Forskarliv

You are currently browsing the archive for the Forskarliv category.

Den gråkvite jonsoknatta får alle ljose ting til å skine, frå fenner i fjella til blomar i vegkanten. No lyser jonsokblom, storkenebb, myrfiol, smørblom, hundekjeks, tiriltunge, budeie, syreblom, liljekonvall, sveve, raudkløver, gullviva, mandelblom, kattfot och blå viol. Her er heldigvis mykje å ha under puta for den som jonsoknatta skal drøyme om mannen eller kvinna i sitt liv.

Men draumar varer ikkje evig, og det gjer heller ikkje kvardagen i vegkanten. Globale klimaendringar får òg fylgjer for livet i grøfta. Større trafikk spreier frø og sporar. Landbruket skal effektiviserast, og gamal eng med ulike gras-slag og blomar vert erstatta med høgproduktive sortar. Dessutan har det pyntesjuke vegvesenet i årevis strødd frø av all slags glamorøse og hardføre plantar i alle vegskjeringar for å friske opp trafikantkvardagen. Resultatet har vorte at lilla og rosa lupinar koloniserer større og større deler av norsk territorium. Lupinen har ei rad spreiingseigenskapar som elles minner mykje om barne-tv-bokmål: Han er høgvaksen, har ei rik frøsetting som treng kort modningstid, har ingen problem med å etablere seg i skrinn jord – og har røter med eigne organ som gjer han i stand til å produsere nitrogen sjølv. Då vert det lite med plass, ljos og næring att til lokale og veikare artar.

Ja, sjølvsagt kan dette kallast “utviklinga”. Men ingen av dykk som les dette, trur at “utvikling” er noko som prinsipielt ikkje kan endrast. Det handlar om å erkjenne problemet, setje ord på det, og sjå det som viktig nok.

For om lag eit tiår sidan vart då òg småblomane etter vegen viktige. Vegkantane vart erklærte som biotopar. Vegvesenet måtte slutte å så livsfarlege rosa blomar, gjekk til åtak på spreiinga og la til rette for gamal slåtteeng i skråningane. Lupinar og ei rad andre innførte og spreiingsdyktige plantar vart svartelista av norske styresmakter, og me ser stadig nye forskingsprosjekt om korleis verne og styrke grøftekantane våre. Og det er ikkje fordi desse kantane etter vegen er avgjerande for livsgrunnlaget til oss menneske.

Ivar Aasen skreiv eit dikt som han kalla «Navne på mund», altså om ulike ord for «munn». Her gjev eg det att utan ujamn høgremarg: «Snadd og snåld og snut og snyta. Tut og trut og strut og stryta. Nebb og tryne, rott og rane, kjeft og klove, gron og grane, munn og mule, mutt og putt, sleik og slabb og søt og sutt.»

Aasen kunne heilt klart fleire namn for munnen eg det eg kan. Bestemor mi kan òg fleire ord for munn eg kva eg kan. Jamført med blomsterenga som kjem ut av kjeften hennar, får eg berre til seige lupinar.

Gransking etter gransking viser at lokale, stadbunde ord og uttrykk vert borte, fortrengde av sterkare artar. Ikkje fordi dei nye versjonane er nyttigare eller vakrare, men fordi dei er sterkare, har meir makt. Jamvel om tradisjonelle dialektord skulle gjere språket vårt både meir variert og meir presist, har dei ikkje ein sjanse, trass i vår tids blømande retorikk om kulturmangfald. Det føregår ei storstila endring av tradisjonelle dialektar i Noreg i dag. På akademisk heiter det nivellering, på folkeleg heiter det forflating. Poenget er i alle høve at alt vert meir likt – det vert likt språket på sentralaustlandet.

Grip så språkvesenet inn mot spreiing av dei hardføre variantane som tek knekken på alt anna språkstoff? Engasjerer styresmaktene seg i tilrettelegging for stadbunde språk? Får me stadig nye forskingsprosjekt om korleis verne og styrke dei utsette orda våre? Kjem barne-tv-bokmål på svartelista? Nei, er du galen, gut. Dette er slett ikkje vurdert som viktig.

