Forskarliv

You are currently browsing the archive for the Forskarliv category.

Ein TRAUM

Før helga fekk flinke Ulrike Spring på HiSF FRIPRO-midlar til det store forskingsprosjektet Transforming Author Museums, der eg får lov å vere med!

– Kven er vi stolte av? Og kvifor? Valet om kven vi løftar fram som våre fremste forfattarar, er tunge kulturpolitiske avgjerder – det handlar om vår kollektive identitet, seier historikar Ulrike Spring, leiar for forskingsprosjektet (ifylgje HiSF sine nettsider). Og husbonden og eg har ansvaret for å undersøkje slike problemstillingar under delprosjektet New Norwegian writers: cultural and didactic relevance of exhibition practices.

Oppdatert: Her er saka til NRK Sogn og Fjordane òg. Viserektor for fou, Erik Kyrkjebø, seier det slik: – Dette sender eit viktig signal om at høgskulen i Sogn og Fjordane kan konkurrere på lik linje med dei andre Høgskulane og universitetet i landet. I tillegg synleggjer dette kvaliteten i forskingsmiljøa i Sogn og Fjordane.  

På torsdag er det bokkafe på biblioteket til Høgskulen i Sogn og Fjordane, på kampus i Sogndal. Temaet er norsk språkpolitikk: Ny språklov i 2016 – kvar står frontane og kva står på spel?

Om to veker har Senter for nynorsk i opplæringa sin årvisse konferanse om lese- og skrivedidaktikk i eit nynorskperspektiv. I år skal eg snakke om nynorsk språkstimulering i barnehagen. Konferanseprogrammet seier:

«Bø og Bæ, Jakob og Neikob, Unni og Gunni og andre nynorske biletbøker set sterkt preg den første praksisperioden til barnehagelærarstudentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Oppdraget til studentane er å lese frå, samtale om og leike med nye nynorskbøker i praksisbarnehagane sine. Eli Bjørhusdal vil ta utgangspunkt i dette prosjektet om nynorsk i praksis for å diskutere kvifor og korleis ein kan drive nynorsk språkstimulering i barnehagen.»

Bergen i veke 43, altså.

Eg vågar meg på å tilrå boka Nye røyster i nynorskforskinga, med tilskot frå dei for meg heldigvis ikkje heilt nye røystene Gudrun Kløve Juuhl, Hege Myklebust, Ingvil Brügger Budal og andre gode folk! Og meg, då.

Konferansen med det koselege namnet MONS, Møte om norsk språk, er Noregs største happening for nordistar og norskfolk. Han vert halden kvart andre år og går på rundgang mellom norske universitet. 25. til 27. november 2015 er MONS i Kristiansand.

Frist for påmelding til dugnadsgrupper (papersesjonar) er 20. august. Meld deg på denne under, DÅ VEL:

Nynorskforsking – kva og kvifor

Forskarar i forskargruppa for nynorsk i UH-nett Vest arrangerer ei dugnadsgruppe om forsking med nynorskperspektiv. Her vil me kaste lys over og diskutere om og korleis nynorskforsking kan vere relevant for fleire fagfelt og forskarar enn dei ofte historisk innretta tradisjonelle nynorskforskingsdisiplinane. Me tenkjer oss innlegg som kan aktualisere nynorskperspektivet ved å relatere det til felt som fleirspråklegheit, internasjonal språkpolitikk, språkdidaktikk, demokratiforsking osb. Dermed inviterer me òg til innlegg som utfordrar omgrepet nynorskforsking – kva er feltet nynorskforsking og kva bør det vere?

Den som har lyst til å bidra på denne dugnadsgruppa, sender eit samandrag på maks 250 ord til gruppeleiarane innan 20. august.

Gruppeleiarar er:

Eli Bjørhusdal, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Ann-Kristin Helland Gujord, Universitetet i Bergen
Jan Olav Fretland, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Eg har skrive ei lita sak i siste Nynorskopplæring, bladet til Senter for nynorsk i opplæringa. Artikkelen heiter «Nynorskelev i åttande: Under ein hardare himmel», og handlar om ungdomstrinnet som eit språkrettsleg tomrom. Konsekvensen? At det er meir sannsynleg at Nynorsk-Nina gjev opp språket sitt, enn at Bokmåls-Brage gjev opp sitt.

I den ferskaste utgåva av Språkknytt finst artikkelen Språkpolitikk for elevar i minoritetsposisjon. Klikk og les, majones!

I desemberutgåva av Skolelederen er eg (og andre jostedøler) intervjua om offentleg språkpolitikk, frå s. 22, under den artige overskrifta «Offer for likebehandling».

Dette seier ingressen: «Når elever i norske skoler i større og større grad velger bort nynorsk som førstespråk er det et resultat av offentlig språkpolitikk og en misforstått likebehandlingstanke.»

 

Eit gamalt og eit nytt. Men det same skrukkefrie panneluggbiletet frå 2008.

Det nye fyrst: Eg er intervjua om doktoravhandlinga mi i novemberutgåva av Norsk Tidend, medlemsavisa til Noregs Mållag. Det er sjølvaste leiaren i samskipnaden som har skrive intervjuet, og det har ho greidd betre enn eg ville ha gjort.

Så det gamle:

Same dagen som eg disputerte, 12. september, hadde Klassekampen på trykk eit intervju som Guri Kulås gjorde med meg og som eg las om morgonen før disputasen. Det var veldig mykje meir nyttig førebuingsstoff enn mine eigne uforståelege notatar.

 

Det som skjer

I går publiserte Uniforum ny sak om avhandlingsframsida mi og manglande tospråkspolitikk på Universitetet . Stor takk til Arnstein Bjørke i Fagbokforlaget som trykte opp att avhandlinga med rett framside!

I morgon skal eg halde føredrag på Høgskulen sin forskingsdag. Tema: Språkpolitikk som forskingsfelt. Klokka halvfire, Høgskulebygget, 2. høgda. Kom og høyr!

Laurdag held eg innleiing på Noregs Mållag sin haustkonferanse i Odda. Tema: Nynorskelevar i minoritetsposisjon. Kom og høyr!

 

« Older entries § Newer entries »