeksperiment.
Lat oss no tenkje oss ein situasjon der elevar som veks opp på Strilelandet og i Hallingdal snakkar det som i lekfolks og ikkje minst deira eigne øyra er bergensk/bokmål. Lat oss tenkje oss at dei seier jeg i staden for eg, ikke i staden for ikkje, kommer i staden for kjem (og jamt over bøyer sterke verb svakt), sier i staden for seier, spiser i staden for et, har -er-endingar på presensverb i staden for -a[r], har [h]v-spørjeord i staden for k-spørjeord ([h]vordan, ikkje korleis eller kordan eller koss) – for å nemne noko. “Men dette er ikkje endring mot bokmål”, seier sosiolingvistane då, “…dette er berre endring”.
Men det gjer ikkje noko, for dette er berre eit tankeeksperiment: Lat oss tenkje oss at dette vert oppfatta som meir bokmålsnært enn nynorsknært av dei aller fleste, og lat oss jamvel tenkje oss at dei har rett. Lat oss så tenkje oss at desse ungane ynskjer å skifte frå deira opphavlege fyrsteskriftspråk nynorsk til bokmål som opplæringsmål. Dei seier sjølve at dei snakkar bokmål, dei har mest berre bokmål rundt seg i kvardagen, dei tykkjer nynorsk er vanskeleg.
Kva skal målfolk meine om dette skriftspråkskiftet? Er det greitt, skal me late dei fare, fordi desse ikkje lenger har nynorsknære dialektar? Fordi dei synest bokmål er lettare?
Eller er det ikkje greitt, skal me ikkje late desse elevane fare, fordi nynorsk fyrst og fremst har andre kvalitetar enn å vere ’dialektnært’ og ’lett’?
I eldstejenta mi sin klasse, i Jostedalen i Sogn, ei slags plomme i nynorskegget, snakkar to av fire elevar meir bokmålsnært enn nynorsknært. Kva skal målrørsla, som no arbeider mot målbyte, meine om nokon av desse etterkvart skifter fyrsteskriftmål? Kva råd skal me gje til lærarar og foreldre på Strilelandet, i Hallingdal og i Jostedalen?
Er nynorsk ei sak for individet eller for kollektivet? Det trur eg kjem til å bli brennpunktet i framtidige ordskifte om skriftspråkskiftet. Og skiftet kjem til å akselerere på Austlandet og kring vestlandsbyane, og det kjem til å akselerere i kjerneområda, på grunn av aukande tilflytting og sosial mobilitet. Ja, akselerere, iallfall dersom målrørslas (og statens) språksyn framleis får rå: Synet på at nynorsk – og språk – fyrst og fremst er individuelle fridomsprosjekt.
Nynorsk er ikkje alltid lett. Nynorsk er ofte vanskeleg. Ikkje på grunn av grammatikken eller den lingvistiske koden i seg sjølv, sjølvsagt ikkje, men fordi folk les lite nynorsk og høyrer lite nynorsk og får mindre og mindre støtte for han i talemåla sine. Men den vanskelege nynorsken vert altså ikkje diskutert. Eg er glad i målfolka fordi dei er glade i nynorsk. Eg vert difor ekstra vonbroten når det vert demonstrert at nokre diskusjonar berre ikkje skal takast.
(Og ja: Eg vil naturlegvis ha ein strategi som tilseier at jostedalsungar med bokmålsnært talemål og elevar på Strilelandet skriv nynorsk. Men då kan eg ikkje alltid nytte målrørslas tradisjonelle pedagogiske eller individualistiske argument. Nynorsk er ein kollektiv kulturell ressurs – ikkje nødvendigvis lettkjøpt – som flest mogleg må ta individuelt ansvar for dersom dei faktisk ynskjer han skal eksistere for kollektivet. Dette er ikkje elitisme, dette er den einaste vona.)



















Siste kommentarar