At me sprøytar politiske og vitskaplege ressursar inn i dei lokale biotopane for at blomane der skal få leve, er klart som ei juninatt. Diverre kan me berre drøyme om at det same vert gjort for orda i dei lokale kulturane.

Og denne stod på trykk i Nationen jonsokekvelden.

I dag fekk eg ein epost frå Bøndenes Hus i Oslo (som mellom anna driv Hotell Bondeheimen). Dei spør meg om fødsels- og dødsår til Marie Kviberg. Bondeheimen har nemleg laga tre nye møterom i toppetasjen på hotellet, og desse skal kallast opp etter kvinner i norskdomsrørsla, mellom anna Marie Kviberg. Kult!

Men så finn dei altså ikkje ut nøyaktig når ho levde. Og det burde eg kunne hjelpe til med, eg som i 2000 skreiv hovudoppgåva Målkvinner før 1900 (utgjeven av Høgskulen i Volda 2001), med mellom anna eit lite kapittel om kvinnene kring forretningsdrifta til BUL Oslo. Eit år seinare skreiv eg ein artikkel i BUL-stikka om dette, og her er eit utdrag frå den:

«Margit Bruun var den fremste kvinna i Bondeungdomslaget si fyrste tid, og ho har sjølv fortalt korleis ho vart med i laget. Hausten 1899 vart ho kalla inn til drøfting om eit nytt ungdomslag i Kristiania, og der møtte ho Marie Kviberg og Gunvor Dobloug som ho hadde arbeidd saman på Den norske marknaden året før. «Me tri kom til å halda i hop i mange år frametter», skriv Margit Bruun. Ho fortel at dei tre ungjentene alt fyrste kvelden var aktive i ordskiftet, og at dei «…ikkje visste ordet av det fyrr me kom inn i styret alle tri». Dette var då styret i den førebuande arbeidsnemnda for den nye organisasjonen, og her sat dei tre jentene i lag med to gutar. På det fyrste ordinære årsmøtet i 1900 vart Margit Bruun vald til varaformann under formannen Klaus Sletten som ho seinare gifte seg med, medan av dei tre andre i styret var to jenter, Kviberg og Dobloug. Av tre varafolk var det òg to jenter; Sigrun Høyem og Gudrun Bentsen, og Gudrun Bentsen var då òg ei av dei som sat i arbeidsnemnda for målmarknaden to år tidlegare.

«Det er nok likt til at kvendi vert haldne gjævast i laget», skreiv Den 17de Mai etter årsmøtet, då jentene sat på fem av åtte styreplassar. Skikken med å ha mange jenter i styra i Bondeungdomslaget i Oslo heldt seg då òg frametter tiåra. Forklåringa på den høge kvinnerepresentasjonen kan liggje i Kaffistova – det er ikkje utenkjeleg at planane om slik forretningsdrift gjorde det føremålstenleg å ha kvinner i leiande posisjonar. Det er då òg serleg i forretningsstyra til Bondeungdomslaget at kvinnene seinare har site sentralt. Det skal ha vore Marie Kviberg som tok initiativet til kafédrift i laget, og ho sat då naturleg nok i det fyrste forretningsstyret for Kaffistova som vart opna i 1901.»

Om lag dette veit me altså om Marie Kviberg frå før:

Ho har fått ord på seg for å vera initiativtakar til den fyrste Kaffistova til BUL Oslo (1901). Ho sat i det fyrste kaffistovestyret i lag med to menn. Ho sat òg i nemnda som førebudde skipinga av Bondeungdomslaget og i det fyrste styret i laget (1899-1901), men gjekk ut av styret våren 1901.

Utan å ha dobbeltsjekka alt Ottar Grepstad kan ha skrive om saka/kvinna (sorry Ottar!), trur eg at det er om lag det viktigaste ein i utgangspunktet kan seie. Ikkje eit einaste årstal, altså, og ikkje akkurat noko utfyllande biografi.

