mai 2013

You are currently browsing the monthly archive for mai 2013.

Fluor

Når eg tenkjer på ordet forsommar tenkjer eg på Astrid Lindgren og særleg Bakkebygrenda. Det me har no i Krundalen trur eg likevel eg vil karakterisere som forsommar, jamvel om me er langt frå innsjøsumpen i sør-Sverige.

Vår har me som vanleg hatt i to dagar, dei to dagane som gjekk frå vinteren slutta til det vart tretti grader.

 

 

Storesyster står for plakaten, Per Sivle for diktet:

17. mai

So kom du då atter, du sæle dag,
du er no vår eigen, du!
Og alltid so kjem du med vår og song
og alltid med liv og tru.

Du stend der med lauvkrans, du fridomsbrud,
det lyser so friskt og klårt.
Og alt medan kransen inkje vert gul,
so veit me, at Noreg er vårt.

(frå Skaldemaal 1896, varsamt modernisert av meg.)

Sjå elles Alfred Fidjestøl om Sivles forfattarskap her.

Dette har vore ein dag med kanskje nok lyrikk på sosiale medium. Men det har òg vore ein dag der rekordmange har gått i 1. mai-tog i Dale for å seie nei til nedlegging av Dale vgs. Så då høver det likevel å minne om sunnfjordbygdas store son som arbeidardiktar. «Til den norske landarbeidar» (1939) er Jakob Sandes mest kjende av denne typen, og her finn me mellom anna:

Bringa di saman klemdest i redsle for brand og bål,
til veik for deg sjølv du skjemdest og vraka ditt tungemål.

Men om landarbeidaren er det mest kjende av Sandes agitasjonsdikt, er det ikkje det mest arge. Det er det «Krossen og slegga» som er, også dette frå samlinga Nye dikt i 1939. Jørgen Alisøy har komponert ein vakker, trist marsj til, ein melodi som gjer diktet til ein flott song.

Krossen og slegga

Du som til vinst for andre, forførd som eit blinda dyr,
lyt krøkt under krossen vandre i trældomens seige myr.
Du som all livsens lukke lyt nedtrødd i søyla sjå
og utan eingong å mukke let tuktarens vilje rå:

Ser du den jordgrå bylgje av duvande kross ved kross?
Eit villfare jammersfylgje, der kvar ein del av oss.
Ser du den nakne planken som tyngjer din bror i kne?
Og kjenner du reisingstanken som ligg i det tunge tre?

Trugande likt ei slegge ris det frå himmelrand:
Hammar og skaft har begge, og sjølv har du arm og hand!
Armods- og vanmaktsmerket med trældomens blodsegl på,
reis det for fridomsverket: Lyft krossen av herda og slå!