I 1992 gav Gudlaug Nedrelid frå Jostedalen ut ei lita diktsamling som vel ikkje vart veldig påakta i nasjonale media, men som eg trur er mykje nytta og sett pris på her i Indre Sogn – I ulvekjeften. Nedrelid er professor i norsk ved Universitetet i Agder, og det er bra!, men ho må skrive fleire dikt! Ein av mine yndlingsstader i samlinga er opningsstrofen: «Eg saknar deg så forjævlegt!» Dikta «Born in Sogn» og «Kampsong for tjukke jenter» har nok òg vore opplesne på mang eit arrangement her i distriktet.

Men no til oktoberdiktet. Nedrelid på sitt mest ålvorsame og tradisjonelle. Klassisk versemål, litt ærbødig intertekstualitet, litt travesti, mest Gudlaug og Jostedalen.

 

I stølsvegen

Her ser eg slike fjell som eg såg før,
i glasklår luft dei stig mot sky.
Og ospi brenn og rognen blør,
og lyngen brunkast, bjørki glør.
Det er oktober. Kulden kjem på ny.

Å setja ryggen mot ein stein på slik ein dag,
og sjå kor snøen glitrar høgast opp
på remar og på øvste tindetopp –
I kvar ein pust, for kvart eit hjarteslag
eg dreg den reine lufti i min kropp.

Her sat dei før. Her kvilte bestefar
kvar gong han for til støls med sekk.
Og hine før han, par om par,
folk møttest her. Dei spurde og fekk svar
om fe og smale og om folk som flytte vekk.

No er snart vegen attgrodd, kan eg sjå.
Eg et eit tyteber og går.
Kan hende kjem eg att her neste vår.
Skogen veks til, ingen slær med ljå,
og galden sig og gjev seg år for år.

Og dei som la han opp er longo mold.
Me er som høy, som skrive står,
gras, åreskog, og alt av hold.
Men soli går sin gang. Eg får
eit kjærleg streif av henne på mitt hår.
 

 

 

 

I høve tildelinga av Nordisk råds litteraturpris til Jon Fosse, re-publiserer eg denne teksten som eg fyrst hadde på trykk i Nationen 21. mai 2011, i høve tildelinga av Grotten til den sjølvsame Fosse:

Eg hadde ikkje tenkt at spørsmålet om ny leigetakar i Statens æresbustad for kunstnarar skulle interessere meg eit milligram. Om Liv Ullmann eller Leif Ove Andsnes durar inn i Grotten med fotoalbuma og dynetrekka sine, så gjerne for meg, men det har veldig lite å seie for norsk kulturpolitikk. Tenkte eg. Men då Anniken Huitfeldt opna døra og Jon Fosse duknakka steig inn, laut eg tenkje om att.

”Går nokon til åtak på språket mitt, er det einaste som nyttar enten å pelle seg vekk eller å slå. Kva eg måtte velje å gjere, får storleiken på den som går til åtak avgjere.” Dette sa Jon Fosse i 1991. Tjue år seinare, og berre få dagar etter at Høgre-landsmøtet vedtok at majoriteten av norske elevar ikkje skal lære nynorsk på skulen, takkar Fosse ja til Slottsparken og gjev dermed den danna nynorskangsten ein midt i trynet. Dei danna nynorskengstelege som seier at nynorsk er ok så lenge dei slepp anstrenge seg for eller betale for det, og som seier at det er viktigare at dei slepp anstrenge seg for eller betale for nynorsk, enn at nynorsk finst.

No trur eg ikkje at det har hatt noko som helst å seie for utnemninga av Fosse til æresbuar at han skriv nynorsk, og eg trur ikkje den nye (ferie)adressa hans vil ha direkte fylgjer for bruken av nynorsk i Noreg. Utnemninga er likevel ei viktig påminning både om statusen til nynorsk og den kulturhistoriske samanhengen språket til Fosse går inn i. Nynorsken har alltid hatt sine eigne institusjonar; nynorskforlag, nynorskteater, kulturpolitiske organisasjonar på og for nynorsk. Denne institusjonelle hegninga om nynorsken har vore viktig fordi han har gjeve nynorsk skriftkultur ein sjanse til å bli brukt og til å visast att – synleggjering som nynorskbrukarar kunne skote kvite piler etter om dei i staden freista å få innpass i bokmålsinstitusjonar. På baksida av medaljen står ordet reservat. Nynorsk vert halde i sjakk som eit språk som berre passar for nokre område og domene.