Kva gjer ein så? Eg veit ikkje kva andre ville ha gjort. Sjølv set eg husbonden på saka, no konvertert frå kyrkjehistorikar til kvinnehistorikar.

Dette veit me om Marie Kviberg etter å ha sett husbonden på saka:

«Maria Kviberg» dukkar raskt opp i folketeljinga 1900, i Trondhjemsmsvejen 49 i Kristiania der ho budde i lag med foreldra sine og tre yngre sysken.

Kviberg er ein gard i Fredrikstad, Borge sokn, og folketeljinga fortel at ho var fødd i 1874. Såleis kan ein gå vidare og lese i Ministerialbok for Borge 1861-1874, s. 142. Der finn husbonden ut:

Fødd 19. februar 1874, døypt 22. mars 1874 i Borge kyrkje
Namn: Marie Lovise
Foreldre: Hans Ludvig Larsen og Karen Olava(?) Pedersd. Heia ”1849-48-72” (truleg fødselsår på far og mor + år for giftarmål).
Fadrar: Marthe Olsd. Qviberg, Anne Sophie (?) Pedersd. B**, Svend Larsen ibid, Lars Gjermundsen Heia, Johan Larsen Qviberg (truleg mykje besteforeldre her).

Marie Kviberg var altså dotter av gardbrukar Hans Ludvig Larsen Kviberg (1849–1917) og Karen Pedersdatter Heia (1848–1929). Foreldra er i farten ikkje attfunne under giftarmål i Borge kyrkje 1870-73, men dei gifte seg truleg 1872.

Marie Kviberg var syster til den kjende skulepolitikaren for Arbeidarpartiet i Oslo, Per Kviberg (og fødd i Borge, 24.6.1881). Om denne broren seier Norsk Biografisk Leksikon (NBL): ”Som fireåring flyttet Per Kviberg med foreldrene til Kristiania. Faren var uten arbeid, og det ble en vanskelig tid. Da Kviberg mange år senere ble spurt om hva som hadde betydd mest for hans utvikling, svarte han: “At jeg i min barndom har gjennemlevet den sociale nød.” Det må likevel ha vært en ressurssterk familie. To av hans eldre søstre ble lærere, og selv ble han uteksaminert fra Holmestrand seminar 1902.” Her kan det leggjast til at Per Kviberg òg var målmann, og han var gift med Elisabeth Grude, syster til Karen Grude som var gift med Halvdan Koht.

Dei to eldre systrene som vart lærarar, var altså Marie og då truleg Anna Hansen. Fru Anna Hansen (fødd Kviberg) vart tilsett som fyrste kaffistovestyrar. I folketeljinga 1900 har det ikkje lukkast å identifisere henne, men folketeljinga 1910 seier: Anna Hansen, f. 5.10.1870 i Borge. Enkje. Yrke: Pensionat, bur i Grænsen 12. Ho er ikkje attfunnen i ministerialboka for Borge som døypt mellom 5.10.70 og mars 1871, heller ikkje 5.10.72-mai 1873, og heller ikkje i månadene etter 5.10.1873.

 

Marie og Anna Kviberg

 

 

 

 

 

 

 

(Bilete: BUL 1929)

Foreldra flytte altså med ungane til Kristiania i 1885/86. Marie var då 11 år. Ho er ikkje å finna i folketeljinga 1910. Anten er ho då (a) gift eller (b) død eller (c) skrivefeil.

For ein lagnad! Når ei kvinne ved eit knips forsvinn frå kjeldene, er ho anten daud eller gift eller ein ortografisk feil!

Men husbonden er på sporet. Han søkjer på Marie 1874 på heile folketeljinga, og yes, der dukkar ho opp med feilstava etternamn (Kviiberg) i Skogn. Så kva seier folketeljinga for Skogn 1910?

