Bygdeliv

You are currently browsing the archive for the Bygdeliv category.

Årets jostedalsrevy er over, og Sogn Avis dokumenterer noko av resultatet.

Me tøysa litt med skibomsen, men me tøysa no òg med oss som føretrekkjer halltrening og inneidrott og vaflene i samfunnshuset. Til dømes i songen som vert sungen av damene i gymsalen:

Vinter og sne…
ein jostedøl suser av sted.
Han skal vere sprekast i Opp-og-ned
så han må trene so berra det!
Til Vangsen og Krundalen rundt han sviv
men kva då med ungar og bygdeliv?
Han er ikkje god i håve sitt
han burde komme hit!

Vinter og sne…
ja skibomsen likar visst det.
Dei kastar vekk livet i fjell og snø
i staden for å pule og fø!
Så brukar dei pengar på all slags drit;
på briller og hundar og dynafit.
Dei er ikkje gode i håve sitt
dei burde komme hit!

Vinter og sne…
det kan du få billig, me drit i det!
Me trenar i gymsalen dag og kveld
så kroppen vår blir sensuell!
Me sveittar no akkurat passeleg
og etterpå går me på vaffelkafé.
Ja alle dei som vil bli fit
må komme hit!

 

(Foto: Magne Kvalsøren)

 

 

Richard Strauss gjorde ferdig sine Vier letzte Lieder for sopran og orkester i 1948. Det er eit gripande verk, tykkjer eg. Ikkje berre på grunn av det stille og såre i komposisjonen (Strauss døydde året etter verket var fullført), men også fordi tre av dikta som er tonesette, er Hermann Hesse sine.

Songane er «Frühling», «September», «Beim Schlafengehen» og «Im Abendrot». Den siste songen, som ikkje er bygd på eit dikt av Hesse, men av Joseph von Eichendorff, er det aller vakraste. Men også September er flott. Aller flottast er songane når dei er framførde av Elisabeth Schwartzkopf. (Og det seier eg jamvel om det var Kirsten Flagstad som gjorde dette verket vidgjete.) Høyr die Schwartzkopf her i kalde, fuktige september, høyr henne når kvelden rodnar ved soleglad.

Så, til slutt, haustdiktet til Hermann Hesse:

September

Der Garten trauert,
kühl sinkt in die Blumen der Regen.
Der Sommer schauert
still seinem Ende entgegen.

Golden tropft Blatt um Blatt
nieder vom hohen Akazienbaum.
Sommer lächelt erstaunt und matt
in den sterbenden Gartentraum.

Lange noch bei den Rosen
bleibt er stehen, sehnt sich nach Ruh.
Langsam tut er die großen
müdgewordnen Augen zu.

Sissel Solbjørg Bjugn døydde i fjor sommar, for ung ho òg – ho var fødd i 1947. Dikta hennar er både til å gråte og le seg ihel av. Dessutan har ho skrive flott barnelitteratur, til dømes Jente i bitar (1992), som lenge var ein favoritt her i huset.

Månadens dikt er henta frå Tornekysset, ei samling frå 1992. Her er det fleire dikt som er tileigna andre kvinnelege forfattarar. Diktet nedanfor, «Par», er tileigna Karin Sveen.

Visjonær i mai
i oktober visjonarr?
Eg er eit spennande par!

Sissel Solbjørg Bjugn er jo elles den som har skrive eit av dei morosamaste kortdikta i norsk litteratursoge:

Eg bakar brød med havre og kli.
Den finaste fitta i Nordland er mi.

 

Førre helg las eg eit intervju med den nyvalde leiaren i Framstegspartiets Ungdom, Himanshu Gulati. Han vart mellom anna spurd om synet sitt på nye minoritetar i distrikts-Noreg. Foreldra hans er fødde i India, men sjølv er han oppvaksen på ein liten plass i ytre Sogn.

Eg nikka fyrst heftig til det eg las. Jamvel Gulati, frå eit parti som prinsipielt sett ikkje vil meine noko om kvar einskildmenneske bør bu, som ikkje synest det er spesielt viktig med spreidd busetnad, og som hevdar at staten ikkje kan ta eit særleg ansvar for integrering av innvandrarar, ja jamvel han meiner at me gjerne kan “legge til rette for at flyktninger og asylsøkere kan bosette seg i distriktene.” (BT, 21. april.)

Så langt er alt greitt. Men når Gulati òg seier at han ikkje trur Oslo er den beste staden “å integrere”, vert det vanskelegare. For kva er det med hovudstaden som gjer at han ikkje er den beste staden for integrering? Ikkje meiner vel Gulati at byens innbyggjarar er eit problem – dei er, får me tru, like greie og fordomsfrie som folk på bygda. Ikkje meiner han vel bustad-, skule- og sosialpolitikken i Oslo, for den har vore styrt av hans eige parti dei siste åra. Det er med andre ord rimeleg å tru at han meiner at konsentrasjonen av menneske med minoritetsbakgrunn i seg sjølv fører til problem.

Det kan me vere samde eller usamde i, men det er uansett eit problematisk utgangspunkt for å endre situasjonen. For korleis ein no vrid og vender på det: Menneske med minoritetsbakgrunn bur i Oslo av same grunnar som at etniske nordmenn bur i Oslo. Det handlar om nettverk og jobbmoglegheiter. Me må rekne med at folk, også innvandrarar, har gode personlege grunnar for å velje bylivet. Men likevel er eg viss på at det finst ein politikk som gjer det enklare å ikkje bu i hovudstaden, og meir attraktivt å bu i distrikts-Noreg – også for vår nye landsmenn.

Den beste politikken for å få fleire nye landsmenn frå Oslo og ut i heile landet, er dermed den same politikken som får fleire generelt ut av storbyane. At me bygdefolk har interesser her, er openbert: Folketalsnedgangen i mange distriktskommunar kjem fyrst og fremst av at dei ikkje har internasjonal innvandring. Den samla folkeauken i Noreg skuldast ”i stor grad nettoinnflytting frå utlandet”, sa Statistisk sentralbyrå sist månad. I Akershus var nettoinnvandringa i 2011 dobbelt så stor som den innanlandske nettoinnflyttinga. Oslo hadde landets høgaste innvandring i fjor, både i absolutte tal og i høve til folketalet, men innanlandsk nettoutflytting.

Det me kallar urbanisering og sentralisering, botnar altså i stor grad i innvandring. Om bygde-Noreg fekk ein større bit av innvandringskaka, fekk me òg arbeidskraft og skatteinntekter, sårt tiltrengde naboar og sambygdingar og fleire elevar på nedleggingstruga skular. Og ikkje minst fekk me ta del i og leve i eit større kulturelt mangfald. Men også storbybuarar og storbykommunar burde vere interesserte i å få avlasting frå pressproblema som særleg veksten i innvandrargruppene medfører. Historisk sett har norsk distriktspolitikk då òg vore grunngjeven med omkostningane som folkevandringa mot byen har: Auka press på areal, bustader, barnehagar og sosiale ordningar i byane.

Ordet ‘intergreringsproblem’ er ofte berre eit anna ord for bustadproblem, opplæringsproblem og fattigdomsproblem. Å minske presset mot byen er sjølvsagt ikkje den einaste måten å handtere slikt på. Eg greier likevel ikkje å sjå kva ein risikerer, korkje i sentrale eller usentrale strok, ved at by og land gjekk hand i hand om ein meir offensiv distriktspolitikk som også fekk fleire av våre nye landsmenn lenger ut på landet.

(«Tankar i tida» i Nationen i dag.)

Newer entries »