Jon Fosse har trødd sine kloggar på nynorske skular i nynorske bygder. Vegen hans har gått gjennom nynorske motkulturmiljø og danningsinstitusjonar: Skrivekunstakademiet i Bergen, Det norske Samlaget, Det Norske Teatret. Men ein stad på vegen bykste han over gjerdet, frå naustet ved fjorden, via Paris og Berlin og endeleg inn i hjarta av dei klassiske bokmålsinstitusjonane i hovudstaden. Eg vil tippe Jon Fosse er ein av dei som verkeleg ikkje kan fordra å måtte symbolisere noko, men det får ikkje hjelpe: At det no er Jon Fosse som sit i Statens æresbustad og skriv, er ein manifestasjon av at nynorsk ikkje er eit landsdelspråk eller ein dialekt; at det er Jon Fosse som sit i Statens æresbustad og skriv er ein aldri så liten siger for alle dei politiske tiltaka som gjer nynorsk til ein nasjonal storleik.

Med å gje Grotten til Jon Fosse har kulturministeren gjort Statens æresbustad for kunstnarar kulturpolitisk relevant. Valet av Fosse minner oss om at nynorsk er eit språk som vedkjem og er eit ansvar for heile nasjonen, og det at bokmålselevar får opplæring i nynorsk er ein konsekvens av det. Vedtaket som Høgre har gjort om å ta bort nynorskopplæringa for bokmålselevar, er eit vedtak for eit språkdelt land. I eit språkdelt land, med nynorsk redusert til eit vestlandsk regionspråk, hadde ikkje Jon Fosse hatt noko å gjere i Grotta i Slottsparken.

 

På torsdag er det bokkafe på biblioteket til Høgskulen i Sogn og Fjordane, på kampus i Sogndal. Temaet er norsk språkpolitikk: Ny språklov i 2016 – kvar står frontane og kva står på spel?

Torsdagskvelden har Ottar Grepstad tromma saman til ein samtale om språk i verda og Noreg på Aasen-tunet i Hovdebygda. Arrangementet er kalla Alt vi no veit, og utgangspunktet er Grepstads utgjeving Språkfakta 2015.

Ta turen om du er interessert i kva Ottar Grepstad, ein mangslungen bankdirektør og eg veit per no.

redigert 19.10.15: Nynorsk pressekontor si sak om saka, publisert av LNK.

Om to veker har Senter for nynorsk i opplæringa sin årvisse konferanse om lese- og skrivedidaktikk i eit nynorskperspektiv. I år skal eg snakke om nynorsk språkstimulering i barnehagen. Konferanseprogrammet seier:

«Bø og Bæ, Jakob og Neikob, Unni og Gunni og andre nynorske biletbøker set sterkt preg den første praksisperioden til barnehagelærarstudentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Oppdraget til studentane er å lese frå, samtale om og leike med nye nynorskbøker i praksisbarnehagane sine. Eli Bjørhusdal vil ta utgangspunkt i dette prosjektet om nynorsk i praksis for å diskutere kvifor og korleis ein kan drive nynorsk språkstimulering i barnehagen.»

Bergen i veke 43, altså.

Green Day si legendariske American Idiot vart gjeven ut 21. september 2004. Nokre månader seinare kjøpte eg henne på Andys Records Aber i Northgate street i Aberystwyth, fordi han Erik Grov ynskte seg henne til jul.

Her finst mellom anna Wake me up when September ends.

Summer has come and passed
The innocent can never last
Wake me up when September ends

Like my fathers come to pass
Seven years has gone so fast
Wake me up when September ends

Here comes the rain again
Falling from the stars
Drenched in my pain again
Becoming who we are

As my memory rests
But never forgets what I lost
Wake me up when September ends

Summer has come and passed
The innocent can never last
Wake me up when September ends

Ring out the bells again
Like we did when spring began
Wake me up when September ends

Here comes the rain again
Falling from the stars
Drenched in my pain again
Becoming who we are

As my memory rests
But never forgets what I lost
Wake me up when September ends

Summer has come and passed
The innocent can never last
Wake me up when September ends

Like my father’s come to pass
Twenty years has gone so fast
Wake me up when September ends

Val

Om valet i Sogn og Fjordane er det dette å seie: distriktspolitikken, distriktspolitikken, distriktspolitikken.

August

frå Stein Mehrens Evighet vårt flyktigste stoff (1994):

 

 

 

Eg vågar meg på å tilrå boka Nye røyster i nynorskforskinga, med tilskot frå dei for meg heldigvis ikkje heilt nye røystene Gudrun Kløve Juuhl, Hege Myklebust, Ingvil Brügger Budal og andre gode folk! Og meg, då.

Heile juli tørr. Vindstille.
Eine einen
står som ei søyle med ein spiss
åleine på berghammaren sin
ytst ved stupet.
To svarte maur under gamle lauv berre står
deira søvn eit bål: denne grønfargestunda

skriv Kjartan Hatløy i Mi meinings hus (2014).

Landskapet hans der ytst i Sognefjorden er så annleis enn vårt her inst. Likevel det same. Det får han fram.

« Older entries § Newer entries »