Marie Kviberg budde på garden Fagertun i Skogn og var ”Lærerinde på abnaarmskolen”. Abnormskulen må ha vore Røstad skole på Levanger, kjøpt av staten 1899, opna som den tredje statlege åndssvakeskulen i 1903. Hovudbygningen (ferdig 1903) er i dag hovudbygningen for Høgskolen i Nord-Trøndelag si avdeling på Levanger. Lærarskulen leigde rom der frå 1989. Spesialskulen vart nedlagd 1992.

Dermed koplar husbonden til folketeljinga for Oslo i 1900, der Kviberg var oppførd som lærarinne, Thorshaug. Då var det berre å søkje, og såleis kom han til Emma Hjorth. Dette skriv NBL om henne: ”Sammen med flere av sine søsken arbeidet Emma som lærer for åndssvake barn ved broren Johan Anton Lippestads skole, Thorshaug Institut for aandelig abnorme Piger, på Torshov ved Kristiania fra 1879 til 1903. Dette miljøet stod sentralt i nordiske fagkretser. Den sterke posisjonen skyldtes særlig Johan Anton, som 1903 ble direktør for Abnormskolevesenet, dvs. statens skoler for døve, blinde og åndssvake. En annen bror, Carl Thorvald, bestyrte særklassene og opprettet en egen særskole i Kristiania.”

Abnormskulen vart altså flytt frå Oslo til Levanger (tidleg døme på vellukka utflytting av statlege arbeidsplassar) i 1903, og Marie Kviberg fylgde tydelegvis med på lasset (ho var tydelegvis ikkje LO-organisert, seier eg anakronistisk ja). Ho budde delvis saman med far sin i Levanger, så han var òg tydelegvis lassnisse.

Men så? Så teier kjeldene.

Marie Kviberg dukkar rett nok opp i 1916 i ei rettssak om ei husbyggingsak i Kristiania. Ho kan altså ha flytt attende til hovudstaden. Men frå no er folketeljingane ikkje offentlege, så me veit ikkje. Ho er oppført som frøken også no, i ein alder av 42 år. Ein plausibel hypotese er såleis at ho vart heitande Marie Kviberg resten av livet.

Det vil seie: Ho kalla seg sjølv Maria Kviberg i folketeljinga 1900. Dette var truleg ein freistnad på oppnorsking av Marie, ho var jo målkvinne (jf Asta Hansteen som bytte namn til Åsta av same grunn). Om møterommet på Bondeheimen skal heite Marie Kviberg eller Maria Kviberg, får nokon altså spekulere på medan dei ventar på at husbonden skal finne dødsåret hennar.

For mysteriet Marie Kviberg er ikkje løyst. Det vil seie, eg kan jo alltids ringje til min kjenning Marte Kviberg i Sogndal. Ho skal vere ein etterkomar etter Marie. Berre synd at Marte Kviberg er eit like stort mysterium som Marie Kviberg, ettersom ho ikkje finst oppførd med telefonnummer ein einaste plass i heile internettet.

Og etter denne salva med feministisk historieskriving kan eg altså ikkje ringje til mannen din for å få tak i deg, Marte!

Eit av dei viktigaste prinsippa bak folkestyret vårt er eit politisk nøytralt og uavhengig embetsverk. Bloggen som fylkesmannen i Sogn og Fjordane har oppretta, trur og tykkjer i veg om kommunesamanslåing, sjukehusnedlegging og kommunale asylmottak og balanserer såleis på ei tunn line.

No har Fylkesmannen blogga att, denne gong i hamen åt utdanningsdirektør Åslaug Krogsæter. Krogsæter har fått i oppdrag å kartleggje årsakene til skulenedlegging dei siste åra, og finn det for godt å skrive litt om temaet skulenedlegging og små og store skular.

Krogsæter held fram at her finst ingen fasitar, og at det er viktig å vere grundig og respektfull i diskusjonen, men trur likevel at små skular ikkje greier å stette faglege krav, trur ikkje dei har gode nok pedagogar og stiller dette fullt ut respektfulle spørsmålet : ”Er det til dømes eit greitt utgangspunkt å vere den einaste guten av fem elevar på trinnet sitt?” Til sist understrekar ho at det viktigaste er å tenkje på ungane, og i neste setning: ”Nostalgiske tankar om kvite små skulehus for 40 år sidan gagnar ikkje framtida.”

Åslaug Krogsæter er altså Utdanningsdirektør åt Fylkesmannen. Eg anar ikkje kva for krav som vert stilte til fylkesmannsstaben når dei skal skrive slike bloggpostar, men eg veit kva krav eg stiller til lærarstudentane mine når dei skal skrive argumenterande tekstar: Ikkje tru. Underbygg standpunkta dine. Veg for og imot. Vis til generalisert kunnskap, til skuleforsking. Det verste du kan gjere er å synse i veg på grunnlag av pedagogiske mytar.

Utdanningsdirektøren til Fylkesmannen har nok ikkje gått på skule hos meg. Utdanningsdirektøren til Fylkesmannen viser ikkje til ei einaste gransking, ikkje eit einaste forskingsresultat, ikkje ein einaste debatt.

Og hadde ho gjort det, hadde ho ikkje kunna skrive som ho gjer. For det er ingenting i skuleforskinga som tyder på at Utdanningsdirektøren i Sogn og Fjordane har rett. Det er altså ingenting som tyder på at Utdanningsdirektøren i Sogn og Fjordane har oversyn over skuleforskinga på dette feltet. ”Eit anna moment som etter mi vurdering ikkje får nok merksemd, er elevane sitt læringsmiljø”, skriv Krogsæter. Hæ? Kva er dette? Veit ikkje Krogsæter at den pedagogiske litteraturen fløymer over av forsking på læringsmiljø?

Eg er dritlei av å gjenta meg sjølv, men altså: Skuleforskinga har i mange år no sagt at storleik på skular ikkje er det som betyr noko når det gjeld ’stetting av faglege krav’. Les min tidlegare bloggpost, Dogme om dårlege småskular, inkludert kommentarfeltet. At utdanningsdirektøren vel å sjå bort frå dette, eller ikkje veit det, er oppsiktsvekkjande.

Ein av dei siste forskingsrapportane som kom om temaet, frå Senter for økonomisk forsking ved NTNU, seier det motsette av kva Krogsætar påstår: «Små skular gir betre resultat» – forskarne finn no «ein tendens til at elevar på små skular tvert imot får marginalt betre resultat enn på dei større skulane, etter å ha korrigert for foreldra sitt utdanningsnivå». Igjen: At utdanningsdirektøren vel å sjå bort frå dette, eller ikkje veit det, er oppsiktsvekkjande.

Resultatet er naturlegvis at Fylkesmannen reproduserer mytar.

Ein må kunne krevje at Utdanningsdirektøren held seg for god til å synse uhemma. Ein må kunne krevje av folk i dette embetet at dei iallfall prøver å finne forskingsresultat og generalisert kunnskap som kan underbyggje synspunkta deira. Utdanningsdirektørens manglande vilje til underbygging, den tendensiøse bruken av stråmenn (kven i alle dagar er det eigenleg som argumenterer for desse små, kvite skulehusa?) og konklusjonane som ikkje er avstemde med forskinga, men som fungerer svært, svært politisk – alt dette gjer meg forstemd, og det burde gjere fylkesmannen forstemd, fordi han såleis misser legitimitet.

Eg har vore positiv, men skeptisk til Fylkesmannbloggen. Eg likar debatt. Somme tider er eg samd, som i asylmottaksaka, ofte er eg usamd. Og berre dette har gjeve meg grunn til å stille spørsmål: Skal ein no eigenleg kunne vere herleg samd eller rykande usamd med statens embetsverk? Skal embetsverket ha ei sjølvstendig politisk røyst?

Skepsisen har ikkje veikna etter dette. Er ikkje nettopp det at eg ser meg nøydd til å skrive denne teksten eit prov på at something is rotten i Statens hus?

Newer entries »